Fleire straumanalytikarar seier til NRK at regjeringa grovt undervurderer kva «noregspris» vil koste.
Finansdepartementet har ikkje (!) rekna på utgiftene, men i eit intervju med Dagens Næringsliv signaliserer energiminister Terje Aasland (Ap) at det dreier seg om 3,8 milliardar kroner – «om alle vel noregspris».
Det er ifølge analyseselskapet Thema Consulting Group eit lågt estimat.
Ifølge berekningane deira vil det koste staten 6,6 milliardar kroner i året å sponse ein fastpris til norske straumkundar – og det i eit «godt år» med fylte vassmagasin.
Redaktør i EnergiWatch, Anders Lie Brenna, trur difor at rekninga kan bli enda høgare:
– Det kan oppstå lange periodar med høge straumprisar i framtida. I så fall kan det bli veldig dyrt for staten å subsidiere noregspris, seier han.
– I verste fall snakkar vi om langt over 10 milliardar kroner.
Regjeringa baserer seg på prisen mellom 2010 og 2021
Thema-estimatet er basert på kva slags straumprisar som er venta framover.
Dette i motsetning til regjeringa, som legg straumprisane i går til grunn for berekningane sine. Nærare bestemt gjennomsnittsprisen frå 2010 til 2021.
– Fortida er ikkje alltid god til å predike framtida. Ein bør nok heller sjå framover, der bruk av kva prisar den finansielle marknaden ventar, er eit godt startpunkt, seier Thema-konsulent Ivar Refsdal til Europower.
– Inntrykket vårt at det å basere seg på historiske prisar gir eit noko lågt estimat, seier Truls Wickholm, direktør i Samfunnsbedriftene Energi.
Straumanalytikar i Volue Insight, Tor Reier Lilleholt, gjer eit poeng av det same: Gårsdagen er ei dårleg rettesnor for å gjette morgondagens straumprisar.
– Marknaden har allereie årsprisar ti år fram i tid. Myndigheitene bør heller lene seg på desse – enn berre å rekne med at historikken gjentar seg, seier han.
I Tyskland ligg framtidskontraktane på straum i 2026 på meir enn 1 krone per kilowattime.
– Det er ingen garanti for at det blir faktisk prisnivå, men dette er kva marknaden forventar, seier Fabian Skarboe Rønningen i Rystad Energy.
– Og det pleier å treffe bra.
Torvik: – Billig kraft svekker motivasjonen for energisparing
NRK har tidlegare vist at straumforbruket steig førre gong regjeringa gjorde straumen billigare med straumstøtte.
– Fastpriskontraktane vil koste om lag 800 millionar kroner meir enn straumstøtta, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han gjesta Debatten på NRK TV torsdag kveld.
Sidan innføringa av straumstøtta i desember 2021 har det blitt utbetalt 52,5 milliardar kroner i straumstøtte til norske hushald.
Leiar i Finanspolitikkutvalet, Ragnar Torvik, meiner fastprisavtalen på straum er ei oppskrift på å gi meir til dei som har mykje frå før.
Torsdag kom utvalet med ei klar melding til landets folkevalde om å roe ned «subsidiefesten». I første rekke ved å stanse sponsinga av havvind og batterifabrikkar, men også støtteordningar som stimulerer til auka kraftforbruk.
Da regjeringa lanserte ideen om «noregspris», var rapporten allereie i trykken.
– Vi sette basically punktum da han kom. Men det er mange prinsipp i rapporten vår som har klare implikasjonar for denne ordninga, seier Torvik til NRK.
Han fortset:
– Ei av fleire ulemper er at billig kraft svekker incentiva for energisparing og energieffektivisering.
Stoltenberg: – Kanskje ikkje i tråd med dei faglege vurderingane
På spørsmål frå energiavisa Montel om kva samfunnsøkonomen Jens Stoltenberg tenker om den nye fastprisordninga, svarer den nye finansministeren at ho «kanskje ikkje er i tråd med dei reinaste faglege vurderingane».
Under nøkkeloverrekkinga presiserte han at dei faglege og politiske vurderingane ikkje alltid overlappar:
– Det er det som gjer politikk så spennande, vanskeleg og krevjande – å finne det balansepunktet.
NRK har spurt Finansdepartementet om Stoltenberg vil rekne meir på kva det vil koste å sponse norske straumkundar:
– Vi har svært mange førespurnader å svare på i desse dagar, så vi klarer ikkje å få til ein ny kommentar, svarer departementet.
Ukjent
Anders Lie Brenna, redaktør i Energiwatch.no
Om vi får eit kaldt og tørt år samtidig med høge straumprisar, vil prisane gå i vêret samtidig som staten ikkje får auka skatteinntekter frå kraftproduksjonen. For i så fall vil straumen komme frå import til Noreg. Det gir i så fall staten ein dobbel smell om dei skal utbetale høg straumstøtte gjennom Norgespris samtidig som dei har låge skatteinntekter.
Therese Gjerde, Tibber
Når regjeringa tar utgangspunkt i historiske prisar som er så langt tilbake i tid, kan det vere store feilkjelder. Vi har ein relativt velfungerande framtidsmarknad i Norden. Den marknaden gir oss den beste indikasjonen på framtidas kraftprisar. Kvifor ikkje bruke det? I desse prisane vil jo endringane som vi har hatt og som vi antar vi kjem bli tatte inn i prisen, i så stor grad som mogleg.
NRK
Ivar Refsdal, Thema
Når det gjeld nivået på fastprisen, så har det komme tydelege signal om at denne vil bli oppdatert kvart år basert på forventing i marknaden. Dette er gode signal frå regjeringa. Når det gjeld kostnaden for ordninga framover meiner eg det er mest fornuftig å bruke framtidsprisane for kraft som skal spegle kva summen av aktørane i marknaden trur, gitt all informasjonen dei har i dag.
Mathias Oppedal
Tore Guldbrandsøy, Rystad Energy
Vi har berekna ekstrakostnaden per år for staten er 820 million kroner per år frå 2026 for bustader i Oslo. Sjølv om dette er ei god løysing for mange hushald i Noreg som vil få låge og stabile straumprisar, så ser vi også nokre utfordringar. Lågare fastpris i bustadsektoren vil gi auka kraftetterspørsel og dermed aukar sjansane for høgare spotprisar.
Vista
Åsmund Sunde Valseth, Vista analyse
Med Norgespris tener hushalda nesten ingenting på å lade elbilen og varme badevatnet når det er mykje sol og vind, eller når det ikkje er så mange andre som bruker straum. Konsekvensen blir meir fossil kraftproduksjon, høgare straumprisar for næringslivet og at planar om nytt forbruk må skrinleggast. Regjeringa bør raskt vurdere alternativ som gir hushalda tryggleik og føreseielegheit.
Kristian Myrseth, Fortum
Dei siste åra har lært oss at det er svært vanskeleg å sette treffande prognosar for kva straumprisen faktisk vil bli. Den finansielle marknaden gir oss likevel eit godt bilde av korleis aktørane baserte på informasjonen som er tilgjengeleg i dag ventar at prisane kan utvikle seg framover, men det er mange kjente og til og med ukjente faktorar som kan føre til at dette raskt endrar seg.
NRK
Anniken Hauglie, viseadministrerande direktør i NHO
Tiltakspakken på straum er forståeleg slik den politiske debatten er nå, men tre ting er problematisk: Den reduserer nokre av insentiva for energisparing, tar bort behovet for å tilpasse straumforbruket vekk frå dei timane straumen er dyrast og han kan også føre til mindre kraftutbygging. Alt dette er heilt sentrale delar av løysinga som skal til for å handtere energiomstillinga.
Kjartan Rørslett
Bård Baardsen, Norsk Varmepumpeforening
Regjeringas nye Norgespris motarbeider alt Noreg vil oppnå i straumpolitikken. Noregspris gjer det også umogleg å lage offensiv klimapolitikk mot 2035 fordi mangelen på straum og nett er den største barrieren mot å realisere utsleppskutt.
Beate Oma Dahle / NTB
Åslaug Haga, leiar i Fornybar Noreg
Som så mange medisinar, har også denne nokon klare biverknader. Noregspris vil svekke motivasjonen for straumsparing i periodar med knappleik på straum. I tillegg vil det bli mindre lønnsamt å investere i ENØK-tiltak og eigenproduksjon, som solceller på hustak. Forslaget vil gjere det nødvendig å bygge ut meir kraftproduksjon og straumnett, fordi samla forbruk mest sannsynleg vil auke.
Leif Dalen / NRK
Tor Reier Lilleholt, analysesjef i Volue insight
Om det ikkje er noka avgrensing på forbruket i dei timane du bruker mest, vil mange få eit høgare effektledd på nettleiga som gir fleire hundre kroner meir på straumrekninga i månaden. Nettleiga mi kan stige frå 370 til 760 kroner kvar månad. Kanskje slepp eg unna på sommarmånadene? Dette er store summar i eit system der prissignala skal stimulere personar til tiltak.
Fredrik Kveen
Knut Lockert, dagleg leiar i Distriktsenergi
Noregsprisen gir utfordringar fordi kunden ikkje møter den reelle kraftprisen i enkelttimane med denne ordninga. Vi er bekymra for at dette vil auke nettleiga og auke kraftforbruket. Og kor blei det av klimautfordringa i dette? Noregs beste bidrag til klimautfordringa er å auke kraftproduksjonen og spare straum når vi kan. 40 øre i fastpris trekker ikkje i retning desse måla, dessverre.
Truls Wickholm, direktør Samfunnsbedriftene Energi
Dersom dette er ei varig ordning, vil det bli enda viktigare for regjeringa å bygge ut nok kraft slik at kraftprisen reelt sett kjem ned mot 40 øre. Det er jo ei moglegheit for at dette kan gi fart i omstillinga, men det er framleis mange uavklarte spørsmål.
Ole Andreas Bø / NRK ROGALAND
Atle Simonsen, Lyse
Vi meiner Norgespris i sum er positivt da det gjer at vi får fleire over på fastpris slik som nabolanda våre, slepper at privatkundar skal eksponerast for store svingingar i straumprisen og at det bidrar til å dempe konfliktnivået i energidebatten. Fjernvarmen bør inkluderast i ordninga og finst andre måtar å incentivere ENØK på.
Publisert 07.02.2025, kl. 16.56