Norske helsearbeidarar på plass i Gaza

4 days ago 3



11 år gamle Adam ligg hardt skadd i ei sjukeseng på Nasser-sjukehuset i Khan Younis på Gaza.

Måndag var gutungen på matutdeling, saman med far sin og ein kameraet, på det han kallar «site to die» – plassen du døyr på.

Kameraten blei skoten i hovudet og døydde momentant.

Adam blei skoten i brystet og høgre overarm. No ventar han på operasjon for å få reinsa såra sine.

Et barn som ligger skadet på en sykehusseng

Adam (11) blei skoten i matkø. No ventar han i operasjonskø på eit overfylt sjukehus på Gaza.

Foto: NORWAC

Han var ein av mange pasientar som venta på hjelp då eit norsk team med helsearbaidarar frå Norwac kom til sjukehuset tysdag kveld.

Der møtte dei eit sjukehus overfylt med pasientar, og overarbeidde legar og sjukepleiarar som har rast ned i vekt.

– Mange av kollegaene kjente eg nesten ikkje igjen. Dei var avmagra og slitne. Eg såg ein av dei hadde beltespenne på det inste holet. Likevel hang buksene og slang. Alle har gått ned i vekt, seier ortoped Geir Stray Andreassen til NRK.

Mann med grønn skjorte og hårnett holder opp en mobil med bilde av seg selv.

Ein av legane ved Nasser-sjukehuset viser fram eit bilete av korleis han såg ut før matmangelen i Gaza.

Foto: Geir Stray Andreassen / Privat

Manglar utstyr

Andreassen leiar det norske teamet, som også består av ortopeden Odd Arild Ågedal frå Hammerfest sjukehus og operasjonssjukepleiaren Silvana Zuvela frå Ahus.

Dei begynte arbeidet onsdag, men mangel på medisinar og utstyr gjer at det er avgrensa kva dei får gjort.

en gruppe mennesker som poserer for kameraet

Det norske teamet som kom til Gaza tysdag. Frå venstre Geir Stray Andreassen, Odd Arild Ågedal og Silvana Zuvela.

Foto: NORWAC / Handout / Handout / NTB

– Mange kjem inn med omfattande skot- og brotskadar, men vi har lite utstyr for å fiksere brota. Gipsen er av dårleg kvalitet, så det er eit stort problem.

Trailerar med nødvendig utstyr har stått på vent på grensa inn mot Gaza i eit halvt år. No håper Andreassen at bilane får komme inn ein av dei neste dagane.

Torsdag kveld var han med i Dagsrevyen. NRK åtvarar om sterke bilete:

Overfylt sjukehus

Nasser-sjukehuset er det største sjukehuset i Gaza som framleis er i drift. Det gjer at sjukehuset blir fylt opp med trengande pasientar.

– Når dei kjem inn på sjukehuset, blir dei kanskje plassert på ein madrass i ein korridor. Det er overbelegg på 250 prosent, så det er pasientar og pårørande overalt.

Mennesker ligger i senger på en gang

Sjukehuset er overfylt med pasientar. Mange må ligge på madrassar i gangane.

Foto: Norwac

I tillegg til dei omfattande skadane er mange av pasientane sterkt prega av matmangelen i Gaza. Dei tilsette ved sjukehuset prøver å halde motet oppe, men mange pasientar er i ferd med å miste motet.

– Vi ser at dei ligg apatiske i sengene sine. Dei ser opp i taket og er svoltne og avmagra. Dei ber preg av å ha vore gjennom mykje.

Dødelege angrep

Dei norske helsearbeidarane skal etter planen vere tre veker i Khan Younis for å hjelpe til ved Nasser-sjukehuset. I tillegg skal dei hjelpe ved eitt av feltsjukehusa i Gaza.

Nasser-sjukehuset, der det norske teamet no er, blei angripe to gongar førre måndag. Minst 20 personar blei drepne i angrepa, blant dei fem journalistar.

Andreassen seier det er rart å komme dit så kort tid etter det som hende, og høyre historiene frå dei som var til stades.

– Operasjonssalen ligg berre 50 meter frå der det skjedde. Legane fortel dei høyrde høge smell, før dei gjekk ut i korridoren der det var fullt av støv. Etter kort tid kom det mange skadde direkte inn frå trappeoppgangen.

Mann står med korslagte armer foran et stort hull i en vegg.

Skadane etter angrepa mot Nasser-sjukehuset for halvannan veke sidan er store.

Foto: Norwac

Men sjølv om det skjedde dramatiske ting der for kort tid sidan, er ikkje det noko det norske teamet vil dvele ved.

– Vi prøver å ikkje fokusere på det, for då hadde vi ikkje reist ned. Det må vi berre skyve frå oss.

Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 04.09.2025, kl. 20.20 Oppdatert 04.09.2025, kl. 20.25

Read Entire Article