Sjømatnæringa tar grep etter pinlege bilde

3 weeks ago 14



Noregs sjømatråd, Sjømat Norge og EPS-foreininga la onsdag fram eit felles initiativ for å «sikre høgare materialgjenvinning av fiskekasser i utsette område».

Bakgrunnen er rapportar om lakseemballasje på asiatiske strender som har vore til forlegenheit for næringa og heile nasjonen.

– Eg blir lei meg og forbanna av desse bilda. Det er flautt å vere norsk når desse områda flyt over av isoporemballasje med norske flagg på, sa Greenpeace-leiar Frode Pleym til NRK i april.

Der Europa har utvikla gode system for å resirkulere EPS-kasser (isopor på folkemunne), har skjebnen til kassene vore meir tilfeldig i Asia.

Når fisken blir selt vidare til lokale underleverandørar, har dei norske produsentane ikkje lenger kontroll over sendinga.

Anusit Srisra

WWF Thailand

Anusit Srisra

– Mesteparten av isoporavfallet vi samlar inn er emballasje frå norske lakseprodusentar, som kan kjennast igjen av det norske flagget, seier Anusit Srisra, som eig sorteringssenteret på øya Koh Samui i Thailand.

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

WWF Thailand

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

– Dessverre er det slik at mange land framleis ikkje har regelverk eller politiske verkemiddel for forsvarleg søppelhandtering, og enda mindre krav til og infrastruktur for resirkulering, seier Henrik Horjen i Sjømat Noreg.

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

WWF Thailand

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

Majoriteten av EPS-kassene (isopor på folkemunne) endar opp som ny plastråvare i form av resirkulert pellet, men ikkje alt.

Koh Samui

WWF Thailand

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

– Plastforsøpling er ei global krise som krev globale tiltak, seier generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur.

– Håpar kartlegginga kan gi nyttige svar

– Formålet med initiativet er å få meir kunnskap om kva som skjer med fiskekassene når dei kjem til sluttdestinasjonen sin, seier Mounir El'Mourabit.

Han er ansvarleg for politikk og utvikling i EPS-foreininga, som er ein del av Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

Det nye initiativet frå sjømatnæringa blei presentert i samband med ryddeaksjonen Rein Sognefjord, som begynte onsdag ettermiddag.

Same dag serverte statsminister Jonas Gahr Støre norsk laks og sjømat til kinesiske forbrukarar på handletur i Shanghai.

– Vi jobbar med kinesiske myndigheiter for å skape føreseielegheit og god marknadstilgang for norske sjømatbedrifter, sa Støre.

Støre i Kina

– Kinesarar veit å sette pris på god fisk og sjømat. Det var hyggeleg å sjå at dei kinesiske kundane eg møtte sette pris på den norske sjømaten, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: NTB

Søraust-Asia er ein veksande marknad for norsk sjømat. I 2023 eksporterte Noreg sjømat til ein verdi av 8,5 milliardar kroner til regionen.

– EPS-kasser er ei god løysing der dei blir resirkulerte. Vi ønsker at fiskekassene skal inngå ei sirkulær verdikjede, seier Henrik Wiedswang Horjen i Sjømat Norge.

Åshild Nakken er Noregs sjømatråd si utsending til Søraust-Asia.

– Vi håpar at denne kartlegginga kan gi nyttige svar og på sikt sikre ei ordning for gjenvinning av fiskekasser, seier ho.

– Vi løyser ikkje plastkrisa berre med gode avfallssystem

WWF har utarbeidd studiar som kategoriserer kva plastprodukt som er «nødvendige» og kva for nokre av dei som kan skiftast ut med mindre forureinande alternativ.

Isoporkassene som norsk fisk blir eksportert i fell inn i den siste kategorien.

Det er godt å sjå at sjømatnæringa ønsker å ta ansvar, men vi løyser ikkje plastkrisa berre med gode avfallssystem og resirkulering. Vi må redusere bruken av plast og ta i bruk berekraftige alternativ i tillegg til å sørge for auka gjenbruk, seier generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Karoline Andaur.

Ho legg til at det «hastar det med å få på plass ein global og juridisk bindande plastavtale, etterfølgd av sterke nasjonale tiltak»:

Vi håpar at næringa set inn ressursar for å utvikle produkt som varetar funksjonaliteten, og har mindre risiko for å hamne i naturen.

Norske sjømatleverandørar leverer teknologi til prosjektet The Ocean Cleanup, som per i dag har samla 10.000 tonn plast og søppel frå verdshava. Mørenot er valt som leverandør til prosjektet som har fått namnet «System 03». Erfaringa til selskapet frå fiskeri og havbruk var vektlagd då dei fekk oppdraget.

Norske sjømatleverandørar leverer teknologi til prosjektet The Ocean Cleanup, som per i dag har samla 10.000 tonn plast og søppel frå verdshava.

EU varsla i april at dei strammar inn reglane for emballasje. Det nye direktivet omfattar heile verdikjedene frå produksjon, via bruk til ombruk og materialattvinning.

Miljødirektoratet forventar at regelverket blir gjennomført i Noreg i løpet av 2025.

På same tid varsla regjeringa at Noreg skal bruke opptil 1 milliard kroner til kampen mot plastforureining i utviklingsland dei neste fire åra. Støtta er ei vidareføring av bistandsprogrammet mot plastforureining som blei etablert i 2019.

Christine Molvik

Privat

Christine Molvik, prosjektleiar Rein Sognefjord

Vi er svært positive til alle initiativ som reduserer avfall i naturen. Vi treng sirkulære system som sikrar at verdifulle ressursar blir haldne i eit kretsløp og ikkje forsvinn i naturen. Dette gjeld alle delar av næringslivet, men spesielt sjømatnæringa. Med dette initiativet bidrar Noreg til å vise veg i ein marknad ved å utvikle eit retursystem for avhending av avfall.

Rolf-Ørjan Høgset

Rolf-Ørjan Høgset, styreleiar i foreininga In the same boat

Det er supert at Noreg og norske eksportørar av sjømat tar ansvar i andre land, både utviklingsland og andre nasjonar som kjøper sjømatprodukta våre, men staten må også ta eit større ansvar her heime i Noreg. Det er forunderleg å sjå korleis Noreg tømmer ressursar på opprydding i andre land, mens dei i Noreg har redusert postane på statsbudsjettet til nesten ingenting.

Carl Hjman i organisasjonen Salt som jobbar mot marin forsøpling

Carl Höjman i organisasjonen Salt, som jobbar mot marin forsøpling

Det er flott at næringa tar initiativ for å innhente kunnskap om korleis emballasjeprodukta deira blir handtert som avfall etter eksport. Eg håpar at bransjen ikkje berre lagar gjenvinnbare fiskekasser for eksportmarknaden, men at dei også utvidar sitt ansvar ved å sikre kapasitet i mottakarland for å faktisk vinne tilbake kassene.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken, SV

Det må etablerast innsamlingsordningar slik vi har i landbruket. Laksemilliardærane må tvingast til å ta hand om plastsøpla si enten ho hamnar på strendene i Noreg eller i Thailand.

Rasmus Hansson MDG

Rasmus Hansson, MDG

I land utan søppelhandtering blir norske fiskekasser spreidde i millionar små, nesten evigvarande bitar. Norsk industri som sel sjømat må legge inn forpliktingar om å handtere sitt eige plastavfall som del av alle salsavtalar. Fleire norske sjømatbedrifter bedrifter gjer det allereie, og eg forstår ikkje kvifor ikkje alle gjer det.

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen, Venstre

Når avfallet frå norske bedrifter skyl ut i havet i andre land, så er det dei same bedriftene sitt ansvar. På same måte som med klimautslepp, må norsk fiskerinæring ta ansvar for heile verdikjeda her. Næringa bør sette i gang med ein gong og ikkje vente krav om produsentansvar frå EU-direktivet om plastprodukt. Det kravet kjem uansett.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond Karoline Andaur

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond

Norske selskap kan og bør gå føre med eit godt eksempel og bruke miljøvennlege alternativ. Når dei ikkje gjer det, er det fordi frivillige tiltak ikkje er nok. Næringslivet treng like spelereglar, derfor treng vi å få på plass ein juridisk bindande plastavtale som forpliktar alle land til å sette i verk tiltak og stille strenge krav til næringslivet.

Lise Keilty Gulbransen Hold Noreg Rent

Lise Keilty Gulbransen, Hold Noreg Rent

Ein ny global plastavtale må innehalde krav til å adressere forsøplingsrisiko frå eiga verksemd uansett materiale og same kor i verdikjeda forsøplinga skjer. Berre da vil vi lykkast i kampen mot forsøpling. Samtidig har kvart ledd i verdikjeda eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om eiga verksemd kan føre til forsøpling og førebygge denne, eventuelt rydde opp viss forsøpling likevel skjer.

Greenpeaceleder i Noreg Frode Pleym frå klimasøksmålet mot staten i 2019

Frode Pleym, Greenpeace

Det er bra at Noreg har som ambisjon å vere «tydeleg til stades» i forhandlingane om plastavtalen. Det skulle eigentleg berre mangle når norske lakseprodusentar dessverre er «tydeleg til stades» med plastsøppelet sitt på andre sida av jorda. Verda druknar i plast, og norske selskap er ein del av problemet. Vi kan ikkje resirkulere oss ut av den veksande plastkrisa.

Publisert 12.09.2024, kl. 15.39

Read Entire Article