Fylleangst i Haugesund
På ein skala frå 1 til 10 på kor full han var, svara mannen «9».
Publisert 27.11.2024 16:04 Sist oppdatert 7 minutter siden
Natt til 2. juni gjekk tjuverialarmen av i resepsjonen på Quality Hotel Maritim i vestlandsbyen Haugesund.
Resepsjonisten skjønte raskt kva alarm som var gått av og sprang opp i spisesalen for å undersøke saka nærare.
På veggen der hotellet eigentleg skal ha tre måleri av den verdskjende kunstnaren Andy Warhol, mangla det eine.
Hotellet kjøpte inn kunstverka til 600.000 kroner for fleire år sidan. Verdien i dag er truleg langt høgare, truleg over millionen for alle tre verka samla.
Det blei difor slått full alarm og politiet vart tilkalla.
Svaret låg to etasjar lenger oppe
Ein raskt titt på overvakingsbileta avslørte det utrulege:
Opp trappa frå spisesalen kom ein mann berande på måleriet før han gjekk inn i heisen og trykka på 4-talet.
Stuepikene på hotellet blei bedne om å gå gjennom romma til gjestene i denne etasjen.
Måndag 3. juni vart måleriet til minst 200.000 kroner funne på rommet til ein 26 år gamal mann frå Austlandet.
– Han veit ikkje kvifor han tok måleriet. På søndag morgon vakna han fyllesjuk før han gjekk på jobb. På ettermiddagen kom han på måleriet han hadde tatt og at han måtte levere det tilbake til hotellet, samanfattar Haugaland og Sunnhordland tingrett i ein fersk dom.
Fylleangst
Ifølge forklaringa til mannen fekk han såpass fylleangst då han såg kor mange som var i spisesalen søndag kveld at han heller gjekk og la seg.
Måndag oppsøkte politiet han på jobben og han la alle korta på bordet.
No er han dømd til samfunnsstraff i 60 dagar, med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Viss ikkje han gjennomfører dette, må han i fengsel i 60 dagar.
– Eg trur aldri eg har vore så full. Det hjelpte ikkje på fylleangsten då eg høyrde kven kunstnaren var, sa mannen i retten, ifølge Haugesund Avis som følgde rettssaka.
Andy Warhol (1928 - 1987)
Andy Warhol var en amerikansk maler, grafiker og filmkunstner. Han omtales gjerne som en av de fremste representantene for strømningen popkunst. Warhol ble særlig kjent for å bruke kommersielle merkevarer og kjente personer som motiver i sin kunst. Disse verkene fikk stor betydning fordi de utforsket nye aspekter ved masseproduksjon og kapitalisme samt kjendisliv og media.
Men stal han det, eigentleg?
Den dagen hadde han sett fotballkamp på pub og drakk fleire øl der. Så gjekk turen vidare til Heidi's Bier Bar, der det gjekk i både øl og shots.
På ein skala frå 1 til 10 på kor full han var, svara han «9».
Fuktig bytur kostar ung kvinne 22.000 kroner
Til slutt var det tilbake til hotellet der han budde. Måleriet var festa til veggen med skruar og mannen måtte bruke kraft for å røske det ned.
Eit spørsmål i rettssaka var kva som var hensikta med dette. Sjølv hadde han ingen minne om kvifor.
I retten argumenterte forsvararen for at mannen reint faktisk ikkje tok det med seg, sidan det blei oppbevart på hotellrommet og då faktisk var på hotellet sin eigedom.
Retten ser vekk frå dette. Dei meiner også mannen hadde fleire moglegheiter til å levere biletet tilbake frivillig og at han må ha skjønt at det var verdifullt.
Difor blir han domfelt for grovt tjuveri. Han må også betale sakskostnader på 2000 kroner.
Dommen er i tråd med aktors påstand.
– Vi er enige i retten si vurdering, er den korte og greie kommentaren frå poltifullmektig Josefine Oskarsson.
– Vi vurderer å anke dommen, seier forsvarar Hanne Haraldseide Brekke til TV 2.
Kort tid etter at saka vart avslørt beklaga mannen hendinga i ein e-post til hotellet.
– Godt, gamaldags fylletull, sa hotellsjefen sjølv til Haugesund Avis i sommar.