– Det er eit prosjekt som vil redusere eller påverke dødelegheita på smolt, og redusere laksebestanden i elva, seier leiar i Nedre Nidelva Elveeierlag (NNE) Ketel Vidar Kittelsen.
HitLice er namnet på prosjektet til Norwegian Research Center (NORCE), der dei skal finne ut kor mykje lakselus laksesmolten toler.
Ifølgje NORCE er dette eit prosjekt som ikkje har blitt gjort tidlegare, og som skal hjelpe med å finne tiltak for å auke overlevinga til laksen.
NORCE meiner at Nidelva i Arendal er ein av dei betre stadene å utføre prosjektet. Det er Nedre Nidelva Elveeierlag ueinige i.
– Vi jobbar aktivt med å få opp Nidelva som ei god lakseelv. Den er under utvikling, seier Kittelsen i elveeigarlaget.
Kittelsen er bekymra for slike undersøkingar i ei elv som er under oppbygging.
Foto: PrivatVart overraska
I fjor fekk elveeigarlaget beskjed om at NORCE hadde fått løyve av Statsforvaltaren til å gjennomføre forsøk i Nidelva i 2024 og 2025.
Dette hadde ikkje blitt nemnt for verken Kittelsen eller andre i NNE.
– Det vart vi veldig overraska over, fordi vi har ei samarbeidsgruppe der vi tek opp saker.
Elveeigarlaget sakna dokumentasjon på dødelegheita av smolt som blei påført lus. Difor valde dei å klage på vedtaket.
– Vi vart verken høyrde eller spurt, og vi har fått lite dokumentasjon etter forsøket i 2024.
Lakselus er eit lite krepsdyr som bur på laksesmolten fram til den er vaksen, da formeirar han seg på verten sin.
Foto: VeterinærinstituttetBurde involvert elveeigarlaget
Anne Fløgstad Smeland er seksjonsleiar for miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren.
Ho beklagar for at elveeigarlaget ikkje vart involvert i avgjerda.
– Vi tek til etterretning at fiskeløyvet burde vore drøfta i reetableringsgruppa for Nidelva. Det er noko vi vil ta med oss vidare og lære av.
Vidare fortel ho at dei ser fram til eit godt samarbeid med elveeigarlaget.
– Det er viktig for oss å ha ein god dialog med lokale elveeigarlag.
Etter at klagen vart avvist av Statsforvaltaren vart ho sendt vidare til Miljødirektoratet for endeleg vurdering.
Ideelt område
Tormod Haraldstad er forskar ved NORCE. Han fortel at dei ønskte å utføre prosjektet der det er ganske normale førekomstar av lakselus, og lite oppdrettsverksemd.
Tormod Haraldstad meiner dette er eit viktig prosjekt for å kunne auke laksebestanden i det lange løpet.
Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRKHaraldstad påpeikar at det er vanskeleg å finne ein slik stad i Noreg.
– Sørlandet peikar seg ut som ein landsdel med lite oppdrett, så det var eit ideelt område å legge forsøket på.
Vidare var det Nidelva som peika ut seg som den beste elva å utføre forsøket i.
– Vi har allereie etablert nokre stasjonar der for å fange fisk. Vi må også ta den fisken inn i saltvasskar og infisere han med lus. Slike typar fasilitetar har dei på Flødevigen, som ligg rett i nærleiken av utløpet til Nidelva.
Fleire enn ti lus på ein laksesmolt kan vere dødeleg. Lus kan også føre til infeksjonar og problem med saltbalansen. (Dette er ein sjøauresmolt med lakselus).
Foto: Stavanger og Rogaland jeger og fiskeforeningHaraldstad seier at det er fullt forståeleg at elveeigarlaget er skeptiske til prosjektet, men at det er gjort berekningar som viser at laksebestanden ikkje vil bli negativt påverka i stor grad.
– Nokon vil få veldig lite lus, andre vil få meir lus, så vi estimerer jo at det kjem litt færre fisk tilbake enn det ville gjort naturleg. Kanskje ein stad mellom 20 og 70 færre gytefisk tilbake i løpet av to år.
Ventar på resultat
Prosjektet krev at det blir teke ut 1000 laksesmolt per forsøk.
– Det høyrest kanskje mykje ut, men dersom det går 10.000 laksesmolt ut av eit vassdrag så er det kanskje berre 400–500 som kjem tilbake. Så det er naturleg høg dødelegheit for laksesmolt, både i elva og havet, fortel Haraldstad.
NORCE har vore i dialog med elveeigarlaget, og har planlagt eit informasjonsmøte der dei skal presentere dataa frå våren 2024.
– Vi set lus på den laksen som skal på veg ut i havet, og så skal han vere i havet i eitt, to, eller tre år før han kjem tilbake til Nidelv og får gyte. Det er først då vi endeleg får resultat.
Publisert 08.02.2025, kl. 07.51