Pølsesmell: Svein hadde førebudd seg på 5000 kundar – ingen kom

1 month ago 19



Svein Finstad skulle fôre publikum, men vêrgudane spelte han eit realt puss. Det enda med pølsesmell.

Han er øvstkommanderande i den vesle pølsebua ved stranda Vollane i Horten, som han driv på vegner av Vestfold musikkforum.

Førre fredag gjekk alt gale.

Pølsebua

Pølsebua sel vanlegvis tusenvis av pølser under arrangementet. Slik gjekk det ikkje i år.

Foto: Robert Hansen / NRK

Fyrverkerikonserten avlyst

Det som skulle bli den største festen i året, med musikk og fyrverkeri, enda nemleg med fortviling.

Han hadde kjøpt inn varer for å mette fleire tusen menneske, men så blei den tradisjonsrike Fyrverkerikonserten brått avlyst på grunn av uvêr.

Den tomme scenen på Vollane i Horten.

Den tomme scena på Vollane i Horten.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Eg hadde ikkje i mine villaste fantasiar drøymt om at konserten skulle bli kansellert, sukkar han.

Horten kommune hadde ikkje noko val. Den 31. utgåva måtte avlysast av sikkerheitsgrunnar.

Marinemusikken, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger kom seg aldri opp på scena.

Den blafra tom i regn og kraftig vind, rett nedanfor den grønmåla kiosken til Finstad.

Uvær på Østlandet.

Det var eit skikkeleg uvêr denne fredagen, med kraftig vind, regn og stormflod. Dette bildet er frå Fjærholmen i Vestfold.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Da det blei meldt storm i kasta og scena stod og vibrerte og kiosken knirka, så hadde vi mistankane våre om at dette ville gå gale, vedgår Finstad.

Krisa var eit faktum, og den beste dagen i året blåste bort.

Sit igjen med haugevis av pølser

Nå sit Finstad igjen med eit aldri så lite berg av pølser.

– Eg får ikkje levert dei tilbake til butikken, fordi det er ferskvare.

Det ble ikke solgt mange pølser under årets Fyrverkerikonsert.

Foto: Robert Hansen / NRK

Tidlegare år blei Fyrverkerikonserten arrangert i juni, men i sommar blei han flytta til august. Blant anna for å ikkje skremme fuglelivet i området.

– Før kunne vi ha selt pølsene utover sommaren, men nå stenger vi om ei veke. Så eg veit ikkje heilt korleis eg skal bli kvitt alle pølsene.

Flaks med vaffelrøra

Eit lite lysglimt oppi det heile, er at han klarte å redde vaffelrøra.

Han tenkte nemleg på å lage den kvelden før, men kona overtalte han til å gjere det på morgonen i staden.

Sånn skulle det ha sett ut.

Slik skulle det ha sett ut om konserten hadde gått som planlagt.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Eit kvarter før vi skulle sette i gang med å lage røyra, fekk vi ei melding om at konserten truleg blei utsett. Så da sleppte eg heldigvis å helle ut 50 liter vaffelrøre!

Kva gjer du nå med pølsene?

– Eg prøver å selje dei til halv pris, saman med ein boks brus. Viss ikkje det hjelper må eg kanskje gi dei bort til ei foreining.

– Er du litt lei pølser nå?

– Nei, nei. Eg blir aldri lei pølser. Her serverer vi pølsene dampa i buljong og laurbærblad. Med rista brød, nyhakka løk og sennep og ketsjup kan det ikkje bli betre, meiner Finstad.

Publisert 01.09.2024, kl. 07.50

Read Entire Article