Klokka 20.55: Brannvesenet melder på X at det har tatt fyr i det eine hjørnet på eit hus i Vanylven på Sunnmøre.
– Jobber med å kjøle ned huset slik at brannen ikke skal utvikle seg, heiter det på X.
Klokka 21.02 melder dei at dei har kontroll.
– Det starta med at eg høyrde ein smell, sjølv om eg bur langt unna, seier eit augevitne. Han trur smella var vindauge som eksploderte i varmen.
– Kor dramatisk var det?
– Veldig dramatisk. Eg har aldri sett ein så eksplosiv brann. Det var flammar som gjekk langt over huset og lyste opp heile området, seier augevitnet til NRK.
Ute med alt tilgjengeleg mannskap
Vanylven Brannvesen rykte måndag kveld ut med alt tilgjengelig brannmannskap til brann i ein garsje i Almklovdalen i Vanylven.
– Det er veldig stor strålevarme og kraftig brann, full overtenning, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Jon-Rune Lillebø til NRK.
Ifølgje han skal alle i huset vere ute.
Både politi og helsevesen er på staden.
Store styrkar på veg
Brannvesenet har kalt ut mannskap frå dei nærliggande brannvesena, både frå Syvde, Fiskå og Eidså. Den næraste brannstasjonen ligg ei mil unna.
Augnevitnet som NRK har snakka med seier det er ei bragd dersom brannvesenet klarer å berge huset.
– Dersom dei klarer å berge dette huset, er det utruleg flaks med dyktige brannfolk, seier han.
Publisert 24.03.2025, kl. 20.48 Oppdatert 24.03.2025, kl. 21.20