33-åring sikra valskred for Demokraterne på Grønland

6 hours ago 4



33 år gamle Nielsen fekk aleine over 4400 personlege stemmer, langt foran dei andre grønlandske toppkandidatane.

Det liberale opposisjonspartiet Demokraterne (Demokraatit på grønlandsk) ligg an til å bli største parti med 29,9 prosent av stemmene.

– Vi er klare til å snakke med dei øvrige partia, seier nestleiar Anna Wangenheim til NRK.

Demokraterne blir omtala som eit sosialliberalt parti.

Dei jobbar blant anna for sjølvstende frå Danmark, kutt i offentleg sektor og fri marknadsøkonomi og konkurranse.

Trump og sjølvstende

Det blei avlagt i overkant av 40.000 stemmer i valet, som har fått ekstra mykje merksemd denne gongen.

Spørsmåla rundt sjølvstende frå Danmark og Donald Trump sitt ønske om å kjøpe landet, har prega valkampen.

Den unge partileiaren tek til orde for ein «roleg kurs» mot USA og ønskjer heller ikkje å stresse fram lausriving frå Danmark.

– Grønland treng at vi står saman, så det blir utgangspunktet for forhandlingane våre, seier Nielsen til Danmarks Radio.

Valjubel på Grønland

Det var høg stemning på valvaka til Demokraterne.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

Vil møte andre parti

Han og Demokraterne vil no snakke med dei andre partia etter at dei sikra valsigeren.

– Vi strekk ut handa til alle, og vi er klare til å møte dei andre partia, det treng landet vårt, seier Nielsen.

Eit anna opposisjonsparti, Naleraq, ligg an til å bli det nest største partiet etter valet.

Regjeringspartiet Inuit Ataqatigiit er valets store tapar. Dei gjekk frå over 36 prosent i 2021 til litt over 21 prosent denne gongen.

Publisert 12.03.2025, kl. 05.19 Oppdatert 12.03.2025, kl. 05.26

Read Entire Article