Ni livstruande skada etter knivangrep: – Trudde det var ein halloween-spøk

1 day ago 3



Ti personar er sendt til sjukehus etter eit knivangrep på eit tog i England laurdag kveld.

– Ti personar er på sjukehus, og ni av dei skal vere livstruande skada, skriv britisk politi på X.

Det har førebels ikkje kome nokre meldingar om omkomne.

To pågripne

Toget var på veg frå Doncaster til King's Cross i London. Det vart stoppa i Huntingdon, omkring 100 kilometer nord for London.

Tre politibetjeter i gule refleksjakker i forgrunnen, i bakgrunnen område med store mengder medisinsk utstyr

Store mengder medisinsk utstyr på togstasjonen.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB

Der blei to menn pågripne av politiet.

Politiet rykte ut med store ressursar klokka 19.42 lokal tid, få minutt etter at toget hadde køyrt frå Peterborough.

  • en hund i bånd som går forbi politibetjenter

    Politi og hundepoliti gjer etterforskingsarbeid på Huntingdon stasjon.

    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB
  • et tog på jernbanesporene

    Politi ved toget der knivangrepa skjedde.

    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB
  • en gruppe mennesker i sikkerhetsvester som står foran en bygning

    Politi og nødetatar arbeider på eit avsperra område ved togstasjonen i Huntingdon.

    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB
  • en gruppe politibiler

    Eit stort politioppbud rykte ut til staden lørdag kveld.

    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB

Britisk politi karakteriserer angrepet som «ei større hending». Dei stadfestar òg at kontraterror-politi deltar i etterforskinga.

– Dette er ei sjokkerande hending, og først og fremst er mine tankar med dei som har blitt skada i kveld og familiane deira, seier politioverbetjent Chris Casey ifølge BBC.

Ifølge Casey veit dei førebels ikkje noko om motiv, men seier at etterforskinga forsøker å avdekke dette.

Toget var på veg frå Doncaster til London då det stoppa ved Huntingdon i Cambridgeshire.

Mykje blod

Eit vitne fortel til Sky News at han såg personar som forsøkte å komme seg unna angrepet.

– Dei var ekstremt blodige, seier vitnet Gavin til kanalen.

Kvinne med kort hår og briller i grønn hettegenser, et kjøkken i bakgrunnen

Wren Chambers såg fleire hardt skadde menneske om bord på toget.

Foto: Reuters

Wren Chambers sat på toget då ho høyrde skriking frå ein av dei næraste vagnane. Etter kort tid kom ein mann løpande med eit stort sår på armen.

– Eg trudde det var ein slags halloween-spøk fyrst. Men så ropar han at nokon har ein kniv og at han vart stukken, seier ho til BBC.

et tog på en stasjon

Toget vart ståande på stasjonen i Huntingdon.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB

Eit anna vitne fortel at han såg fleire blodige passasjerar springe nedover plattforma. Ein av dei, ein mann i kvit skjorte, var «fullstendig dekka av blod», fortel Dean McFarlane til BBC.

London North Eastern Railway opplyser at togtrafikk rundt Huntingdon stasjon er stansa. Det er store togforseinkingar i regionen.

– Djupt urovekkande

Storbritannias statsminister Keir Starmer omtalar hendinga som «djupt urovekkande».

– Den forferdelege hendinga på eit tog nær Huntingdon er djupt urovekkande. Tankane mine går til dei som er råka, og eg takkar naudetatane for innsatsen, skriv Starmer på X.

Statsministeren ber folk i området om å følgje råd frå politiet.

Keir Starmer bruker briller

England sin statsminister Keir Starmer er uroa over hendinga i Huntingdon.

Foto: Leon Neal / Reuters / NTB

Ordførar i Peterborough og Cambridgeshire, Paul Bristow, sine «tankar og bønner går til alle som er råka», skriv han på X.

Bristow reagerer på «fryktelege scener» som har utspelt seg på toget.

Også styreformann i Det konservative partiet, Kevin Hollinrake, skildrar det som «skremmande scener».

– Mine tankar går til offera og naudetatane som handterer denne saka, skriv Hollinrake på X.

en gruppe politibiler

Over 30 væpna politibetjentar jobbar på staden.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB

Interessert i utanriks? Høyr redaksjonen sin nyaste podkast-episode:

Publisert 01.11.2025, kl. 22.39 Oppdatert 02.11.2025, kl. 07.56

Read Entire Article