Kvar gong Sindre Fiske ser seg i spegelen så blir han tatt tilbake til nyttårsaftan. Hendinga sit i kroppen.
– Dei andre tenker nok ikkje så mykje på det, men for meg så er eg framleis han der med arret og det øydelagde auget. Det er ei påkjenning, sa Sindre Fiske i Møre og Romsdal tingrett måndag.
Tiltalt for å ha øydelagt synet
To tenåringar er tiltalte etter at Sindre Fiske fekk eit fyrverkeri, eller fragment frå eit fyrverkeri, i høgre auge natt til 1. januar 2024.
«Det oppstod brot i augehòla og synet blei redusert til 50 prosent, noko som igjen utløyste vedvarande utmatting ved konsentrasjon og tidvis hovudverk ved arbeid og lesing», står det i tiltalen.
To tenåringar var tiltalte i retten måndag. Begge nekta straffskuld for fyrverkeriulykka.
Foto: Eirik Haukenes / NRKEin 18-åring er tiltalt for å ha fyrt av fyrverkeri mot eit område med mykje folk.
Ein 19-åring er tiltalt for å ha gitt 18-åringen fyrverkeriet, og bede han fyre av mot området med folk.
Dei to erkjente ikkje straffskuld då dei møtte i Møre og Romsdal tingrett.
Fyrverkeriet gjekk i alle retningar
Det har blitt tradisjon å møtast ved ei rundkøyring i Surnadal for å feire inngangen til det nye året. Men alle som har forklart seg om denne nyttårskvelden seier at det var kaotiske tilstandar.
Ifølge politiet var det denne natta rundt 150 personar til stades. Dei fleste var ungdommar.
Eit vitne beskreiv situasjonen som galimatias.
Politiet tok også plass i vitneboksen og forklarte at det var ein del uforsvarleg oppskyting av fyrverkeri på staden.
Eit anna vitne forklarte at ho såg at den tiltalte 18-åringen heldt fyrverkeriet, og at ho såg at det trefte fornærma.
– Trudde eg var blind
Sindre Fiske har tidlegare fortalt NRK at det var fleire som fyrte av fyrverkeri på kryss og tvers i området. Derfor trekte han seg litt unna folkemengda på nyttårsaftan.
Dette gjentok han i retten måndag.
– Det var ikkje alt fyrverkeriet som gjekk rett opp, for å seie det slik. Det gjekk i alle retningar, sa han.
Sindre Fiske på St. Olavs hospital i Trondheim etter hendinga. 24-åringen hadde på seg vernebriller da han blei treft av fyrverkeri i ansiktet. Det trur legane var avgjerande.
Foto: PrivatPlutseleg så fekk han ein kraftig trykk i ansiktet. Han såg ikkje kor fyrverkeriet kom frå før det gjekk i svart.
Då Fiske bøygde seg ned og tok seg til ansiktet blei han våt og kald på hendene av blodet. Han såg nesten ingenting og frykta det verste.
– Eg trudde eg var blind då eg låg i ambulansen.
I dag har Fiske 50 prosent syn. Han er tilbake i arbeid, men arbeidet må leggast til rette, og synstapet pregar kvardagen.
– Det trengst mykje konsentrasjon for å sjå med det synet eg har. Det tappar meg for energi, sa Fiske i retten.
Såg ikkje at nokon blei skadde
18-åringen som er tiltalt for å ha skote fyrverkeri mot folk, forklarte i retten at han fekk fyrverkeriet av den medtiltalte, men at det var medtiltalte som tente på.
– Så snudde den og eksploderte ca. 20 centimeter over bakken. Men eg såg ingen bli skadde, seier han.
Ingen av dei tiltalte meiner dei såg at nokon blei skadde av fyrverkeriet dei sende opp.
Foto: Eirik Haukenes / NRK18-åringen sa også i retten at han ikkje har hatt det lett i ettertid.
– Eg har fått rykte på at det var meg. Det er ein liten plass med mykje rykte, så det har ikkje vore så lett for meg heller, sa han i retten.
Avviser at han gav instruksjonar om fyrverkeriet
19-åringen bekrefta at det var han som hadde med seg fyrverkeri. Fordi han ville vere kompis gav han fyrverkeri til 18-åringen.
19-åringen avviser i retten at han gav instruksjonar om kor 18-åringen skulle sikte med fyrverkeriet. Han hugsar heller ikkje om han tente på.
Han seier at han hugsar at fyrverkeriet gjekk av, og så kom fornærma forbi og heldt seg for auget.
– Det var ekkelt. Det kan ha vore 30 sekund etter, og det kan ha vore fem minutt etter, seier han.
Dette er utdrag av videoar som forsvarer til 18-åringen la frami retten. Den viser noko av kaoset på staden. Forsvararen meiner at videoane viser at fleire sende opp fyrverkeri på ein uforsvarleg måte. NRK har forvrengt stemmene i videoen for å anonymisere.
Ber om fengselsstraff
Forsvararane til dei tiltalte tenåringane meiner det ikkje kan bevisast at fyrverkeria deira skadde Fiske, og meiner derfor dei bør frikjennast.
– Det var kaotiske tilstandar på nyttårsaftan slik det openbert har vore på tidlegare liknande feiringar. Vi meiner derfor det kan vere vanskeleg å seie kor fyrverkeriet som skadde den fornærma kom frå. Og er det tvil om det, så skal klienten frifinnast, seier Line Karlsvik, som forsvarer 18-åringen.
– Vi meiner bevisbildet er uklart, og at det ikkje er bevist utover alle rimelege tvil at hendinga fann stad slik som påtalemakta meiner, seier John Marius Dybvik som forsvarer 19-åringen.
Politiadvokat Lina Ersvik Pettersen bad måndag om 21 dagars fengsel utan vilkår for 19-åringen, og 30 timars samfunnsstraff over 120 dagar for 18-åringen.
Aktor Lina Ersvik Pettersen meiner begge dei tiltalte bør dømmast, og at dei bør betale sakskostnader.
Foto: Eirik Haukenes / NRKHo meiner ein kan bevise at dei tiltalte er skuldige.
– Vi har eit augevitne, som ser at det er fyrverkeriet til ein av dei tiltalte som treffer fornærma i ansiktet, eller treffer han slik at han blir skadd.
Årsaka til at det blir bede om samfunnsstraff for den eine og fengsel for den andre, skal ifølge aktor vere at ein av dei tiltalte ikkje er eigna for samfunnsstraff. Forsvararen meiner det er feil.
Bistandsadvokaten krev også 120.000 kroner i oppreisingserstatning.
Publisert 24.02.2025, kl. 18.12