Ein person er pågripen etter at tre andre fekk knivskadar i Lørenskog fredag kveld. Hen er no sikta for drapsforsøk, melder Øst politidistrikt.
Ifylgje politiet er det kjennskap mellom dei involverte, og såleis ikkje fare for andre.
– Politiet utelukkar ikkje vidare pågripingar i saka, skriv operasjonsleiar Andreas Paulsen i politiloggen.
Dei tre skada blei alle sende til sjukehus. To av dei hadde det politiet kallar alvorlege skadar.