I 1939 blei Garland verdsstjerne då ho spelte hovudrolla som Dorothy Gale i den ikoniske filmen «The Wizard of Oz».
Og det var ikkje berre ho sjølv som glitra i filmen, det gjorde også dei raude skoa hennar.
No blir dei originale skoa stilt ut hos auksjonshuset Heritage i London, før dei 7. desember skal auksjonerast vekk i Los Angeles.
Summen for dei glitrande skoa er nok i overkant for dei fleste nordmenn – sjølv med halv skatt i desember.
Auksjonshuset ventar å få 2,9 til 4,8 millionar dollar, Altså frå 32 millionar til 53 millionar norske kroner.
Fann skoa på lager
Dei raude paljettskoa blei designa av Gilbert Adrian, sjefen for kostymedesign hos Metro-Goldwyn-Mayer (MGM).
Fleire prototypar blei laga og forkasta. Av dei siste seks til ti para som blei laga, trur ein at fire par som blei brukt i filmen, har overlevd.
Eitt par er på permanent utstilling ved National Museum of American History, ved Smithsonian i Washington DC.
Dette paret med sko blei funne i eit MGM-lager etter at selskapet blei selt i 1969.
Desse skoa har seinare blitt redesigna av kjende motehus.
Ny suksess
Samstundes som Judy Garland og «Trollmannen frå Oz» no får ny merksemd, så skuldast det ikkje minst filmatiseringa av «Wicked».
«Wicked» tar utgangspunkt i romanen frå Gregory Maguire som kom i 1995, som igjen let seg inspirere av romanen «The Wonderful Wizard of Oz» frå år 1900.
I begge bøkene er skoa skildra som sølvglinsande, noko også skoa til Ariana Grande er i «Wicked».
I filmatiseringa av «The Wizard of Oz» frå 1939, er skoa til Judy Garland altså skinande og glinsande raude.
Årsaka til fargevalet i 1939 skal ha vore at filmskaparane ønska å vise fram fargane i den relativt nye teknologien kalla «Technicolor».
(Kjelder: imdb.com, BBC)
Publisert 27.11.2024, kl. 20.15