Sjå oversikta: Så mange kraftverk blir bygd i norske elvar akkurat no

2 days ago 13



På tampen av år 2000 ikledde ein 41 år gammal Jens Stoltenberg seg ein tidstypisk brun dress og heldt sin første nyttårstale til det norske folket.

Etter nokre innleiande ord, svinga han seg opp til den store erklæringa:

«Tida for nye store vasskraftutbyggingar i Noreg er over».

No skulle det handle om små kraftverk.

Den unge statsminister Jens Stoltenberg (Ap) rakk å holde sin første nyttårstale før han tapte valget i 2001. (NTB scanpix)

Sjølv om Stoltenberg erklærte at «vi har nådd ei grense», var forbodet mot store kraftverk ein lissepasning til kraftutbyggarar med mindre ambisjonar.

Foto: NTB

Etter mottoet om at «smått er godt» blei talen til Stoltenberg startskotet for ein utbyggingsboom i norske vassdrag som no tel 1433 småkraftverk.

Desse bileta viser bygging av eit lite kraftverk i Bjørndalselvi i Vestland i 2021. Kraftverket opna i juni 2022:

Og fleire skal det bli, i tråd med Energikommisjonens resept om «meir av alt, raskare».

Ei kartlegging NRK har gjort viser at det akkurat no blir bygd 62 nye små kraftverk i norske elver, og at 158 andre små kraftverk er godkjente for bygging.

Bygginga skjer over heile landet, med høgast aktivitet i vest.

Alle desse små kraftverka kan til saman gje 1,4 TWh, ifølgje NRKs utrekningar.

Til samanlikning får vi rundt 138 TWh frå vasskraftverka som allereie er bygde. Nesten all denne straumen kjem frå store kraftverk:

– Viktig for distrikta

Tilhengarane seier at meir vasskraft er ein nødvendig del av det grøne skiftet, og at småkraftverka bidrar til liv og næringsaktivitet i distrikta.

Ifølge Småkraftforeninga, som representerer bransjen, har småkraft skapt verdiar for 60 milliardar kroner sidan tusenårsskiftet.

Noreg treng meir kraftproduksjon, seier LO-sekretær Are Tomasgard.

I fjor tok NHO og LO initiativ til det såkalla Kraftløftet, som regjeringa slutta seg til.

Formålet er å sikre nok kraft til grøne satsingar i næringslivet, og dessutan «levelege og konkurransedyktige» straumprisar. I denne miksen blir vasskraft kalla «den lågast hengande frukta».

På same tid har også fleire motførestillingar meldt seg.

  • et kraftleidningstårn Aura kraftverk i Sunndal

    Marius André Jenssen Stenberg / NRK

    Debatt om energigevinsten

    Ifølge kritikarar er energigevinsten frå dei nye småkraftverka i beste fall beskjeden. I 2024 blei det produsert 140 TWh elektrisitet frå vasskraftverk i Noreg. Av dette stod småkraftverka for 12,1 TWh. Dei varsla utbyggingane av i alt 220 småkraftverk kan gi nye 1,4 TWh

  • ein bekk med snø på sidene

    Hopla kraftverk

    Debatt om naturtapet

    Ifølge kritikarar har tusen nye småkraftverk sidan tusenårsskiftet same effekt som den kinesiske torturmetoden der offeret blei påført tusen små papirkutt. Kvar for seg er kutta uskuldige nok, men i sum blir dei meir enn nokon kan tole.

  • Vågen Kraft på Bjørke

    Trond Ryslett

    Debatt om den distriktspolitiske gevinsten

    «Eg var ein av dei som vurderte byggesøknadene av små kraftverk i elvane, men nå er eg kritisk til samfunnsnytta desse har», skriv tidlegare avdelingsingeniør i NVE, Kaja Osnes i kronikken «Småkraft skaper neppe nye arbeidsplassar» i Dagsavisen.

  • Kvernstad kraft i Snillfjord, Sør-Trøndelag. To menn er dømt for å ha bygget det i strid med konsesjonen, og tittelen er dermed sett som den er med tanke på anonymisering.

    NRK

    Debatt om kontrollen er god nok

    Av alle Noregs 1 433 små kraftverk kontrollerer NVE maks 5 i året. Det siste store umelde tilsynet var i 2010. Da avslørte NVE at over halvparten braut kravet om minstevannføring. – Når ingen faktisk kontrollerer kraftverka, er det ein falsk forventning som allmenta har til tilsyna, seier ein tidlegare NVE-tilsett til NRK.

– Har påført norske vassdrag stor skade

Eg trur ikkje folk flest er klar over at frie vassmassar er raudlista, altså ein trua naturtype, seier Einar Wilhelmsen, som er generalsekretær i Sabima.

I staden for «meir av alt, raskare» vil han ha mindre vasskraft og meir omstendelege konsesjonsprosessar.

Vasskrafta har påført norske vassdrag stor skade. Det som trengst no er restaurering og at vasskrafta får moderne miljøkrav, basert på dagens kunnskap.

I selskap med andre kjelder NRK har snakka med gjer han eit poeng av at kvart enkelt småkraftverk kan vere skånsamt i seg sjølv, men at heilskapsperspektivet er gløymt.

Naturmangfaldlova er krystallklar på at det er samla belastning som skal avgjere, ikkje effekten av kvart enkelt vesle tiltak, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Eitt stort framfor mange små

Kan det vere meir berekraftig å byggje eitt nytt stort kraftverk, enn hundrevis av nye små?

Ja, seier ein av Noregs fremste ekspertar på miljøverknader av vasskraft.

– Gitt same energiproduksjon, vil eitt stort magasinkraftverk kunne påverke miljøet mindre enn mange små, seier professor i hydrologi, Tor Haakon Bakken ved NTNU.

Dei store vasskraftanlegga har ofte magasin og kan halde vatnet tilbake. Då kan straumen lagast når samfunnet treng han. Vasskraft med magasin har derfor mykje høgare verdi enn straum frå småkraft, som ikkje kan lagrast, seier Bakken.

Sjå fleire reaksjonar på kartlegginga:

  •  Å dra på tur er ein så viktig del av livet til Dag Sandvik at han aldri kjem til å slutte å ferdast i naturen.

    Stine Mari Velsvik

    Dag Sandvik, naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland turlag

    Den massive utbygginga av småkraft har leia til uoversiktlege skadar på naturmangfald og friluftslivsverdiar i store delar av landet. I tillegg er samfunnsnytta usikker. 

  • Ove Trellevik

    Vidar Ruud / NRK

    Ove Trellevik, Høgre

    Vi bør utnytte moglegheitene som ligg i vasskraftproduksjon så godt som det lèt seg gjere. Derfor har vi fjerna grensa på 1 MW i verna vassdrag. Ein av grunnane er at det truleg er betre å bygge færre, men større kraftverk der det er mogleg. Vi bør også sjå om det er skatteincentiv som bidrar til uheldige tilpassingar, slik at vi bygger mindre enn vi burde.

  • Bjørn Lødemel på talarstol

    Erlend Blaalid Oldeide

    Bjørn Lødemel, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

    Vi er positive til utbygging av småkraftverk. Det er viktig lokal verdiskaping på lokale ressursar og det er stort behov for auka produksjon av fornybar energi. Småkraftutbygging er også skånsam utbygging så det er viktig å få fart på konsesjonshandsaminga og raskare utbygging.

  • Marhaug

    Anders Eidesvik / NRK

    Sofie Marhaug, 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen og i Raudt

    Raudt er veldig, veldig skeptisk til denne bit-for-bit-nedbygginga som småkrafta utgjer. Vi meiner at Noregs vassdrags- og energidirektorat bør seie nei til naturøydeleggande småkraft, som har liten nytteverdi, og heller prioritere oppgradering av eksisterande vasskraftverk.

  • Einar Wilhelmsen september 2024

    Sabima

    Einar Wilhelmsen, generalsekretær i Sabima

    Vi må gong på gong inn og påpeike manglar i kunnskapsgrunnlaget og svakheiter i konsekvens-utgreiingane. Dei mange signala nå om meir utbygging gjennom raskare saksbehandling og svakare krav til kunnskapsgrunnlag og kartlegging vil vere dramatisk.

  • Truls Gulowsen, leder Noregs Naturvernforbund

    Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

    Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

    Det er dessverre openbert at «småkraftboomen» dei siste åra har hatt langt større negative miljøkostnader enn vi trudde, og at dette må reverserast. «Smått-er-godt»-teorien stemmer ikkje med verkelegheita. Det har gitt lite kraft, og mange stader medførte store og unødvendige miljøskadar per kilowattime.

  • ein mann med skjeggWedege

    Ukjent

    Morten Wedege, leiar i Naturviterne

    Småkraftutbygginga i norske elevar er for dårleg greidd ut. Spesielt når ein ser på totaliteten. I mange tilfelle er det snakk om irreversible inngrep. Det manglar også nødvendig kunnskap om konsekvensane desse anlegga kan medføre for økosystema i elvane.

  • Terje Halleland

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Terje Halleland, Frp

    Eg var sjølv pådrivar for endringa i vasskraftskattlegginga i 2021, og er eigentleg skuffa at vi ikkje har fleire utbyggingar, og da gjerne større. Likevel er småkraftutbyggingar god politikk som både bidrar med inntekter og aktivitet for grunneigarar. Det er høge krav til både økonomi og miljø, noko som sikrar dei gode prosjekta.

  • Silje Skorve Paulsen sit på ein kajakk og ser ut over elva Sjoa.

    Bjørnar Morønning / NRK

    Silje Skorve Paulsen, naturvernar og elvepadlar

    Utbyggingstakta er basert på gammaldags politikk, og tar ikkje innover seg det som nå er allmenn kunnskap: Eit grønt skifte kan ikkje gjennomførast ved å bygge ned nye område. Om ein verkeleg vil sette kursen i rett retning, så må ein heller restaurere lite lønnsame utbyggingar tilbake til naturen.

  • Katrin Lervik

    NRK

    Katrin Lervik, bransjedirektør for vasskraft i Fornybar Noreg

    Etter kvart som Noreg og landa rundt oss får meir sol- og vindkraft, vil den norske, regulerbare vasskrafta bli stadig meir viktig for å balansere kraftsystemet. Fleire av medlemmene våre jobbar derfor med å vidareutvikle dei eksisterande vasskraftverka, for eksempel ved å installere større turbinar for å auke effekten, eller ved å installere pumper.

  • Rune Skjevdal

    Ukjent

    Rune Skjevdal, leiar i Norsk Grønnkraft

    Vurderingane til NVE er blant dei mest grundige i verda. Spørsmålet er om vi skal nå klimamålet, ha industri og elektrifisere – eller om vi skal ha høge straumprisar, kraftavgrensingar og industriflukt. Vi er ikkje i den situasjonen at vi kan velje, tvile, avvente og vurdere. Vi treng meir kraft.

Vil ha raskare utbygging

– Vi er positive til utbygging av småkraftverk.

Det seier Bjørn Lødemel, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Småkraft er viktig lokal verdiskaping og det er stort behov for meir fornybar energi, seier han.

Småkraftutbygging er også skånsam utbygging så det er viktig å få fart på konsesjonshandsaminga og raskare utbygging.

Katrin Lervik er bransjedirektør for vasskraft i Fornybar Noreg.

– Vi registrerer at det er ein debatt om samfunnsnytte og miljøverknader, seier ho.

Ho legg til at Noreg «vil trenge meir av alle former for fornybar energi»:

– Det er om vi skal nå klimamåla våre og ha nok kraft til elektrifisering og ny industri.

Publisert 29.03.2025, kl. 23.35 Oppdatert 29.03.2025, kl. 23.43

Read Entire Article