Det kinesiske tek-selskapet Alibaba har i dag lansert ein versjon av sin KI-teneste.
Dei hevdar sjølv at versjonen er betre enn DeepSeek som tidlegare denne veka snudde opp ned på børsen.
Det kinesiske KI-framstøyten har sett spørsmål til USAs dominans i KI-bransjen.
Alibaba-sjefen Wang Jian.
Foto: BEN STANSALL / AFPLansering på kinesisk nyttårsaftan
Alibaba sin nyaste versjon, som dei kallar Qwen 2.5-Max blei lansert onsdag, ifølge Reuters. Og dette på kinesisk nyttårsaftan når dei fleste kinesarar har fri for å feire høgtida.
Truleg har DeepSeek sitt framstøyt ikkje berre pressa dei amerikanske produsentane, men også dei kinesiske.
Alibaba seier tenesta deira er betre enn DeepSeek og OpenAI sin siste versjon.
Sjokkerte Silicon Valley
Det var fredag førre veke at det kinesiske tek-selskapet DeepSeek overraska med å lansere ein ny KI-modell.
Ikkje berre var han billigare og meir effektiv, men dei la også ut heile kjeldekoden på internett.
Dei brukte heller ikkje dei nyaste databrikkene til amerikanske Nvidia, som nokre dagar seinare fekk børsen til å knekke. Selskapet gjekk med fleire milliardar dollar i tap.
To dagar seinare lanserte også TikTok-selskapet ByteDance ein ny språkmodell.
KI-kappløpet er i gang
KI-forskar Leonora Bergsjø seier at nye modellar og større konkurranse ikkje er utelukkande negativt eller positivt.
– Dei nye modellane er betre på berekraft, og det er kjempeviktig. Dei vi har sett hittil bruker ekstremt mykje vatn og energi, seier Bergsjø.
Med tanke på personvern er dei meir problematiske og etikk.
Leonora Bergsjø er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder og forskar på mellom anna digital etikk.
Foto: Universitetet i Agder– Det vi ser er at dei fleste møter eit minimumskrav av det som trengst på tryggleik og lovlegheit på til dømes personvern:
– Men på etikk så ser ein at dei kinesiske modellane har høgt bevisstheit på kva som er ok for dei kinesiske styresmaktene, medan dei amerikanske akkurat no er meir opptatte av kva den sittande presidenten er opptatt av.
Ho oppmodar brukarar til å vere forsiktig med å ta modellane i bruk ukritisk.
– Eg ville ikkje anbefalt det til nokon som ikkje har høg kompetanse å bruke desse modellane, seier ho.
Publisert 29.01.2025, kl. 07.59 Oppdatert 29.01.2025, kl. 08.17