På Saltfjellet har det vore eit trafikkuhell mellom ein buss og to vogntog, ifølge politiet.
Hendinga skjedde like sør for Polarsirkelsenteret.
Vegtrafikksentralen stenger Saltfjellet fordi det ikkje er mogleg å kome seg forbi ulykkesstaden.
Vegen opnar åpner neppe før klokka 19, opplyser Statens vegvesen. Det vil ta tid før bergingsbilar på staden grunna lange avstander.
Det er ikkje meldt om personskadar. Det var berre førarar i alle køyretøy, alle er oppe og går.
Bussen skal ikkje ha passasjerar, skriv politiet.
Trafikken er heilt sperra på staden fordi køyretøya er kilt fast i kvarandre. Det er lange køar både på nord- (biletet) og sørsida av Saltfjellet.