Småbåthamna full av kudritt etter lekkasje: - Det luktar motbydeleg

9 hours ago 5



Natt til fredag starta det å leke gjødsel frå Havila sitt biogassanlegg på Nesset i Molde kommune.

Ifølge Kystverket har inntil 4000 kubikk, det vil seie fire millionar liter, gjødsel reint ut i eit myrområde. Deretter har gjødsla spreidd seg via vassdrag.

Brunt belegg

Laurdag dukka kudritten opp om lag åtte kilometer unna. Vasskorpa i Eidsvåg Småbåtforening var dekt av eit brunt belegg som festet seg til båtane. Heile området stinka.

– Eg toler mykje, men det der var motbydeleg å kjenne på, seier Ola Hammervoll i Eidsvåg Småbåtforening.

Gjødsel i småbåthamna i Eidsvåg i Molde kommune

Det er om lag 50 båtar i hamna og fleire av dei treng no ein ordentleg vask.

Foto: Ola Hammervoll / NRK

I tillegg låg det død yngel, fisk og krabbar i vasskanten.

– Trur du at det kjem av forureininga?

– Det kan sjå sånn ut. Det er ikkje slik her til vanleg i alle fall. Det var trist å sjå.

Død fisk i småbåthamna i Eidsvåg i Molde kommune

Ola Hammervoll seier at naturen har fått seg ein smell.

Foto: Ola Hammervoll

Opprydding i gang

Det er Kystverket som har det operative ansvaret i akutte fasar av utslepp.

– Statsforvaltaren er varsla, og den som har forureina har ansvar for å rydde opp, skriv Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Kystverket, til NRK.

Utslepp fra Biogass

Bildet er tatt av brannvesenet i går. Gjødsla frå Havila Biogass siver nedover bakken.

Foto: NORBR

Laurdag har fleire aktørar vore i sving på området til Havila Biogass på Bersåsmyrene på Nesset for å rydde opp.

– Det er sterkt beklageleg at dette har skjedd. Tryggleik og miljø er vårt høgaste fokus i selskapet, og vi har full forståing for at hendinga er sjenerande for dei som er ramma, skriv dagleg leiar Kjell Evensgård i ei pressemelding.

Han seier til NRK at det er for tidleg å seie 100 prosent sikkert kva lekkasjen kom av.

– Men det kan sjå ut som om det har vore problem med ei pakning rundt eit røyr som har feila, seier Evensgård.

Han fortel at alarmen gjekk klokka 02.10 natt til fredag, og at lekkasjen gjekk føre seg til «langt ut på fredagen».

– Nye berekningar i kveld viser at inntil 3422 kubikkmeter biogjødsel har runne ut frå tanken. Ein stor del er pumpa opp og fjerna, seier han.

Lekkasje ved Havila Biogass

Bildet er tatt av brannvesenet nokre timar etter at alarmen gjekk.

Foto: NORBR

–Ikkje er farleg

Brannvesenet opplyser til NRK at dei ikkje hadde reiskap til å tette lekkasjen, men hjelpte bedrifta slik dei fekk sett i gang strakstiltak.

Havila Biogass sette ein entreprenør til å bygge ein voll for å stoppe massane, men den heldt ikkje. Så blei det laga enda ein som gjorde det mogleg å fange massane og suge gjødsla opp.

Voll bygget for å stoppe lekkasje fra Havila Biogass

Det blei bygga ein voll for å stoppe gjødsla.

Foto: NORBR

– Det som lak ut er ei blanding av kuskit og fiskeavfall som blir brukt i produksjon av biogass, seier Evensgård.

– Er det farleg?

– Nei, det er ikkje farlig for mennesker og blir brukt til matproduksjon, men det luktar jo.

Evensgård seier det er for tidleg å seie nokon om kva som blir konsekvensane for naturen.

– Men vi tar kontinuerlege målingar i myr, i bekk og elv.

Kjell Evensgård, daglig leder i Havila biogass står byggeplassen på Nesset der deres første anlegg bygges.

Kjell Evensgård fotografert under bygginga av anlegget.

Foto: Roar Strøm / NRK

Statsforvaltaren: – Alvorleg

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meiner det er alvorleg når mykje biomasse blir sleppt ut i naturen på denne måten og peikar på at det er ulovleg.

– Men kor alvorleg det er, er for tidleg å seie enda. Men det får umiddelbare miljøkonsekvensar, sier Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk.

Granskar feilen

I avisa Tidens Krav spør ein av naboane korleis anlegget kunne settast i drift utan krav om noka form for vollgrav som kan ta imot gjødsel ved ukontrollerte utslepp.

– Var sikkerheita god nok?

– Leverandøren av utstyret som svikta, er i gang med å undersøke kva som har skjedd. Dei arbeider no med å finne ut av feilen, og vi hjelper til i den prosessen. Det er derfor for tidleg å seie noko om det, seier dagleg leiar i Havila Biogass.

Publisert 06.09.2025, kl. 22.03 Oppdatert 06.09.2025, kl. 22.49

Read Entire Article