
Blues Brothers
Er kultfilmen The Blues Brothers relevant i dagens USA?
Publisert 16.03.2025 12:41
CHICAGO (TV 2):
Det er august 2024 og utfallet av presidentvalet i USA er framleis ikkje avgjort.
På meiningsmålingane ligg Kamala Harris og Donald Trump side om side, og TV 2 er i Chicago for å dekke det demokratiske partiet sitt landsmøte.
Men i kveld har vi bytta ut politiske talar og konferanselokale med med bluesmusikk og backstage pass til The Blues Brothers band.

«Come on, baby don't you wanna go?», syng Jim Belushi, bror til John, medan Dan Aykroyd legg munnspelet til leppene og fyrer laus.
For dei vi skal møte denne augustkvelden i Joliet fengsel hevdar hardnakka at filmen og musikken framleis er relevant, og er eit frampeik på det som snart skal skje i USA.
Tidleg woke-kritikk mot filmen
Filmen The Blues Brothers blei umiddelbart eit kultfenomen då den kom i 1980.

FENGSELSFUGLAR: Enkelte har lagt svært mykje i å kle seg i til The Blues Brothers-konserten. Foto: Frode Hoff / TV 2

BLUESMOBILEN: Fansen valfartar til Joliet fengsel for å oppleve fleire look-alikes av den originale Bluesmobilen frå filmen. Foto: Frode Hoff / TV 2

JAILHOUSE ROCK: Dei besøkande kan fritt boltre seg i mugne celler. Fengselet var i drift fram til 2002. Første sesong av TV-serien Prison Break blei også spelt inn her. Foto: Frode Hoff / TV 2

PINGVINEN: Fleire har kledd seg ut som den skremmande nonna som styrte barneheimen i filmen med hard hand, og gjekk under kallenamnet «Pingvinen». Filmen har seinare blitt omfamna av den katolske kyrkja som ein «katolsk klassikar». Foto: Frode Hoff / TV 2

GOD STEMNING: Sola er i ferd med å gå ned over Joliet fengsel, og snart skal The Blues Brothers på scena. Foto: Frode Hoff / TV 2

LOOK-ALIKES: Fleire har kledd seg ut som hovudpersonane i filmen, Jake og Elwood Blues. Foto: Frode Hoff / TV 2
Filmen fekk enorm påverknad både i USA og resten av verda. Eit uttall sitat frå filmen har blitt allemannseige, men den fekk også kritikk.
The Blues Brothers
Filmen The Blues Brothers hadde premiere i 1980. Kult-filmen av regissør John Landis handlar om korleis brødrene Jake og Elwood Blues tar på seg oppdraget med å redde barneheimen der dei vaks opp i Chicago.
Hovudrollane ble spelt av Dan Akroyd og John Belushi, som døydde av ein overdose i 1982.
Filmen inkluderer legendariske opptredener frå stjerner som Aretha Franklin, James Brown, John Lee Hooker, Cab Calloway og Ray Charles.
Produksjonen av filmen var sterkt forseinka og gjekk langt over budsjett, delvis på grunn av rusbruk fra fleire av skodespelarane, men også dei enorme biljaktene med påfølgande massekrasj.
Premieren fekk lunken kritikk, men filmen har i årenes løp fått både kult- og klassikarstatus, og er inkludert i USAs nasjonale filmregister for si kulturelle betydning og blir rekna som ein av de viktigaste filmane i førre århundre.
Musikalsk og stilmessig har The Blues Brothers inspirert og påverka flere generasjonar musikarar. Etter Belushi sin død i 1982 har bror hans og skodespelar Jim Belushi tatt plassen i bandet.
The Blues Brothers så langt siste opptreden var i august 2024 – da undertegnede journalist fikk oppfylt drømmen om å se bandet opptre.
Akroyd og Belushi vart blant dei første som blei skulda for kulturell appropriasjon, fortel Daniel de Visè.
Forfattaren og journalisten er ute med ei bok om fenomenet The Blues Brothers og på plenen i Joliet fengsel signerer han bøker så blekket sprutar.
Blei skulda for å stele svart musikk
Han fortel at Blues Brothers var tidleg ute med å bli skulda for såkalla kulturell appropriasjon.
Både John Belushi og Dan Aykroyd var kjend frå humorprogrammet Saturday Night Live, og blei kritisert for at dei som kvite menn ikkje burde spele og synge såkalla svart musikk.
Langt inn på 60-talet visste kvite fans og platekjøpar nesten ikkje om den store svarte musikken, på grunn av den strukturelle rasismen i musikkbransjen, seier De Visè, som fortel at dette endra seg utover 70-talet.
– The Blues Brothers kom i ei tid då alle kvite og svarte alt kjente og elska musikarar som Aretha Franklin og Ray Charles.
Filmen feirar denne fellesskapen av alle dei forskjellige menneska som nyt musikken, seier han.
We're putting the band back together
På bakrommet, der musikarane er samla med venner og familie treff vi norsk-ætta Lisa Wolancevich, som er gift med ein av musikarane i bandet.
Ho kjende John Belushi, og seier ho har mange gode minner om komikaren som vaks opp i nabolaget i Chicago.

– Ei venninne av meg pleidde å køyre rundt i bilen saman med han og røyke substansar som var ulovleg på den tida, ler ho.
Lisa er født Michelsen, og fortel om oldemora som gravid med tvillingar reiste frå Stavanger til Canada, før ho tok seg inn i USA.
– Dei var vel det vi i dag kaller ulovlege innvandrarar.
Som med mange andre vi møter kjem samtalen rask inn på politikk, og det kommande valet. Lisa seier Trump kjem til å reversere rettar som bestemor og mor hennar kjempa fram, og at ein republikansk seier vil ta bort retten til fri abort.
– Eg er livredd for at den mannen vil ta det frå oss, at vi blir andreklasses borgarar, seier ho.
I hate Illinois nazis

I filmen The Blues Brothers blir brørne mellom anna jakta på av ei nazistisk gruppe frå Illinois, og feiden mellom musikarane og ytre høgre-gruppa blir skildra i ikoniske scener.
Ein månad ut i Trump 2.0-regimet har fascist-helsingar frå Elon Musk og Steve Bannon skapt frykt og sinne – og fått mange til å dra samanlikningar til autoritære rørsler.

Men denne kvelden, på plenen i Joliet, er valkampen framleis open.
Den blå skumringa er i ferd med å gå over i svart natt, og publikum svarar på det velkjende refrenget; sweet home Chicago,
Eit par timar etter konserten møter vi Akroyd og Belushi i ein golfbil, på veg til «meet & greet» med fansen.
Akroyd trur det først og fremst er musikken som har gjort at filmen enno er relevant.

– Det er ekte musikk, ekte tekstar og ekte rytme, Blues er ein gløgg form for musikk, som er lyrisk morosam. Det er ærleg musikk, difor har den påverka folk over heile verda, fortel skodespelaren engasjert.
Ser du noko i Amerika i dag som Blues Brothers-filmen peikar mot?
– Det finst framleis nazistar rundt omkring, seier Akroyd.
Vi såg det komme!
Utanfor Joliet held Illinois police departement vaktsamt auge med publikum som ruslar til bilane sine.
Ei kjensle av at eit kapittel går mot slutten ligg i lufta denne augustkvelden.
Men også kjensla av at både bluesmusikk og fengsel ein gong igjen vil spele ei rolle i sagaen om USA.

EKSPERTEN: Bøkene om fenomenet The Blues Brothers går unna på konserten. Det er forfattaren sjølv som signerer. Foto: Frode Hoff / TV 2

FRÅ BOKA: «Hisorien om eit episk vennskap mellom John Belushi og Dan Akroyd. Den gyldne tidsalderen med improvisert skodespel, den første tida av Saturday Night Live og skapinga av ein klassisk komedie som forma populærkulturen», står det å lese i boka. . Foto: Frode Hoff / TV 2

SITATMASKINER: Filmen er ei sitatmaskin, fortel forattar Daniel de Visè. – For folk i Amerika er det ein av dei filmane, og det er ikkje mange, som alle kan sitere frå, seier han. Foto: Frode Hoff / TV 2
Berømte sitat frå The Blues Brothers:
Elwood: It's a hundred and six miles to Chicago, we've got a full tank of gas, half a pack of cigarettes, it's dark, and we're wearing sunglasses. Jake: Hit it.
Jake: First you trade the Cadillac for a microphone, then you lie to me about the band, and now you're gonna put me right back in the joint! Elwood: They're not gonna catch us. We're on a mission from God!
Mrs. Tarantino: Are you the police? Elwood: No, ma'am. We're musicians.
Jake: What kind of music do you usually have here? Barmaid: Oh, we have both kinds: country AND western.
Jake: We'll put the band back together, do a few gigs, we get some bread. Bang! Five thousand bucks. Elwood: Yeah, well, getting the band back together might not that be that easy, Jake.
Elwood: Illinois Nazis. Jake: I hate Illinois Nazis.