Huset står midt i vegen for planlagde Stad skipstunnel i Kjøde.
Her budde Arild Teigen i 20 år. I 2023 måtte han selje huset til staten og flytte vekk.
No er det ikkje sikkert at tunnelen blir noko av.
– Kjem den ikkje, har dei halde oss for narr, seier Teigen.
Skipstunnelen blir nemleg langt dyrare enn Stortinget har sagt ja til. Igjen skal politikarane ta stilling til prosjektet.
Arild Teigen hamra inn kvar spiker sjølv i huset. Han har forsona seg med korleis ting har blitt.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKPrivate har brukt millionar
Lokalt næringsliv har investert millionar i prosjekt knytt til skipstunnelen.
– Eg er forbanna. Vi har hatt trua på at det skulle skje. Det er brukt mykje privat kapital, seier Margareth Olin Leivdal, styreleiar i Stad Molo.
Dei har planar om å nytte steinmassar frå tunnelen til å bygge molo og hamn i bygda Leikanger.
Frustrasjonen i bygda er stor, ifølge Leivdal.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKDei sette i gang med prosjektet etter at Stortinget sa ja til tunnel i 2021.
Berre i dette prosjektet har lokalt næringsliv spytta inn 3 millioner kroner, ifølge Leivdal.
Men på industrifeltet på Leikanger er det tvil om prosjektet:
Håkon Vatnar Olsen / NRK
Dag-Christian Kvamme
Eg har mine tvil. Dei pratar om å skrote det heile tida. Så det ser mørkt ut. Men eg trur tunnelen vil vere bra for samfunnet.
Håkon Vatnar Olsen / NRK
Natalie Aarsheim
Vi får håpe den kjem, for lokalsamfunnet sin del. Men eg tviler litt, no som den har blitt så dyr. Det er mykje snakk og lite som skjer.
Håkon Vatnar Olsen / NRK
Erling Johansen
Eg meiner den absolutt bør bli til. For sikkerheit, og det blir ein mega turistmagnet.
Dette er absolutt ikkje sløsing. Sjå på regjeringsbygget, kor mykje kostar det? Det er sløsing.
X milliardar
Prisen på tunnelen er førebels ikkje kjend, fordi forhandlingar med dei som vil bygge tunnelen, ikkje er ferdig.
Men prisen er betydeleg høgare enn ramma frå Stortinget på 5 milliardar.
Fleire meiner tunnelen er eit eksempel på statleg sløsing. I 2023 kom Kystverket med ein ny prognose på 7,1 milliardar.
– Viss det blir for kostbart, så bygger vi den ikkje, sa Jonas Gahr Støre (Ap) på NRKs folkemøte i førre veke.
Mykje står på spel for bygda Leikanger.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKFarleg hav
Stadhavet er eit av dei mest vêrharde havstykka i Noreg.
I vikingtida kunne dei sjøfarande dra båtane sine over Dragseidet på Stadlandet for å sleppe å segle rundt.
Allereie i 1870-åra var det planar og skisser for bygging av skipstunnel gjennom Stad.
Sidan har planane blitt langt meir ambisiøse. Planen som no ligg på bordet, er å bygge tunnelen 50 meter høg, 36 meter brei og 1,7 kilometer lang.
Meiner folk i aust ikkje forstår
Tunnelen vil redde liv, trur Stig Ervik.
Han har vore fiskar og sjef for Ervik Havfiske heile livet.
Folk på Austlandet forstår ikkje kor farleg dette havstykket er, meiner han.
– Dei ser ikkje verdien av å ha ein sikker sjøveg. Liv har gått tapt, og liv kjem til å gå tapt, seier han.
Ein tunnel vil redde liv, trur Stig Ervik.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK– Men har ikkje båtane blitt tryggare? I tillegg har vi jo redningsskøyter og redningshelikopter?
– Vi trudde vi hadde dei «safaste» båtane det gjekk an å ha. Og vi mista trass alt ein båt i fjor, som nesten var eit nybygg. Viss du får ein sjø som treffer deg skeivt, så kan alt skje, seier Ervik.
Kan tape investeringar
Investeringane til næringslivet kan fort gå tapt om tunnelen ikkje blir noko av, ifølge Kystverket.
Det same kan gjelde dei 100 millionar kronene som lokale kommunar oppgir å ha brukt. Sjølv har Kystverket brukt 290 millionar.
– Det er ei kjensgjerning at kommunar og næringsliv har brukt mykje pengar. Men vi har ikkje middel eller noko i vårt mandat til å kompensere for dette, seier Sveinung Nedregotten i Kystverket.
Store båtar kan også forlise, ifølge Stig Ervik.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKKva som skjer med huset som Arild Teigen bygde, må dei eventuelt også finne ut av.
– Om det blir skrinlagt, vil vi legge eigedommane ut på marknaden, men viss det blir sett på vent, vil vi behalde eigedommane, seier Nedregotten.
Teigen hamra inn kvar spiker sjølv i huset. Han har forsona seg med korleis ting har blitt og har bygd nytt hus. Men han har mista trua på løfter frå politikarar.
– Eg trur ikkje på det før eg ser maskinene begynne. Då skal eg tru på det, seier han.
Publisert 01.09.2025, kl. 22.08