STAVANGER (TV 2): Mørketida er over, og ein etterlengta påskeferie står for dør. Kirkens Bymisjon minner om at det ikkje er alle som gler seg.

Publisert 17.04.2025 15:15
Påska står for dør, med kvikklunsj i solveggen, påskeegg og festmiddagar.
Innanfor dei svære, gamle tredørene i St. Petri-kyrkja i Stavanger er det dempa lys og latter.
Det duftar av nykoka fiskesuppe og praten sit laust rundt borda.
– Påska er ei høgtid der mange kjenner på einsemd og utanforskap. Og at mange opplever det som meir utfordrande enn jula, seier Inge Takle Mæstad.

Rundt juletider er det mykje merksemd rundt dei som har det vanskeligst i samfunnet og folk som kjenner på einsemd.
– Men påska har det i mykje mindre grad, og det gjer at om ein er aleine er ein meir aleine i påska enn i jula, seier han.
Det er òg noko fleire av deira gjestar stadfester, ifølgje Takle Mæstad. .
– Det er ei lang høgtid, og ofte tømmers byen i større grad. Folk reiser vekk i påsken mykje meir enn dei gjer i jula. Og da blir det tommare i mange hus og gater, seier han.
Kirkens Bymisjon har tilbod i dei store byane, men vil ha fleire med på laget.

Har klar 80 påskeegg
Hos Varmestuens venner er dei klare til påske, sjølv om dei held dørene lukka på heilagdagane.
Varmestuens venner er et lavterskeltilbud for rusmisbrukarar i Stavanger.
Dagleg leiar Geir Høiland seier han har gjort påskekosen klar i forkant.
– Vi har skaffa 80 påskeegg og mat som folk får med seg heim til påske, seier Høiland.

Han opplever at påska ikkje er nødvendigvis er like «galen» som jula for fleire av brukarane.
Han peikar på at det bokstaveleg talt er lysare dagar. I tillegg er erfaringa til Høiland at det er færre vonde familieminner knytt til påska.
– Om det er noko er vi alltid her, og kan dei alltid ringe oss sjølvsagt, seier Høiland.

Kjem med oppfordring
Dermed, i forkant av fjelltur og lammelår, har Kirkens Bymisjon ei oppfordring til nordmenn denne påska.
– Tenk litt etter om ein gjere noko for skapa et godt fellesskap denne påska. Gode fellesskap er den mest universelle vaksinen vi har, seier Inge Takle Mæstad.
Kirkens Bymisjon-leiaren meiner vi alle kan stille oss sjølve nokre enkle spørsmål:
– Er det nokon eg kanskje skal sende ei melding til eller ta ein telefon til? Skal eg dekke på til éin eller to ekstra til kveldsmaten? Eller kanskje invitere nokon med på den turen eg har tenkt å gå?