– Eg tenkte at eg skulle gløyme han. Han var for ung.
Det seier den drapstiltalte nordmannen når han forklarar seg i retten i Finland om korleis forholdet med den 37 år yngre ishockeyspelaren frå Finland.
Ifølge den finske avisa Helsingin Sanomat, som følger saka i retten, var det Puhakka som først tok kontakt med nordmannen via sosiale medium i 2014.
– Eg innsåg at eg var forelska i han, seier tiltalte i retten.
Mannen frå Trøndelag står tiltalt for grovt overlagt drap mot ekskjærasten sin.
Saka mot den drapstiltalte mannen går for retten i Västra Nyland tingrett i Esbo i Finland frå 13. til 18. mars.
– Utruleg kor fort korthuset begynte å kollapse
66-åringen fortel at han frå starten av 2024 begynte å få økonomiske problem, etter at han og Janne Puhakka hadde kjøpt eit hus saman i Esbo i Finland.
– Eg tok opp lån frå vener og familie. Det er utruleg kor raskt korthuset begynte å kollapse.
Han fortel vidare at stressnivået steig meir og meir utover året.
– Eg hugsar ein morgon då han drog på jobb. Han gret og sa at han ønska seg den gamle meg tilbake, seier tiltalte om kva Puhakka skal ha sagt til han.
Nordmannen fortel at dei økonomiske problema påverka forholdet deira.
– Me var triste og slitne på grunn av situasjonen. Eg følte skuld ovanfor Janne, seier han.
Vidare fortel tiltalte at Puhakka begynte å lukke seg og at han då frykta at finnen var utru mot han.
– Eg om han hadde funnet seg ein annan. Eg spurde han direkte. Eg spurde fleire gonger. Han sa at det dreia seg om økonomien og at eg var stressa.
Publisert 14.03.2025, kl. 09.42 Oppdatert 14.03.2025, kl. 09.59