Naboar reagerer etter snødumping: – Ikkje bra, meiner forskar

1 month ago 27



Like ved eit skilt som oppmodar til å ikkje forureine, dumpa kommunen haugar med skitten snø på ei idrettsbane for born.

STORE HAUGAR: Her er ein av kommunen sine lagringsplassar for overskotssnø - truleg full av forureining. Foto: Ole Ebbesen / TV 2

Publisert 18.01.2025 19:47

Dei siste vekene har haugar på haugar av snø har lagt seg, og sidan regna vekk, frå gater over heile landet. 

Men i snøen som dannar brøytekantane, kan ein og finne helse- og miljøskadelege stoff, mikroplast, sand, slam og grus. 

Viss handtert feil, kan denne snøen vere til skade eller ulempe for miljøet. 

 Fride Sørensen / TV 2
SNØKAOS: Enorme snømengder på kort tid førte til utfordringar for brøytemannskapar i Bergen. Foto: Fride Sørensen / TV 2

I Bergen var løysinga mellom anna å dumpe snøen på idrettsplassar rundt om i byen.

Det fekk naboar til å reagere. 

Uroa for borna

– Vi har barn som spelar fotball der. Viss snøen er for forureina for å dumpast på sjøen, er det då greitt at barna våre får i seg den forureininga? spør ein nabo som TV 2 har snakka med. 

Kommunen kan søke om dumpe snø i sjøen, men Statsforvaltarane er generelt restriktive med å gi løyve til dette.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
LURER: Ein nabo seier til TV 2 at det er fint at dei har forbod mot å dumpe hageavfall, men lurer på kvifor det då er greit å legge frå seg forureina snø. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Fleire naboar reagerte då dei såg lastebil på lastebil køyrde gjennom nabolaget med store mengder snø. 

I ei facebook-gruppe for lokalområdet, stilte fleire spørsmål ved praksisen.

– Det er mange som synest det er rart og mange som er uroa for barna som leika der, seier naboen. 

Naudløysing 

Johanne Vikeså er seksjonsleiar for veg og elektro i Bymiljøetaten i Bergen. 

Ho seier logistikken rundt snørydding er krevjande, særleg med dei store snømengdene som kom i starten av januar. 

– Vi forsøker i utgangspunktet handtere snøen der han fell, men enkelte stader har dette vist seg vanskeleg.

LAGRINGSPLASS: Slik ser det ut ved grusbana der kommunen har dumpa store mengder overskotssnø. Foto: Ole Ebbesen / TV 2

Difor oppretta kommunen fem midlertidige lagringsplassar, der tre av dei er idrettsbaner. 

– Dette er gjort som ei naudløysing når det ikkje har vore praktisk mogleg å handtere dei store snømengdene på andre måtar. 

– Ikkje bra

Forskingsleiar i Niva, Sondre Meland, meiner det ikkje er bra om forureina snø blir dumpa der barn skal leike. 

– Viss snøen kjem frå gater med mykje trafikk, vil den kunne vere ganske forureina. Då er det sjølvsagt ikkje bra viss barn leikar oppi det, seier Meland. 

Han seier at brøyta snø generelt kan vere ganske forureina, avhengig av kor han er brøyta frå og kor lenge han har lagt. 

Snøen kan innehalde alt frå bakteriar og virus, til stoff og miljøgifter som vi omgir oss med kvar dag. 

– Barn et snø. Viss du får i deg snø med desse stoffa, så kan det jo ha ein effekt på helsa på sikt. 

Større fokus 

Det er ikkje berre i Bergen at dette er eit problem. 

– Det er nok mange kommunar som har fått pålegg og kritikk for korleis dei handterer snø i dag. Men det er blitt meir fokus på det, og det er ein god start, seier Meland.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
SKADE FOR MILJØET: Snø frå brøyting kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff, mikorplast, sand, slam, grus, salt og anna avfall som kan vere til skade eller ulempe for miljøet når snøen blir deponert. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Han seier det er blitt strengare krav til korleis ein skal handtere overskotssnøen dei siste åra, og at ein ikkje berre kan dumpe snøen ut i miljøet eller i fjorden. 

Han meiner det er viktig å ha fokus på, for å minske dei negative effektane det har på miljøet. 

Fører tilsyn

I Bergen tryggar Bymiljøetaten at dei følgjer nøye med på snøen dei har lagra. 

– Bymiljøetaten fører tilsyn med alle stadene det er lagra snø og vurderer fortløpande tiltak for å sikre områda, seier Vikeså. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
FORUREINING: Snø og overvann er ei openberr kjelde til forureining, seier forskingsleiar Sondre Meland. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Kvifor er det greitt at snøen blir liggande der barn leikar, når han er for forureina for sjøen? 

– Dumping av snø i sjø inneber ofte ein høgare fare for skade eller ulempe for miljøet enn ved deponering på land. I tillegg inneheld snøen ofte avfall som er vanskeleg å rydde opp frå sjøbotnen i etterkant, seier Vikeså. 

Ho seier vidare at dei vil rydde opp eventuelt avfall som kjem til syne når snøen smeltar.

– Vi tar barnas tryggleik på alvor og gjer det vi kan for å minimere risiko. 

Ho understrekar at dei jobbar aktivt med å finne betre og meir langsiktige løysingar for å handtere snø i framtida.

Dei har mellom anna oppretta et snødeponi for å gjere målingar og hauste erfaringar.

Read Entire Article