Det er organisasjonen Pressefotografenes Klubb som kvart år deler ut dei gjeve prisane. I år har 173 pressefotografar levert inn til saman 2545 bilde og 54 videoar.
Årets Bilde 2024
Fatima Skaiki trøystar dottera Ivana (2), som vart alvorleg brent i eit angrep i landsbyen deira sør i Libanon.
Foto: Gina Grieg Riisnæs / AftenpostenVinnar: Gina Grieg Riisnæs, Aftenposten
Fatima Skaiki trøystar dottera Ivana (2), som vart alvorleg brent i eit angrep i landsbyen deira sør i Libanon. Ivana og storesystera leikte ute då eit missil landa i nabolaget og sprengde det faren mistenker var eit våpenlager.
Juryens kommentar: Bildet konfronterer oss med den brutale realiteten av krig, og den rosa smokken og neglene gir bildetei gjenkjennelegheit som gjer det nært, sjølv for folk langt unna konflikten.
Gina Grieg Riisnæs fekk også 1. pris i klassen Dokumentar Utland og Nyheit Utland.
Gina Grieg Riisnæs blei heidra under utdelinga av Årets Bilde.
Foto: Skjermdump / Pressefotografens Klubb / NRKNyheit Noreg
Bita Azizi (22) døde i ei trafikkulukke i Asker. VG-fotografen Fredrik Solstad fanga sorga på kamera.
Foto: Fredrik Solstad / VGVinnar: Fredrik Solstad, VG
Bita Azizi (22) døydde i ei trafikkulykke i Asker. Mora la seg ved grava under gravferda.
Juryens kommentar: Bildet er unikt og skil seg ut med både dramatikk og skjønnheit, og etterlet eit varig inntrykk.
Daglegliv i Noreg
Fotograf Anders Minge besøkte 99-årige Sigmund Hansen.
Foto: Anders Minge / Stavanger AftenbladVinnar: Anders Minge, Stavanger Aftenblad
Bilettekst: 99-åringen Sigmund Hansen trivst godt på Sparekassen sjukeheim i Stavanger.
Juryens kommentar: Bildet fangar essensen av kvardagslivet i Noreg på ein enkel, men sterk måte.
Sport, nyheit
Camilla Herrem blir hylla. Det blir også fotografen, Bjørn S. Delebekk i VG.
Foto: Bjørn S. Delebekk / VGVinnar: Bjørn Steinar Delebekk, VG
Camilla Herrem vert kasta i vêret av lagvenninnene etter at Noreg sitt handballag vann EM-gull.
Juryens kommentar: Bildet fortel ei djupare historie utover sjølve handlinga, og fangar eit viktig augeblink i idrettshistoria.
Sport, reportasje
Øyvind Tveter i Aftenposten viser sterke bilde frå travsporten.
Foto: Øyvind Tveter / AftenpostenVinnar: Øyvind Tveter, Aftenposten
Nokre travhestar gjer folk rike, men det finst ei ukjend skyggeside. Hestar kan leve til dei er 30 år, men den vanlegaste alderen å døy er fem år. Avlivinga av dei unge hestane er knytt til pengar, gambling og skader etter hard trening.
Juryens kommentar: Serien viser ei sterk, gripande og ny side av sportsjournalistikken, der hesten bokstaveleg talt går inn med livet som innsats.
Portrett
Tomm W. Christiansen var i Aleppo, Syria i november 2024. Han fotograferte Shargi som leitar etter bror sin.
Foto: Tomm W. Christiansen / AftenpostenVinnar: Tomm W. Christiansen, Aftenposten
Den syriske opprørshæren tok kontroll over Aleppo 27. november 2024. I den mørke kjellaren i Sednaya-fengselet står Shargi (52) og græt stille. Han har leita etter broren sin, Naser, som forsvann i 1991. No innser han at broren truleg er død, og at familien aldri får sjå han igjen.
Juryens kommentar: Dette er eit modig val av motiv som fangar eit sterkt augeblink gjennom eit nært og intimt portrett.
Open klasse
Sindre Deschington har skildra ei side av det koreanske samfunnet, ukjend for dei fleste her i Noreg.
Foto: Sindre Deschington / FrilansVinnar: Sindre Deschington, Frilans
Bak glansbildet viser det seg at Korea har eit einsemdsproblem, spesielt hos menn. Myndigheitene i Seoul har bestemt å bruke over 300 millionar dollar på tiltak mot einsemd, og forskarar og politikarar peikar på alt frå økonomi til feminisme.
Juryens kommentar: Ein nærast perfekt serie. Eit heilt unikt bildedokument av tid, stemning og eigenart.
Klima og Miljø
Anniken C. Mohr i Klassekampen har skildra korleis kjemikaliar påverkar miljøet.
Foto: Anniken C. Mohr / KlassekampenVinnar: Anniken C. Mohr, Klassekampen
PFAS-kjemikaliar har forureina miljøet rundt norske flyplassar.
Juryens kommentar: Serien er intelligent og godt redigert, og formidlar ei sterk forteljing om miljøforureining.
Årets Nykomar
Jonas Sandboe fekk pris for si skildring av daglegliv i Hallingdal.
Foto: Jonas Sandboe / HallingdølenVinnar: Jonas Sandboe, Hallingdølen
Ulike bildet som fangar livet i Hallingdal, inkludert ein fotballskule, ein Curly Retriever-festival, og meir.
Juryens kommentar: Bileta utstrålar nærleik, og gir ei sterk visuell forteljing.
Nyheitsvideo
Ahmed Abu Kmeil, Jebril Abu Kmeil, Anja Strønen, og Mohammed Alayoubi frå NRK pris for reportasjen om Hanadi og dottera.
Vinnar: Ahmed Abu Kmeil, Jebril Abu Kmeil, Anja Strønen, og Mohammed Alayoubi, NRK
Dottera til Hanadi
Juryens kommentar: Videoen fortel ei hjarteskjerande historie om ein baby redda frå si avdøde mor i Gaza, og framhevar dei menneskelege konsekvensane av konflikt.
Videoreportasje
Vinnar: Anders Hammer og Charlotte Cook, Frilans/Field of Vision/VGTV
The Takeover (sjå den her på VGTV)
Juryens kommentar: Dokumentaren avslører korleis Taliban fråtek afghanske kvinner rettane deira, og viser motet til kvinnene som kjempar for fridomen sin.
Anders Hammer fekk også prisen som Årets videojournalist.
Dokumentar Noreg
Matthis Kleeb har dokumentert dei syriske flyktningane i Noreg over fleire år.
Foto: Matthis Kleeb / Frilans/ MorgenbladetVinnar: Matthis Kleeb, Frilans/Morgenbladet
Kunsten å vere nordmann: For fire år sidan kom 50 utvalde flyktningar frå Syria til Noreg. Dei har brynt seg på likestilling, avansert teknologi, kulturkrasj og språkbarriere. Men den store utfordringa er å bli kjent med nordmenn.
NRK-journalistane Eskil Wie Furnes og Sara Victoria Rygg fekk 2. plass og 3. plass i kategoriane Dokumentar Noreg og Nyheitsvideo for arbeidet med denne sterke saka:
Mange frå presse-Noreg var i kveld samla på Litteraturhuset i samband med utdelinga av Årets Bilde i Noreg.
Foto: Mari Saanum Bessesen / NRKPublisert 14.03.2025, kl. 20.52 Oppdatert 14.03.2025, kl. 20.55