Politiets etterforsking mot Sissel Knutsen Hegdal vil gi ei nyttig avklaring . Men det er framleis mange ubesvarte spørsmål

3 weeks ago 13



AFTENBLADET MEINER: Politiets etterforsking mot Sissel Knutsen Hegdal vil gi ei nyttig avklaring både for henne og for (Stavanger) Høgre. Men det er framleis mange ubesvarte spørsmål.

Politiet opnar etterforsking mot Sissel Knutsen Hegdal for underslag. Sjølv seier ho at ho ser fram til å forklara seg. Foto: Fredrik Refvem

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconLeder

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.

Kor alvorlege var Sissel Knutsen Hegdals økonomiske disposisjonar med Høgres bankkort? Dette spørsmålet har stått sentralt i den dramatiske saka der Stavangers ordførar til slutt sa at ho ville trekka seg frå vervet og meldte seg ut av partiet.

Mens Stavanger Høgre meinte saka ikkje var alvorleg nok til å senda over til politiet, var vurderinga hos Høgre sentralt i Oslo den motsette.

Nå har politiet konkludert med at dei mistenker Knutsen Hegdal for underslag i fire av dei ni tilfella dei fekk oversendt for to veker sidan. Politiet understrekar at ho ikkje er sikta - som ville kravd meir enn 50 prosent sannsynlegheitsovervekt for skuld. Og i fem av tilfella er altså politiets vurdering at det ikkje er grunnlag for vidare etterforsking.

Sånn sett kan Knutsen Hegdal - og Stavanger Høgre - kanskje sjå på politiets vurdering som ein halv siger. Men når politiet konkluderer med å gå nærmare inn i fire tilfelle, viser det samtidig at det var ei rett vurdering av Høgre sentralt å oversenda sakskomplekset til politiet for vurdering.

Etterforskinga bringer eit nytt alvor inn i saka. Samtidig vil dette gi ei nyttig avklaring både for saka, Knutsen Hegdal og partiet. Knutsen Hegdal har vore kritisk til at ho ikkje har fått tilstrekkeleg tilsvarsrett i rapporten som blei levert av Advokatfirmaet Brækhus, og meiner rapporten inneheld ei rekke faktafeil.

Når politiet, som objektiv og uavhengig instans, no opnar formell etterforsking, er Knutsen Hegdal sikra retten til kontradiksjon, som det det heiter i juridisk terminologi. Ho ser fram til å forklara seg for politiet - og advokaten hennar legg til grunn at saka blir henlagt. Det gjenstår å sjå.

Men det er også viktig for oss alle å få denne uavhengige, juridiske vurderinga. Hadde ikkje politiet opna etterforsking, ville me aldri heilt fått vita nøyaktig kor alvorleg saka var. Det hadde heller ikkje vore bra for nokon av partane.

Politiets vurdering bør også vekka ettertanke hos Stavanger Høgre. Når dei meiner ordførarsaka ikkje har vore alvorleg nok til å gjera meir ut av, dukkar det samtidig opp eit spørsmål rundt haldningar og praksisar i partiets pengebruk lokalt.

Og sjølv om politiet opnar etterforskning av desse sakene, som berre er saker knytta til valkampen i fjor, er det framleis mange ubesvarte spørsmål. Finst det fleire døme på disposisjonar som kan vera i eit etisk eller juridisk grenseland?

At politiet ser på saka er bra. Men det betyr ikkje at alle ting er avklart, uansett kva politiet konkluderer med.

Publisert:

Publisert: 18. september 2024 15:11

Read Entire Article