Snuoperasjon ved historisk helleristingsfelt: – For ein jubeldag!

3 weeks ago 12



Etter massivt press gjer kommunestyret i Bremanger retrett og seier nei til ei planlagd utskipingshamn for pukkstein i landskapsvernområdet rundt Vingen-feltet.

Den eldste bergkunsten er 6000 år gammal.

I staden skal kommunen lage ein ny reguleringsplan, der utskiping i Frøysjøen ikkje inngår. Det melder Firdaposten.

Snuoperasjonen er den siste omdreiinga i ei sak som har fått internasjonal merksemd.

– Eit av dei viktigaste stadene for bergkunst i Nord-Europa

Tidlegare i år skrev Den internasjonale organisasjonen for vern av kulturminne, Icomos, eit brev til regjeringa der dei «på sterkast mogleg vis» («in the strongest possible terms») protesterte mot at norske myndigheiter sette «uvurderleg verdsarv» i spel.

Brevet var adressert til kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp), som gav grønt lys til prosjektet, trass protestar frå Riksantikvaren, Miljødepartementet og Statsforvaltaren.

«Kjære Sande. Dette er ikkje val mellom eit uvurderleg kulturminne og eit steinbrot. Du kan få begge delar, men ikkje på same stad», skreiv Icomos-president Benjamin Smith.

Utbyggingsplanane har også blitt omtalt i den britiske storavisa The Guardian.

– Eit av dei største og viktigaste stadene for bergkunst i Nord-Europa er trua, skrev avisa.

Amatørarkeolog Kristian Bing (1862–1935) «oppdaga» helleristingane og gjorde dei kjende i 1912.

Amatørarkeolog Kristian Bing (1862–1935) «oppdaga» helleristingane i 1912.

Foto: UiB

Det nye kommunevedtaket gjeld ikkje steinbrotet, men den planlagde utskipingshamna ved Frøysjøen.

Steinbrotet er på toppen av fjellet Aksla. Her skal eit nederlandsk selskap ta ut pukk og «steinfraksjonar».

Til gjengjeld får kommunen arbeidsplassar og «ringverknader» på kjøpet.

Utskipingskaia er den delen av prosjektet som ligg nærast Vingen Helleristingsfelt.

For ein jubeldag!

I tillegg til kulturminna har det vore strid om kor øydeleggande utskipingshamna vil vere for kystregnskogen i området.

Under ein spørjetime på Stortinget erkjente statsråden at han burde vore meir presis da han skauv to andre kystregnskogar framfor seg.

Kritikken kom frå Venstre som skulda statsråden for å dikte opp «eventyrskogar».

I dag pustar partiet letta ut.

For ein jubeldag! Dette er nesten for godt til å vere sant! seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Planane om å rasere ein kystregnskog og gjere ubotelege inngrep i landskapsvernområdet rundt Vingen-feltet, er noko av det mest spinnville naturinngrepet som har vore planlagt i Noreg.

Dette set avgjerda til kommunalministeren i eit endå merkelegare lys enn før.

NRK har kontakta departementet, men har så langt ikkje fått svar.

Miljødirektoratet sin handlingsplan for oppfølging av Naturavtalen skal kome i oktober.

Planen kjem etter at den nye naturavtalen til FN blei underteikna av Noreg i Montreal i 2022.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, seier «gratulerer til alle som har kjempa mot dette idiotiske natur- og kulturminneøydeleggande steinbrotet».

– Og heia kommunalt lokalt sjølvstyre som har mot til å snu.

Frode Pleym

ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Frode Pleym, Greenpeace

Det hjelper lite at steinbrotet og kaianlegget er nedjustert. Helleristningar, kystregnskog, trua artar, urørt natur og attpåtil planar om ein ny nasjonalpark strir mot store industriinngrep. Politikarane må stille seg sjølve spørsmålet: Skal vi fortsette å øydelegge naturen, eller endre kurs? Bremanger har eit unikt høve til å vise at dei prioriterer unik natur og kulturminne over stein og slam.

Bjørlo

NRK

Alfred Bjørlo, Venstre

Her syner lokalpolitikarane i Bremanger meir ansvar for naturen og kulturhistoria enn Ap/Sp-regjeringa. Det håpar eg blir ein vekkar for dagens naturfiendtlege regjering. Venstre vil rose alle som har stått på for å få fram galskapen i prosjektet. Dagens vedtak vil vere gull verd for både Bremanger og heile Noreg i framtida!

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

Lars Tore Endresen

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

Gratulerer til alle som har kjempa mot dette idiotiske natur- og kulturminneøydeleggande steinbrotet, og heia kommunalt lokalt sjølvstyre som har mot til å snu og lytte til argument og innbyggarinitiativ! Eg forventar at regjeringa, som gav løyve og køyrde over Statsforvaltarens faglege innvending, nå respekterer dette.

Kommunalministeren erkjenner at departementet tok litt hardt i då dei viste til tre regnskog-førekomstar i Bremanger kommune. Sveinung Rotevatn (V) svarte at det var «oppsiktsvekkande» at departementet visste at dei tre skogane ikkje var samanliknbare, men likevel gjorde nettopp det – samanlikna dei.

Publisert 13.09.2024, kl. 10.00

Read Entire Article