Reagerer på norske festvanar: – Er det ikkje nok nå?

2 weeks ago 25



– Nå som vi forstår dette litt betre, kan vi vel berre vere einige om at vi har tatt ei stripe for mykje? Er det ikkje nok nå? spør Lina Alvarez Reyes.

35-åringen har lese saka «Prisen for stripa», der NRK møtte menneska som lever tettast på kokainruta frå Sør-Amerika til Noreg.

Ifølge FHI har unge nordmenn aldri sniffa meir kokain, og dette bidrar til store lidingar for menneske og natur. Også i Alvarez Reyes´ fødeland Colombia, den største kokainprodusenten i verda.

Delar av landet blir styrt av geriljagrupper og kriminelle med kokain som hovudnæring.

Da 35-åringen voks opp i hovudstaden Bogotá blei passasjerfly og offentlege bygg bomba av kokainkongar som Pablo Escobar. Det kvite partydopet finansierte ein borgarkrig som kosta hundretusenvis av colombianarar livet.

– Venner av far min blei drepe saman med sine barn. Hos farmor blei vindauge knust og måtte tapast igjen etter eksplosjonar i nærleiken. Eg har slektningar som mista halvsøsken eller klassekameratar da bomber gjekk av i byen, fortel Alvarez Reyes.

Lina reagerer på saken om at NRK fulgte kokainet fra Sør - Amerika til Norge

Lina Alvarez Reyes ser saka til NRK på mobilen.

35-åringen flytta til Noreg som ung og jobbar i dag i Latin-Amerikagruppene (LAG) og er leiar for Fred i Colombia.

Ho fortel at ho har vore på festar der det blei sniffa kokain, både i Colombia og Noreg. Og innrømmer at ho sjølv har prøvd.

– Sanninga er at effekten er svært kortvarig, og det er ikkje verdt det, seier ho.

– Som unge opplever vi eit stort prestasjonspress her i Noreg. Vi går gjennom mykje som til tider kan vere så overveldande at å ta ein «pause» kan vere meir freistande enn å deale med livet, seier ho.

– Men vi har eit val her. Det finst utvegar og andre måtar vi kan ha det gøy på, utan at det går på kostnad av vår eiga helse. Og livet til folk i sør.

Daniel (24): – Trist og makteslaus

24 år gamle Daniel Gutierrez blei også fødd i Colombia, i Cali, tidlegare hovudsete for det brutale Cali-kartellet. Framleis blir det produsert enorme mengder kokain i regionen, nå styrt av væpna geriljagrupper.

Daniel fortel at kokabønder – som dyrkar råmaterialet i kokainet – og fattige unggutar blir fanga i ein skitten industri det er vanskeleg å komme ut av. Nyleg blussa valden i Cali opp igjen, med bombeangrep og skotvekslingar som har kosta fleire liv.

– Derfor kjenner eg meg trist og makteslaus når eg ser folk bruke kokain i Noreg. Prisen for det kvite stoffet er betalt av generasjonar av colombianarar, fortel 24-åringen etter å ha sett saka til NRK.

Daniel Gutierrez

Gutierrez, som også er aktiv i Latinamerikagruppen, jobbar i Bergens uteliv. Der ser han ofte jamaldra som er rusa på kokain. På fritida held han seg unna stoffet og alle som bruker det.

– Eg vil ikkje fordømme nokon. Men folk bør tenke før dei konsumerer noko, kvar kjem det frå? Det gjeld alt frå mat til andre produkt. Men særleg kokain.

Ildrid (17): – Veldig skummelt

– Nokon tenker at kokain er eit statusdop som er kult og spennande. Eg tenker at kokain er rota til problema i landet familien min bur i, seier Ildrid Leticia Berge Galvez.

Ho er 17 år gammal og halvt ecuadoriansk. Familien hennar bur i Guayaquil, ein stor hamneby i Ecuador kor mykje av Sør-Amerikas kokain blir skipa ut til verdsmarknaden.

For få år sidan starta narkogjengar ein blodig krig om smuglarrutene. Delar av byen er heilt lovlause og mange tør knapt å bevege seg utandørs i frykt for å bli rana, bortført eller skote.

– Det er veldig skummelt, sidan vi har venner og familie der. Ein venn av pappa blei kidnappa og drepen for nokre månader sidan, fortel 17-åringen.

Før besøkte ho Ecuador med jamne mellomrom, nå tør ikkje familien å reise dit lenger. Og sjølv om bestemora og tantene besøker Noreg, synest Galvez det er trist og frustrerande å ikkje få høve til å bli kjent med sitt andre fedreland.

Bilde av Ildrid Leticia Berge Galvez.

– Ecuador er ein del av identiteten min. Det er eigentleg eit veldig vakkert land, med fjell og regnskog, god mat og kultur. Det er trist at det berre er kjent for valden nå, seier ho.

Ildrid går sisteåret på vidaregåande i Oslo. Ifølge Ung i Oslo 2023-undersøkinga er det nettopp hovudstadsrussen som sniffar mest kokain. Éin av fem gutar oppgav at dei hadde prøvd stoffet det siste året.

– Kokain er ikkje eit tema i gjengen min. Men det er trist at alle som bruker det, ikkje tenker over den blodige prosessen dopet har vore igjennom før dei skal ha det gøy på fest, seier Galvez.

Hei!

Takk for at du leste saka. Har du innspel eller tips? Send ein epost. 

Publisert 15.09.2024, kl. 08.18

Read Entire Article