Storbritannia gjev ikkje heilt slepp på den siste afrikanske kolonien

3 hours ago 4



Øya Chagos har vore kjent som Det britiske territoriet i Indiahavet. No skal Storbritannia gjeve det tilbake til Mauritius, som øya vart skild frå i 1965.

I dag, 56 år etter vår sjølvstende, er avkoloniseringa vår fullført, uttala statsministeren til Mauritius, Pravind Jugnauth.

Òg den britiske statsministeren Keir Starmer har vore nøgd med avtala.

Men Storbritannia gjev ikkje heilt slipp – dei skal leige den største øya i øygruppa dei neste hundre åra.

Øygruppa har stor strategisk betydning fordi den ligg midt i Indiahavet, seier Øyvind Svendsen, seniorforskar ved NUPI.

Kart over kvar Chagos-øyane, kjent som Det britiske territorium i det indiske hav sidan 1960-talet.

Omstridd og strategisk viktig militærbase

Til trass for at Chagos-øyane ikkje lenger skal vere ein britisk koloni, skal Storbritannia framleis ha ein militærbase der i dei neste 99 åra.

Sidan 1960-talet har Storbritannia leigd øya til USA, som har nytta ho som militærbase. Basen har vore brukt under den kalde krigen og i krigane mot Irak og Afghanistan.

Bilete av den øya Diego Garcia i Chagos-øyane som ligg i Indiahavet.

Bilete av den øya Diego Garcia i Chagos-øyane som ligg i Indiahavet.

Foto: U.S. Navy / AP

For å etablere basen på hovudøya Diego Garcia, vart over 1000 innbyggjarar tvangsflytta kort tid etter at Storbritannia tok kontroll over øya.

Isabelle Charlot med røter frå øya, uttala til BBC at den nye avtala gav von om at familien hennar kunne vende tilbake til øy-røtene til faren.

Andre frå øya har vore misnøgde med at dei ikkje har fått vere involvert i forhandlingane.

– Vi er framleis utan makt eller stemme når framtida vår blir bestemt, sa Frankie Bontemps til same kanal.

Fleire fly står på bakken, eit fly i lufta i øya som ligg i det indiske hav.

Fleire fly står på bakken, eit fly i lufta i øya som ligg i det indiske hav.

Foto: AFP

Øyvind Svendsen er sikker på at amerikanarane har vore med i avgjerda i frigjevinga av øyane, og legg til at dei truleg har fått forsikringar om at den militære verksemda kan halde fram.

Amerikanarane kan seiast å vere nøgde, den amerikanske presidenten Joe Biden kalla avtala for «historisk».

Har framleis over 10 territorium

Sjølv om Storbritannia no har gjeve frå seg Chagos, er dei framleis ikkje heilt fri for territorium andre plassar i verda.

Under kan du sjå dei attverande territoria:

Storbritannia har vore under press frå omverda til å gje frå seg øygruppa.

Under ei tidlegare avrøysting i FN, stemte 116 av 93 medlemsland for at øygruppa skulle bli gjeve tilbake.

Menneske som som er på veg inn til eit bygg, ein politimann skal til å opne døra.

Menneske frå Chagos leidd av Olivier Bancoult, på telefon i midten, utanfor statsministerkontoret i Port Louis, Mauritius, 3. oktober 2024, etter nyhenda om at Storbritannia hadde gått med på å overføre suvereniteten over Chagosøyene til Mauritius.

Foto: Sokrah Kiranchand / AP

Den internasjonale domstolen (ICJ) har sagt at Storbritannia sitt styre bryt med retten til sjølvråderett og Mauritius' territoriale integritet.

Også dei har meint at Storbritannia burde gje ho frå seg.

At dei vel å gjere dette no, trur forskaren har å gjere med at dei etter Brexit forsøker å byggje nye og sterke partnarskap rundt omkring i verda.

Det handlar om eit oppgjer med den kolonialistiske fortida, seier Svendsen.

Han trur ikkje tilbakeføringa er starten på ein ny trend, der britane skal gje frå seg fleire oversjøiske territorium.

– Det vil nok vere uaktuelt at Storbritannia gjev frå seg til dømes Gibraltar eller Falklandsøyane i uoverskodeleg framtid, meiner Svendsen.

Mann med blå auge og skjegg. Har på seg ein kvit skjorte.

Øyvind Svendsen, seniorforskar ved NUPI.

Foto: NUPI

Kritikk frå fleire britar

Avgjerda om frigjeringa har ikkje vore populær hjå britane. Fleire politikarar har uttala seg negativt om det.

Mellom anna kalla James Cleverly, som ønskjer å bli leiar for Det konservative partiet, avtala for «svak, svak, svak».

Robert Jenrick, som òg ønskjer å bli leiar for Toryane, kalla den for ein «overgjeving».

Ifølgje Svendsen kan det handle om at den britiske storleiken og arven frå det britiske imperiet står sterkt hjå mange britar, særleg i identiteten til mange engelskmenn.

Difor trur han at nokon britar ser på det som vanskeleg og som eit teikn på svakheit å gje frå seg eit viktig territorium.

Framleis har landet 14 oversjøiske territorium.

NRK har bedd den britiske ambassaden om ein kommentar, men førespurnaden har ikkje vore svara på endå.

Publisert 05.10.2024, kl. 09.28

Read Entire Article