Tek imot fleire tusen gjeste­arbeidarar – får ingen skatt tilbake

2 hours ago 1



Brakkeriggar poppar opp i Stord kommune i Sunnhordland i stort tempo.

I løpet av oktober vil det vera 3750 sengeplassar fordelte på tre leirar. Til samanlikning har det største hotellet i Noreg, The Hub i Oslo, 810 rom.

Totalt er det no 7000 gjestearbeidarar som jobbar i rotasjon på det største verftet i landet, Aker Solutions på Stord. Talet på fastbuande sysselsette i kommunen er rundt 10.000.

Høgare aktivitet og fleire folk gir store ringverknader og er lønsamt også for lokalt næringsliv.

Samtidig aukar faren for blant anna brannar, ulukker og smittsame sjukdomar.

  • En bygning med grønt tak

    Kommuneoverlege Linda Mari Hammersland: – Helsetenesta merkar eit auka trykk på tenestene for tida. Grunnane til dette er samansette, men auke i talet på personar som til ei kvar tid oppheld seg i kommunen, vil påverka pågangen på helsetenestene. Me har laga ordningar for å sikra at personar som oppheld seg på Stord skal få tilgang på helsehjelp ved akutt sjukdom.

  • En bygning med glassdører

    Brannsjef Jan Ove Anthun: – Me ser at me har ein auke i talet på unødige oppdrag relaterte til innkvartering/brakkeriggar, då desse har automatisk brannvarsling. Me har god dialog og samarbeid med verksemda for å finna gode løysingar. Organiseringa til branntenesta er organisert på bakgrunn av folketal i tettstad, og ein stor auke i dette talet kan utfordra dagens organisering på sikt.

Vil ha 150 millionar kroner ekstra

Berre i skatteinntekter får den norske staten igjen nesten ein milliard kroner frå desse arbeidarane i året, ifølgje ei grov utrekning kommunedirektør Tommy Johansen har gjort.

Han kallar det urettvist og beklageleg at kommunen ikkje sit igjen med noko av dette.

Reknestykket hans viser at kommunen ville fått nesten 300 millionar i direkte skatteoverføring dersom arbeidarane hadde budd fast på Stord.

Eg meiner at me skulle hatt delar av desse pengane, kanskje rundt 150 millionar kroner. Då kunne me ha bemanna opp og sørga for at me hadde ein god nok beredskap i den situasjonen me har.

– Brannmannskapet vårt merkar aukar trykk. Med fleire menneske, har dei no fleire utrykkingar. Me har også ei legevaktteneste som er under ekstra press. For det dukkar jo opp uhell og ulukker undervegs. Politiet er heller ikkje styrka sånn som me ser det, seier Johansen.

en person som går på en vei mellom bygninger

Det bur arbeidarar frå mange land i brakkene. Dei jobbar i rotasjonsordningar, og reiser til og frå Stord.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Ordførar Sigbjørn Framnes (Frp) kjenner på frustrasjon i møte med politikarar og styresmakter sentralt når han tek opp temaet.

– For meg er dette så opplagt at det er nesten vanskeleg å forklara kor skeivt det slår ut. Men eg oppfattar ikkje at dei forstår situasjonen.

– Det seier seg sjølv at det ikkje er lokalbefolkninga på Stord som skal ta belastninga for den enorme verdiskapinga desse arbeidsplassane gir for AS Noreg.

Aker Solutions på Stord seier dei har fleire tiltak og ordningar for å dempa presset på beredskapen i kommunen.

– Me har styrka bedriftshelsetenesta, oppdimensjonert industrivernet og har auka vakt- og servicepersonell rundt verft og brakkeleirar, ifølgje kommunikasjonssjef Odd Naustdal.

En høy vinkel av en bygning under oppføring

Området med brakker på Heiane på Stord, blir større og større.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Slit økonomisk trass i stor verdiskaping

Både kommunedirektør og ordførar på Stord understrekar at gode tider for Aker Solutions gir store fordelar for kommunen.

Blant anna er arbeidsløysa nede i 0,8 prosent, viser dei siste tala frå Nav.

Og ifølgje Aker Solutions gjorde dei i 2024 innkjøp for rundt 3 milliardar kroner i ulike verksemder på Stord.

Likevel er kommunen ein av stadig fleire som går med underskot. Dette har blant anna ført til ein kontroversiell flyktningstopp i 2025.

en gruppe mennesker i røde uniformer som står foran en byggeplass

I 2024 blei produksjonsskipet Johan Castberg ferdigstilt ved Aker Solutions på Stord. I august i år blei Johan Castberg-feltet offisielt opna i Barentshavet. Feltet sender no av garde to tanklastar i veka – kvar med ein verdi på rundt ein halv milliard kroner.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Kjend problemstilling i andre verftskommunar

Også andre kommunar med verftsindustri opplever til tider auka pågang på grunn av innleigd arbeidskraft.

I vår var det på det meste rundt 1500 gjestearbeidarar i rotasjon ved verftet til Aker Solutions i Verdal i Trøndelag.

– Me opplevde større press på fastlegar og legetenester, seier kommunedirektør Geir Olav Jensen.

Han meiner dette er eit problem, som bør løftast og diskuterast på nasjonalt nivå.

– Det går an å kartlegga kor det er størst utfordringar, og utjamna gjennom rammefinansieringa av kommunane som ein utgiftskorrigerande faktor.

en havn med kraner og bygninger

Dronebilete av Aker Solutions på Verdalsøra, som har ei moderne hamn som kan ta imot store, djuptgåande skip.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ber om forsøksordning og pengar frå staten

I eit brev til finansdepartementet ber ordførar Sigbjørn Framnes om at Stord blir forsøkskommune i ei ordning der kommunar med svært høg aktivitetsauke får økonomisk kompensasjon direkte frå staten.

På spørsmål frå NRK svarer departementet: «Brevet er mottatt og ligger nå til behandling i departementet. Det er for tidlig å si noe om videre håndtering».

NRK har også stilt fleire generelle spørsmål knytte til skatteordninga og korleis ho slår ut for kommunar med mykje innleigd arbeidskraft, men har ikkje fått svar.

Publisert 01.09.2025, kl. 10.10

Read Entire Article