Mysterium i fjellet: Her fann dei titals døde reinsdyr

2 hours ago 1



På ei berghylla i Hardanger står tre personar frå Mattilsynet i kvite heildressar av plast.

Rundt dei ligg det restar av mange døde reinsdyr. Det er eit brutalt syn.

Nokre av dyra ligg på sjølve berghylla, medan fleirtallet har hamna utfor stupet og ligg under.

Kva som har skjedd med dei er eit mysterium.

– Eg har aldri sett dette før, og då har eg vore i denne jobben i 20 år, seier Ingmar Slettemark som er rovviltkontakt i Statens naturoppsyn.

Rester av reinsdyr ved Breidablik

Bileta frå staden er brutale.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han er på jakt etter spor etter rovdyr, og prøver å finna ut kva som kan ha skjedd.

– Eg ser etter eventuelle spor etter klør frå ørn, eller om det kan ha vore jerv her, seier Slettemark.

Statens naturoppsyn og Mattilsynet er på synfaring etter at mange reinsdyr vart funne døde i Kvanndalseggjane (1100 moh), vest for turisthytta Breidablik i Kvam.

Rovviltkontakten i SNO dokumenterer dei døde reinsdyra

Ingmar Slettemark i Statens naturoppsyn leitar etter spor etter rovdyr.

Foto: Tale Hauso / NRK

Totalt 48 døde reinsdyr

Det var Hardanger og Voss reinsdyrlag som i helga fekk melding om at det var observert fleire reinsdyr som stod fast på ei berghylla.

Då eit styremedlem frå reinsdyrlaget og ein tilsynsmann kom til staden fann dei 11 reinsdyr i live. 38 var døde, nokon på sjølve hylla, dei fleste under.

Åtte av dei levande dyra blei redda ved å jaga dei mot eit parti kor dyra kunne koma seg opp. Tre reinsdyr døydde i redningsforsøket.

Dyra kan ha stått i opptil ti dagar.

Under synfaringa blei talet oppjustert til funn på så mange som 48 døde reinsdyr.

19 funne spreidd utover hylla. 29 utfor stupet.

Det er nesten heile flokken til reinsdyrlaget på nesten 70 dyr.

Det er ekstremt. Det er utan tvil det verste som har skjedd i reinslaget som er frå 1844, og dette slår alle rekordar, seier ein fortvila Oddvin Holst, i Hardanger og Voss reinsdyrlag.

Kjell Aasen, Mattilsynet

Kjell Aasen er seniorinspektør i Mattilsynet og tar prøver av reinsdyra.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sjekkar for skrantesjuka

Mattilsynet har tatt ut hjerne- og lymfeprøvar for å sjekka reinsdyra for den dødelege sjukdommen skrantesjuka.

– Det er påvist skrantesjuka på villrein, så det er veldig interessant å sjå kor utbreitt den er. Det er ein tragisk sjukdom, så vi får håpa vi ikkje finn noko, seier Kjell Aasen, seniorinspektør i Mattilsynet.

Prøveuttakinga er utfordrande då dyra har låge litt lenge og rotninga har kome godt i gang.

– Då kan det vera vanskeleg å seia kva årsaka er, seier Aasen.

Prøvane skal bli sendt til Veterinærinstituttet før det er venta prøvesvar i løpet av neste veke.

Mattilsynet tar testar på døde reinsdyr

Foto: Tale Hauso / NRK

Teikn på svolt

Etter grundige undersøkingar kan ikkje Statens naturoppsyn finna spor etter rovdyr.

– Dei 19 som ligg på hylla ser ut som at alle har døydd av svolt. Dei er avmagra. Det er ingen annan dødsårsak her ville eg tru, seier Slettemark.

Men kvifor dyra hamna på hylla i første omgang – og ikkje kom seg derifrå – er framleis spørsmål med ulike teoriar.

Som ein kanskje aldri får svar på.

– Eg trur dei kan ha blitt jaga ut på eit eller anna vis. Men vi veit ikkje av kva, seier Holst i reinsdyrlaget.

Publisert 16.08.2025, kl. 21.05

Read Entire Article