I morgontimane onsdag opna Hizbollah Dahieh for pressa. NRK blei bedne om å møte ved den ytre grensa til forstaden i Beirut og følgde deretter til fots gjennom gatene.
Dahieh er ein sjiamuslimsk bydel i hovudstaden med om lag 700.000 innbyggjarar. I denne bydelen står Hizbollah sterkt.
Etter kampane ligg det ein tjukk røyk over forstaden, som militsen har full kontroll over.
Ein stad hadde eit heilt kvartal blitt bomba i sund. Òg nærliggande bygg hadde store skadar. På dei bygga som stod, var vindauge blåste ut og inventar sprengt.
Fleire hovudgater er heilt forlatne, med tomme butikkar og bustadblokker. Straumkablar ligg på bakken, og fleire stader er det er ingen mobildekning.
Hizbollah styrer kvar vi får gå, men ikkje kvar og når vi filmar. Ved kvar ruin får vi vere i omtrent ti minutt.
Gjennom heile krigen har Israel hevda at dei bomba sivile område, som Dahieh, fordi Hizbollah gøymer den militære infrastrukturen sin her. Dette har Hizbollah avvist.
NRK såg ingen militær infrastruktur i løpet av eit par timar i Dahieh, berre sivile bygg som var skadde.
Men utifrå eitt kontrollert besøk, er det umogleg å stadfeste eller avkrefte påstandar.
Hevdar at Hizbollah vann
Dei fleste innbyggarane i Libanon er svært kritiske til krigen med Israel. Dei meiner at Hizbollah drog Libanon inn i ein krig då dei skaut rakettar mot Israel 8. oktober i fjor.
Men i Dahieh hadde tilhengarar av militsen samla seg i gatene under det planlagde besøket. Dei køyrde i bilkolonnar, spelte kampsongar, og veiva med Hizbollah-flagg.
Ein av dei tilhengjarane NRK møtte var Diana Hussein (27). Tobarnsmora bur i Dahieh. Ho fortel at familien mista huset sitt i dei israelske angrepa, men meiner det er ein liten pris å betale samanlikna med offera til Hizbollah-krigarane.
– Mange libanesarar var imot krigen og heia på Israel i det skjulte, men takka vere alt soldatane våre har ofra vann vi krigen. Israel lukkast ikkje i å ta over Libanon.
– Men Hizbollah mista store delar av leiinga si. Tusenvis av krigarar er drepne. Sjå deg rundt i Dahieh, det er øydeleggingar over alt. Korleis kan du seie at de har vunne denne krigen?
– Israel fekk ikkje erobre Libanon, dei fekk ikkje avvæpne Hizbollah, og dei fekk ikkje ta ein tomme av Libanon. Dei fekk ikkje ein prosent av det dei ønskte.
– Vi skal bygge det opp att og få liva våre på beina igjen. Vi klarte det etter krigen i 2006, og vi skal klare det igjen, inshallah.
Evakuerte vil ikkje flytte tilbake
– Det var skyting heilt til klokka tre i natt frå begge sider, fortel Solveig Henriksen Ben Eliahu, ein norsk-israelar som bur i Nord-Israel.
Våpenkvila mellom Libanon og Israel trådde i kraft klokka fire lokal tid, og sidan då har det vore roleg, ifølgje ho.
Ben Eliahu kom til Israel som frivillig i 1981 og har blitt verande.
Kibbutzen ho bur i, Kfar Szold, ligg berre 5,5 kilometer frå den libanesiske grensa.
– Vi evakuerte i fem veker fordi det var så mykje rakettangrep frå Hizbollah, fortel ho.
Ho forklarer at dei blei oppfordra av kommunen i 2023 om å evakuere.
Mange av dei evakuerte vil ikkje flytte tilbake att, fortel ho.
– Mange familiar, særleg dei med små born, har flytta til Tel Aviv fordi dei ikkje føler seg trygge nok her. Og sidan skolebarna allereie har starta skoleåret ein annan stad.
Gjennom dei over førti åra ho har budd ved grensa, har ho hatt lite kontakt med menneska på den andre sida.
– Det er ikkje akkurat som grensa til Sverige.
Rakettangrepa frå Hizbollah dei siste året var skremmande, men ein blir vane med det, seier Ben Eliahu.
– Håpar på fred ein dag
Kvardagen det siste året har vore vanskeleg.
– Alarmen har gått fleire gonger, og det har vore rakettnedslag på begge sider av kibbutzen. Då har eg kjent meg utrygg, for huset mitt er ganske gamalt og har ikkje noko bomberom.
Ho har to minutt gangavstand til næraste bomberom, og berre 15 sekund på å komme seg unna når alarmen går. Det er langt når det står om livet.
– Vi håpar på fred ein dag, men eg trur det er ganske umogleg.
Ho meiner at fred ikkje er mogleg før alle gislane frå Gaza er frigjevne.
Publisert 28.11.2024, kl. 07.45