Studentar bruker lang tid på studia: – Eg har det ikkje travelt

2 weeks ago 13



– Erfaringane frå det frivillige arbeidet er veldig verdifulle, seier Aksel Kvamme Aase (23).

Han studerer for å bli sivilingeniør ved NTNU. Hadde han fullført studiet på normert tid, ville han ha vore ferdigutdanna før sommaren.

I staden kjem det til å ta halvanna år til før Aksel leverer siste eksamen.

Han er ikkje aleine. Under 54 prosent av alle studentar fullfører utdanninga på normert tid.

Dei siste åra har Aksel både studert eit semester på deltid og hatt permisjon frå studia for å få tid til frivillige verv.

Eg kjenner ikkje på noko hastverk. Eg angrar ikkje på at eg har utsett studia.

– Så lenge det er noko ein har kontroll over sjølv ser eg ikkje noko negativt med å bruke lenger tid.

Perspektivmeldinga peiker på at å få fleire i arbeid er avgjerande for å løyse utfordringane samfunnet står ovanfor i åra som kjem.

Meldinga viser at å få studentar raskare gjennom utdanninga kan gi Noreg viktig arbeidskraft.

Aksel Kvamme Aase på kotoret sitt. Bak han står ei fane med skrifta "Studenttinget".

– Det er nok mange ulike grunner til at folk blir forsinka med studia. Nokon blir hengande bak fagleg, seier Aksel.

Foto: Henning Levold / NRK

Kan spare milliardar

Framskrivingar i Perspektivmeldinga viser at vi i Noreg vil bli fleire eldre og pleietrengande for kvar yrkesaktive fram mot 2060.

Dersom studentar i snitt fullfører utdanninga eit halvt år tidlegare, kan det gi Noreg 15.500 fleire årsverk, ifølge meldinga.

Eit slikt halvår vil også gi ei innsparing på 7,7 milliardar fram mot 2033.

Men mange bruker tid på å bli ferdig med studia.

Berre litt over halvparten av dei som starta på eit bachelor- eller masterprogram var ferdige etter dei tre eller fem åra ein reknar som normalt.

For studentar som studerer integrerte femårige gradar er talet berre 50 prosent.

Aksel Kvamme Aase ser på ein PC-skjerm saman med Didrik Nohre Lønvik. Begge har verv i Studenttinget ved NTNU.

Aksel sitt i studenttinget ved NTNU si arbeidsgruppe. Det er ein fulltidsstilling og gjer at han må ta permisjon frå studia i eit år.

Foto: Henning Levold / NRK

– Vanskeleg å vere student

– Det er for dåleg. Det er tal ein ikkje burde vere fornøgde med.

Det seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Kaja Hovdenak.

Ho peiker likevel på at det kan vere mange gode grunnar til at studentar ikkje blir ferdig til normert tid.

– Nokon tar permisjon frå studia fordi dei blir foreldre, har frivillige verv eller arbeider med noko anna ein periode.

– Det er ikkje slik at det treng å vere utelukkande negativt å bruke lenger tid på studia.

Hovdnak har sjølv permisjon frå studia ved UiB for å fylle leiarvervet i NSO.

– Det er dei som ønsker å fullføre på normert tid, men som ikkje får det til vi må legge meir til rette for.

Ho trur mange blir forsinka fordi dei har deltidsjobbar som krev mykje tid.

– Slik det er no strekk ikkje studiestøtta til. Mange må jobbe mykje for å få det til å gå rundt.

Hovdenak trur ein auke i studiestøtta ville gjort at fleire blei raskare ferdig med studia.

– Dersom studentar slepp å sjonglere deltidsjobb og studium vil nok fleire fullføre på normert tid.

Aksel Kvamme Aase saman med to medstudentar. Dei ser på ei tavle på veggen og snakkar saman.

Vennane og erfaringa han har fått frå det frivillige arbeidet er mykje verd, fortel Aksel.

Foto: Henning Levold / NRK

– Samansette årsaker

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Ivar Prestbakmo (Sp), seier grunnane til at få gjennomfører på normert tid er samansette.

Det kan vere trekk ved studentane, ved institusjonane, ved utdanningssystemet, eller samfunnsforholda.

Han seier det i mange år har vore eit mål å auke gjennomføringa.

Først og fremst er det universiteta og høgskulane som har ansvar for å følge opp at studentane gjennomfører.

Statssekretæren seier regjeringa har lagt til rette for eit finansieringssystem som premierer både institusjonane og studentane for å gjennomføre studia.

Mellom anna med konvertering av studielån til stipend ved gjennomføring.

Publisert 15.09.2024, kl. 16.30

Read Entire Article