GJESTEKOMMENTAR: Om det norske språket ikkje lenger held tritt med utviklinga av ny kunnskap og innsikt, vil det bli redusert til eit kjøkkenbordspråk – berre brukeleg til å kommunisera om det nære, kjære og tradisjonsorienterte.
Åse Wetås
Direktør, Språkrådet
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
I midten av juni la den norske Forleggjarforeininga fram den årlege bransjestatistikken sin. Også dette året kunne dei melda om nedgang i salet av norske lærebøker. Nedgangen er særleg stor for lærebøker for høgare utdanning, og for forlaga er det eit spørsmål kor lenge dei kan halda fram med å gje ut denne typen fagbøker på norsk.
Om utviklinga varer ved, kan me om få år vera i ein situasjon der norske lærarstudentar får pensumlitteraturen sin berre på engelsk, var meldinga frå direktøren i Forleggjarforeininga då statistikken blei lagd fram.
Dei norske forlaga utgjer éin del av det litterære krinslaupet i Noreg, men dei er sjølvsagt avhengige av at fagfolk i universitetssektoren kan prioritera å skriva lærebøker og at det finst nokon som ønskjer å kjøpa og lesa bøkene dei gjev ut.
Eit varsku
For norsk språk og for det norske samfunnet bør meldinga om svikt i salet av norskspråklege lærebøker vera eit varsku.
Dersom norsk fagspråk ikkje lenger blir delt i skrift, vil det raskt bli utilgjengeleg for allmenta. Og dersom språkbrukarane i Noreg ikkje lenger får lærebøker og annan faglitteratur på eige språk, vil høvet til å kunna gjera seg kjend med verda og tileigna seg kunnskap med utgangspunkt i vår eiga språklege forståingsramme, bli borte.
Om lag samstundes med at statistikken frå bokbransjen blei lagd fram, presenterte Språkrådet rapporten Språkstatus 2025. Den vurderer tilstanden for norsk språk på eit utval særleg utsette område.
Eit hovudtema dette året er språkbruk i den norske høgare utdanningssektoren – altså ved høgskulane og universiteta våre. Der har det sidan tusenårsskiftet skjedd ei stor endring i balansen mellom bruk av norsk og engelsk.
Dessverre har det mangla god systematikk i språkarbeidet ved institusjonane, og resultatet i dag er at det finst fagområde der norsk er i ferd med å bli borte. Heilt konkret er me i 2025 i ei stode der det spesialiserte norske ordforrådet som skal til for å formidla og læra på norsk, ikkje lenger er fullt ut tilgjengeleg på alle fagområde. Det er alvorleg både for norske språkbrukarar og for norsk som fellesspråk og nasjonalspråk.
Mindre norsk
Det har for all del blitt sett i verk tiltak gjennom dei seinaste tiåra.
I 2009 blei situasjonen vurdert til å vera så alvorleg at universitets- og høgskulelova fekk ein ny paragraf som gav dei akademiske institusjonane ansvar for å vedlikehalda og utvikla norsk fagspråk på alle fagområde.
Etter kvart kom det også pålegg til institusjonane om å laga språkstrategiar som kunne gje betre systematikk i arbeidet med å sikra norsk som levande fag- og vitskapsspråk. Og Språkrådet har over tid finansiert og rettleia arbeidsgrupper der forskarar frå universitetsinstitusjonane har samarbeidd om å utvikla norskspråkleg fagterminologi på fagfelta sine.
Likevel viser tal frå Språkstatus 2025 at bruken av norsk i sektoren har gått vidare nedover det seinaste tiåret. Berre ni prosent av forskingsartiklane frå forskarar i norsk akademia og fem prosent av alle doktoravhandlingar i Noreg blir i dag skrivne på norsk.
Det har blitt meir engelskspråkleg undervisning på både bachelor- og masternivå, og berre litt meir enn halvparten av masteroppgåvene ved norske høgskular og universitet blir i dag skrivne på norsk. Også i den skriftlege formidlinga til eit breiare publikum, i form av tidsskriftbidrag, leksikonartiklar, bøker og rapportar, er det mindre norsk og meir engelsk i dag enn for ti år sidan.
Best på vårt eige språk
I samfunnet vårt treng me lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar og økonomar som kan faget sitt på norsk. Forskinga viser at studentane lærer best på eige språk, og eit fleirtal av studentane meiner det er viktig å få pensumlitteratur og undervisning på norsk.
Dessutan veit me at dei aller fleste norske studentane skal ut i den norske arbeidsmarknaden etter at dei er ferdig utdanna. Der møter dei arbeidsgjevarar som ønskjer seg nye medarbeidarar som er gode i norsk – både munnleg og skriftleg.
I tillegg til å utdanna nye fagspesialistar, utfører universiteta og høgskulane i Noreg viktige forskingsoppgåver på vegner av det norske samfunnet. I ei tid der me møter stadig meir falske nyhende og alternative fakta, trengst det kvalitetssikra kunnskap som er til å stola på. For at forskingsbasert kunnskap skal ha høg tillit og nå oss alle, må kunnskapsformidlinga skje på vårt eige språk.
Språket vårt ber kunnskapen og erfaringane våre, og det ber det kollektive medvitet vårt. I verdssamanheng er norsk eit stort språk, og det er ingen overhengande fare for at det kjem til å bli borte. Men om språket ikkje lenger held tritt med utviklinga av ny kunnskap og innsikt, vil det bli redusert til eit kjøkkenbordspråk – berre brukeleg til å kommunisera om det nære, kjære og tradisjonsorienterte.
Skulle det skje, vil det ikkje lenger vera råd å ha eit opplyst offentleg ordskifte på vårt eige språk om alle dei store spørsmåla som pregar samtida vår. Det ville vera svært dårleg nytt for det norske demokratiet og for kvar og ein av oss.
Publisert:
Publisert: 13. juli 2025 18:11