Thomas Hylland Eriksen vart diagnostisert med kreft i bukspyttkjertelen hausten 2016. Han døde i kveld. Det stadfestar kona hans på Facebook.
«Vår Thomas, min elska mann og vår snille pappa forlét oss fredeleg og for alltid, tidleg i kveld. Vi har lenge visst at hans eineståande og eventyrlege liv ikkje kunne vare så lenge som vi ønska. Heldigvis har vi som stod han nærast, Ole, Amanda, Kari, Ketil hatt ei fin tid, gode samtalar og augneblikk for æva med Thomas dei siste døgna.»
– Ein sjeldan blome
Universitetsprofessorar Torgeir Kolshus, instituttleiar ved Sosialantropologisk institutt på UiO, kjende Hylland Eriksen godt.
Han skildrar han slik:
– Ei internasjonal stor stjerne. men også ein som studentar på førsteåret kunne sende e-post til og få svar.
– Han var ein sjeldan blome.
Samfunnsengasjert familie
Hylland Eriksen vaks opp i ein intellektuell og samfunnsengasjert familie, noko som forma han. Han studerte filosofi, sosiologi og sosialantropologi ved Universitetet i Oslo frå 1981.
Eriksen var forskar ved Institutt for fredsforsking (Prio) ein kort periode (1990–1991), før han vart tilsett ved Universitetet i Oslo. Han var førsteamanuensis frå 1991, og vart utnemnt til professor i 1995, 33 år gammal.
Publisert 27.11.2024, kl. 21.12 Oppdatert 27.11.2024, kl. 21.30