Sp foreslår 25.000 kroner i «bygderabatt»: – Eit desperat utspel

6 days ago 9



Senterpartiet foreslår eit skattefrådrag på 25.000 kroner i dei 209 mest grisgrendte kommunane i Noreg.

Dette vil gjere det enda meir attraktivt å busette seg i norske distrikt, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

Eit frådrag på 25.000 kroner vil i praksis gi ein skattelette på om lag 5500 kroner for dei som bur i Bygde-Noreg.

  • SSB, Telemarksforskning

    Dette kartet viser SSB sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

  • SSB, Telemarksforskning

    Dette kartet viser Telemarksforskning sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

Dårleg respons på meiningsmålingane

Det nye skattetiltaket vil koste 2,3 milliardar kroner, og kjem på toppen av ei rekke andre distriktstiltak i regi av Senterpartiet.

Gjennom tre og eit halvt år i regjering gav partiet fleire handsrekningar til distrikta i form av:

Sp-leiaren erkjenner at «kjærleiksbombinga» ikkje har gitt utteljing på meiningsmålingane, men at målet på suksess er at tiltaka verkar.

Han viser til folketalet i Bygde-Noreg auka med 22.601 innbyggarar medan Senterpartiet var i regjering.

Ein aktiv distriktspolitikk og ein klok busettingspolitikk har gitt folkevekst i mange norske distriktskommunar, seier han.

Her vil nokon innvende at folkeveksten først og fremst kjem av ukrainske flyktningar?

Kven er det som trekker frå innvandrarbefolkninga når dei skal seie kor mange innbyggarar som bur i Oslo? Den logikken gir inga meining.

NB! Distrikt og sentralisering er tema på partileiardebatten i kveld klokka 20:00 på NRK1.

Kunne du tenkt deg å flytte til distriktet – i det minste til næraste småby? 🏡🏢

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Valkampen sitt mest desperate utspel

Der svenskane har sponsa folk for å flytte frå bygda, er norske politikarar samde om å snu gravitasjonen andre vegen.

Men korleis er politisk betent.

  • Geitekilling foran traktor.

    Fire av ti norske kommunar krympar. Ekspertar rår Bygde-Noreg til å «krympe smart» og førebu ei mjukast mogleg landing, men nokon insisterer på å drøyme.

  • Sauer på beite i fjellet.

    Studiar viser at 80 prosent av distriktskommunane jobbar systematisk med å tiltrekkje seg nye innbyggjarar, og at salsargumenta helst krinsar rundt naturskjønne omgivnader og gode oppvekstforhold.

  • Solund

    Victor Norman og Demografiutvalget skriv at det er «eit stort behov for nytenking om plassen til distrikta i det norske samfunnet og om distriktspolitikken».

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, karakteriser forslaget som valkampen sitt «mest desperate utspel», og ironiserer over timinga for utspelet:

Etter å ha styrt landet i nesten fire år utan å ha senka skattane, lovar dei – sju dagar før eit nytt val – enorme skattelettar til både fattige og rike.

Det er ingen grunn til å tru at dette verkar. Eit slikt flatt skattefrådrag er allereie prøvd i Finnmark og Nord-Troms, utan synleg effekt.

Senterparti-ordførar Andreas Wollnick Wiese i Luster er blant dei som jublar over forslaget. Sjå fleire reaksjonar under.

  • Andreas Wollnick Wiese

    Andreas Wollnick Wiese (Sp), ordførar i Luster

    Senterpartiet meiner alvor med å gjere bulysten i distrikta større, så sjølv om det ikkje endå gjer utslag på meiningsmålingane, så er dette eit ledd i ein langsiktig og truverdig politikk. Det heilt sentrale her er ikkje omfordeling av midlar frå sentrale strøk til bygda, men at ein ved å leggje til rette for at fleire vurderer eit meir landleg liv også gjev betre kvalitet til byane.

  • Dag Inge Ulstein holder en telefon

    Heiko Junge / NTB

    Dag-Inge Ulstein, KrF-leiar

    Dette er eit interessant forslag frå Senterpartiet, som KrF i utgangspunktet er positiv til. Samtidig er arbeidsplassar den viktigaste nøkkelen for busettinga. Da nyttar det ikkje med Senterpartiet og Arbeidarpartiets ekstreme skattepolitikk – som jagar bedriftseigarar, skaparkraft og optimisme ut av landet.

  • Alfred Bjørlo snakkar inn i ein mikrofon

    Ukjent

    Alfred Bjørlo, Venstre

    Det er ingen grunn til å tru at Sp sitt forslag «verkar» – eit slikt flatt skattefrådrag er allereie prøvd i Finnmark og Nord-Troms utan synleg effekt. Den einaste grunnen til at folketalet har auka i ein del distrikt-kommunar dei siste åra, er ukrainske flyktningar – noko Senterpartiet vil ha mindre av.

  • Even Høydahl,

    Even Høydahl, seniorrådgjevar i SSB

    Ukrainarane har utvilsamt «redda» mange distriktskommunar frå negative flyttetal i 2022 og 2023, men nå som betydninga til ukrainarane for flyttemønsteret er stadig minkande, viser tal for første halvår i 2025 at distriktskommunane samla klarer seg rimeleg bra likevel pga. auka innvandring av andre grupper og mindre innanlands nettoflytting ut av distrikta så langt i 2025

  • Statsbudsjettet 2023

    Hanna Johre / NTB

    Tina Bru, Høgre

    Vedum plukkar seg ut nokon som fortener å behalde meir av eiga lønn. Høgre synest folk fortener skattelette uavhengig av kor ein bør. Derfor er Høgre det partiet som lovar mest i skattelette. Valet står mellom ei Høgre-leidd regjering som kuttar kraftig i skattane eller høgare skattar med Vedums alternativ med Raudt, MDG, SV og Arbeidarpartiet.

  • Trygve Slagsvold Vedum heime på Ilseng med hunden Molly

    Arne Sørenes

    Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar

    Ein aktiv distriktspolitikk og ein klok busettingspolitikk har gitt folkevekst i mange norske distriktskommunar. Vi ønsker ikkje store sentraliserte tenester, men eit tenestetilbod nært folk der ein blir sett. Ingen drøymer om å bu på Noregs største sjukeheimar.

  • Hans Andreas Limi med briller

    Hans Andreas Limi, nestleiar i Framstegspartiet

    Med Støre og Vedum opplever norske kommunar den dårlegaste økonomien på 40 år, så meir raudgrøn politikk vil berre forverre og ikkje forbetre situasjonen. Framstegspartiet foreslår meir pengar til eldreomsorg, skole og kommunale vegar i heile landet og ikkje til enkeltkommunar.

Alle i Noreg treng dette

I tillegg til den nye skatterabatten foreslår Senterpartiet å auke det såkalla Finnmarksfrådraget for Nord-Troms og Finnmark frå 30.000 til 50.000 kroner.

For kvar enkelt betyr det om lag 9250 kroner i lågare skatt.

Feil resept, meiner nestleiar i Framstegspartiet, Hans Andreas Limi.

Alle i Noreg treng desse lettane, ikkje berre folk på enkelte stader, seier han.

Dei har dessutan brukt pengar på ting som ikkje fungerer – som den store satsinga på lensmannskontor. Den var ein flopp. Vi må bruke ressursar der dei trengst, og ikkje på symbolpolitikk.

  • Når fjorden speiler solen, gir det ekstra lys til fruktplantene langs Sognefjorden.

    Ved årtusenskiftet var det 59 norske kommunar med færre enn 20 fødslar i året. I 2020 var det same talet 109.

  • Fruktgård Ølmheim

    I dei minst sentrale kommunane har innvandrardelen vakse til 10 prosent sidan 2000-talet.

  •  Refviksanden ligg mellom bygda Refvik og storhavet.

    Statistisk sentralbyrå deler norske kommunar opp i seks kategoriar etter kor sentrale dei er. 209 av kommunane er definert som lite sentrale. På bilete: Refviksanden i Kinn kommune.

Publisert 02.09.2025, kl. 19.49

Read Entire Article