Thorsby har tatt miljøgrep: – Det er vondt for meg

2 hours ago 4



– Det var det som skjedde, at eg gjekk på ein smell. Da måtte eg kutte ut alt og kunne ikkje gjere nokon ting. Det er det verste som kunne skje.

Det seier Morten Thorsby til NRK om veggen han møtte for to år sidan.

Thorsby var lenge ei viktig brikke på det norske A-landslaget, men etter 2022-sesongen sa det stopp.

Det skulle ta to år før han fekk sin neste landskamp, som kom mot Kosovo i juni i år.

Nå lettar han på sløret om kva som skjedde.

– Gjekk på ein smell

Thorsby er nemleg openhjarta om at den store lidenskapen hans, å sette miljøkampen på dagsorden, har gått ut over dei sportslege prestasjonane.

Og til slutt kosta han plassen på landslaget.

– Det gjorde jo det. Det blei litt mykje for to år sidan, da eg gjekk på ein liten smell, seier han til NRK.

På kva måte blei det litt mykje?

– Eg merka at det var eit veldig tomrom etter profilar som snakka om dette her. Da eg først begynte å ta det opp, fekk eg veldig mykje merksemd, blei invitert mange stader og fekk veldig mange moglegheiter. I og med at eg er ein type som er veldig engasjert, takka eg kanskje ja til for mykje ein periode, innser han.

Thorsby

TØFF TID: Morten Thorsby fekk oppleve baksida av medaljen som både fotballspelar og miljøforkjempar.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Thorsby fekk blant anna «årets aktivist-pris» frå spelarorganisasjonen Fifpro for arbeidet sitt for miljø og klima.

Den italienske superstjerna Diletta Leotta, Italias kanskje mest kjente sportsreporter, brukte i 2022 eit heilt program til Thorsbys miljøengasjement og hadde nordmannen som gjest i det populære programmet sitt.

Han blei invitert til fleire store mediehus Europa rundt for å snakke om miljø.

– Kroppen fungerte ikkje

Til slutt sa kroppen stopp. Thorsby møtte veggen og klarte ikkje lenger kombinere toppfotballivet med det tidkrevjande miljøkampen.

– Eg fekk fysiske symptom på at kroppen ikkje fungerte lenger, at han var sliten og trong ein pause. Eg fekk det så fysisk at eg ikkje klarte å levere på fotballbanen som før. Klassiske symptom på for høg belastning over for lang tid, fortel han.

– Eg følte at «the sky is the limit», eg ville gjere så mykje som mogleg for å få til ting. Da er det lett for at det blir for mykje, samtidig som eg skal prestere på relativt høgt nivå i fotball, legg han til.

I dag er han tilbake for landslaget, spelar mykje for den italienske storklubben Genoa og har funne tilbake til det høge nivået sitt.

– Det som er vondt for meg

Det har ikkje komme av seg sjølv, Thorsby har vore nøydde til å lære seg å balansere dei to delane av livet på ein betre måte.

Takkar du oftare nei til å stille opp på ting nå?

– Ja, eg gjer det. Eg har blitt litt meir restriktiv der og funne ein betre balanse. Eg har begynt å kjenne meg litt betre og kjenner når det er nok, fortel han.

Trening landslaget i fotball

KLAR FOR KAMP: Morten Thorsby er tilbake i varmen hos Ståle Solbakken.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Samtidig kostar det han noko å seie nei til medieoppdrag som kan bidra til å sette hjartesaka hans på dagsorden.

– Det er det som er vondt for meg, for eg har ei sterk indre drivkraft til å få til endå meir, fortare og betre. Det er det eg heile tida jobbar mot. Men eg skjønner at det dummaste eg kan gjere er å brenne meg sjølv heilt ut, da får eg ikkje til nokon ting.

Solbakken: – Vatn over hovudet

Landslagssjef Ståle Solbakken svarer først «nei» på spørsmål om Thorsbys miljøengasjement har gått ut over den sportslege utviklinga hans.

– Men eg trur at han hadde tatt seg litt vatn over hovudet i fjor, og at det blei litt mykje. Men du kan jo kanskje sette det i perspektiv av at miljøengasjement hans er like viktig som å vinne ein fotballkamp i det store og heile, seier Solbakken til NRK.

– På kva måte blei det litt mykje?

– Han reise jo mykje, og engasjerte seg mykje, og fekk kanskje ikkje tid til å slappe av mellom øktene og sånn. Viss ein har full timeplan heile tida så kan det jo bli for mykje for nokon.

 Norge - Slovenia

LITT MYKJE: Ståle Solbakken trur Morten Thorsby tok på seg litt mykje da det stod på som verst.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Har du bede han roe litt ned?

– Nei, for den tida var han jo ikkje aktuell for landslaget, for da spelte han ikkje på klubblaget. Så eg har ikkje snakka så mykje med han om det. Men han ser bra ut nå. Fit og klar. Han har fått orden på kroppen.

Balanse har blitt eit nøkkelord for Thorsby. For miljøengasjementet gir han også mykje energi, understrekar han.

– Det hjelper å få litt erfaring og fleire år på baken òg. Nå kjenner eg meg sjølv så godt at eg klarer å balansere det betre, seier han.

Publisert 10.10.2024, kl. 16.29

Read Entire Article