– Mannskapar frå fire brannstasjonar har rykt ut til brannen, fortel fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen, Børre Brekkvassmo.
Brannvesenet har starta sløkking. Kystvakta og ei redningsskøyte er også på veg for å hjelpa til.
Det er eit kontorbygg som brenn. Det tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk, og ligg i bygda Onarheim på Tysnes i Sunnhordland.
Det var i starten uklart om det var personar inne i bygget, men ifølgje Brekkvassmo skal det no ikkje vera personar inne i bygget.
Det er meldt om mykje røyk i området. Bebuarar må lukka vindauge og vurdera å trekka seg lenger unna området som er utsett for røyk, oppmodar politiet om.
Bygningen som brenn, er del av ei rekke med kontorbygg, som ligg på kaikanten på Onarheim. Bygga har vore under oppføring i fleire år, og nærma seg no ferdigstilt, skriv Bladet Tysnes.
Bygningen som brenn ligg i bygda Onarheim på Tysnes.
Publisert 22.03.2025, kl. 15.33 Oppdatert 22.03.2025, kl. 15.48