Ny rapport: Tusenvis av kvinner i Sør-Korea pressa til å gje bort borna sine

2 weeks ago 19



Ein ny rapport frå Sør-Korea som vart lagt fram denne veka, viser at tusenvis av kvinner i byane Seoul og Daegu og provinsane Sør-Chungcheong og Gyeonggi vart pressa til gje bort borna sine til utanlandsadopsjon, skriv nyheitsbyrået AP.

Nokre gongar var borna så små at det berre hadde gått timar sidan fødselen.

Ei av dei over 300 sakene som vart granska, er adopsjonssaka til norskadopterte Uma Feed.

Reisedokumentet til eit born.

Reisedokumentet til Feed. Ho vart adoptert til Noreg då ho var fem månader gammal.

Faksimile: Privat

Ho er fødd i Sør-Korea i 1982, og vart adoptert bort som fem månadar gammal i eit av områda der sanningskommisjonen no meiner at kvinner vart tvunge til å gje frå seg borna.

Det er ein bittersøt siger, seier Feed.

Uma Feed har tidlegare fortalt adopsjonshistoria si til andre norske medium.

Fann familien som fortalde ei anna historie

Den nye rapporten er lagt fram av Forsoning- og sanningskommisjonen. Kommisjonen vart oppretta i 2022 for å undersøkje brot på menneskerettane knytt til landets tidlegare militærregime som styrte landet på 1970- og 1980-talet.

Ifølgje ein av etterforskarane i kommisjonen, Ha Kum Chul, vart 17.500 born utanlandsadoptert ut av landet mellom 1985 og 1986.

Mann med kort svart hå, kvit skjorte og blazer som står framfor ein mikrofon.

Ha Kum Chul, etterforskar ved Sanning- og forsoningskommisjonen, talar til media under ei pressekonferanse denne veka.

Foto: Im Hwa-young/Yonhap / AP

Borna vart overførte til adopsjonsbyråa Eastern Social Welfare Society eller Holt Children's Services som nyfødde, ofte berre timar eller dagar gamle.

Det meiner Ha og kommisjonen tyder på at adopsjonen vart bestemt før fødselen.

Ingen av dei to nemnde adopsjonsbyråa i rapporten, har svart på kommentar om kommisjonens funn.

Etter kvart vart borna plasserte hjå familiar i USA, Danmark, Noreg og Australia.

Dokument frå institusjonane viser at nokre av kvinnene samtykka til å gje borna frå seg, medan andre vart pressa til det.

Kvinne foran ein mikrofon

Feed har halde tale for den sørkoreanske nasjonalforsamlinga. Her var tema utanlandsadopsjon.

Foto: Privat

I adopsjonsmappa til Feed stod det at ho var eit foreldrelaus born, fortel ho.

Då ho fann og besøkte dei biologiske foreldra sine, fortalde dei ei anna historie.

Feed fortel at ho vart adoptert bort utan samtykke frå mora. Ho seier at ho mest sannsynleg vart anten seld eller bortført frå besteforeldra, medan mora var sjuk.

– Eg liknar veldig mykje på dei. Det er likevel vanskeleg å knytte band fordi eg har mista veldig mykje, eg har gått glipp av kulturen og språket.

To menn og to kvinner som smiler til kamera.

Uma har funne sin biologiske familie som ho seier har lett etter ho. Ho har ein eldre bror som har vakse opp med foreldra.

Foto: Privat

Ho fortel at det er mykje ho er skuffa over, men at det vanskelegaste er at det ikkje finst eit støtteapparat.

– Ein står åleine med mykje.

Feed har tidlegare meldt den norske stat til Oslo politidistrikt for å ha vore klar over adopsjonsforholda i Sør-Kora, men likevel halde fram med å tillate adopsjonar frå landet.

Saka vart lagt bort fordi ho var forelda.

No vil Feed ta både Noreg og Sør-Korea for menneskerettsdomstolen i Haag, fordi brot på menneskerett ikkje vert forelda.

Stort antal utanlandsadopsjonar

Tidlegare i år avslørte VG systematisk juks i adopsjonspapir frå Sør-Korea, mellom anna at born vart ført opp som foreldrelause, sjølv om foreldra levde.

Barne- og familiedepartementet har opna opp ein ekstern gransking av utanlandsadopsjonar.

I ein e-post til NRK skriv dei at håpet med granskinga er å få svar på om og eventuelt i kva omfang det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.

«Når det gjeld støtte til norske adopterte har regjeringa prioritert etteradopsjonstiltak høgt og fått på plass fleire tiltak det siste året. Dette gjeld mellom anna etableringa av ei ny kompetanseteneste for adopterte og familiane deira, som ein kan kontakte for å få råd og rettleiing. Bufetat har òg starta ei teneste for bistand til søk etter biologisk opphav, og ei teneste for samtalestøtte til adopterte.», står det i e-posten.

Kvinne som gråt og nokon som trøyster ho.

Eit offer for Brothers Home, gret under ei pressekonferanse på kontoret til Sanning- og forsoningskommisjonen i Seoul, Sør-Korea, då fyrste rapport vart lagt fram i 2022.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Sanningskommisjonen har tidlegare avslørt at kvinner rundt hamnebyane i Busan vart utsett for den same praksisen med tvangsadopsjonar.

Dei fleste vart sendt til institusjonen Brothers Home, ein berykta og i ettertid kalla for ein «konsentrasjonsleir». Der vart dei brukte som slavar, og mange vart valdtekne og drepne.

Til saman har om lag 200.000 sørkoreanarar vorte adopterte til USA, Europa og Australia dei siste seksti åra. Dette er mest sannsynleg verdas største diaspora av adopterte.

Omlag 6500 av desse vart adoptert til Noreg.

Publisert 14.09.2024, kl. 22.48

Read Entire Article