Meiner dette kveler Ukraina-støtta

2 days ago 4



Ukraina-krigen:

Guri Melby meiner staten brukar for lang tid på å senda pengar og utstyr. Ho viser til frivillige organisasjonar som får ting til å skje.

 Lars Christian Økland / TV 2
INSPEKSJON: Styreleiar i HMM Helsehjelp Ukraina, Tor Fredrik Müller, viser Guri Melby (V) utstyret som skal sendast ned til Ukraina. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Publisert 31.03.2025 15:13

Over tre år etter Russland sin fullskalainvasjon av Ukraina, står Europa i større grad åleine om støtte. 

Med Donald Trump som president for andre gong er det usikkerheit i Nato, og ein stiller spørsmål ved om USA er til å stola på lenger. 

Visepresident J.D. Vance og kona har nemleg tatt turen til Grønland denne helga, utan at dei er inviterte. 

Krigen i Ukraina skal avsluttast, og USA og Russland diskuterer våpenkvile. 

Men kampane tar ikkje slutt. Seinast denne veka måtte to norske ministrar flykta frå bombene i Kharkiv. 

 Jose Luis Magana
KUTT, KUTT, KUTT: «Dette er motorsaga for byråkratiet!» sa Elon Musk til CPAC tidlegare i år. Motorsaga var ei gåve frå Argentinas president Javier Milei som viser tommel opp. Foto: Jose Luis Magana

I USA har Elon Musk og kontroversielle Doge leita med lys og lupe etter byråkrati og offentlege utgifter som kan kuttast

Mellom anna har det meste av bistandsarbeidet til USAID blitt lagt på hylla, og militærstøtta til Ukraina har blitt stansa. 

Og med effektivisering og mindre byråkrati i vinden, ser Venstre-leiar høve til å tenka nye tankar om Ukraina. Ikkje med å kutta støtta, snarare tvert i mot.

 Lars Christian Økland / TV 2
NAUDUTSYR: Denne mannekengen er utstyrt med turnikear og anna førstehjelpsutstyr som trengs på slagmarka. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Ho meiner staten brukar for lang tid på å få sendt både pengar og utstyr til Ukraina, og at ein bør retta større fokus på frivillige eldsjeler.

– Ukraina treng all den hjelpa dei kan få, og dei skulle hatt han i går. Eg meiner me hadde fått meir for pengane viss me hadde gitt meir til denne type organisasjon, seier Melby. 

– Noko ein stat ikkje gjer

På eit lager i Bergen får ho omvising på i HMM Helsehjelp Ukraina sine lokale. 

Mellom turnikear, protesar og førstehjelpsutstyr, forklarer styreleiar og initiativtakar Tor Fredrik Müller korleis dei jobbar for å senda ned utstyr til Ukraina. 

Ho let seg imponera over effektiviteten og engasjementet til stiftinga. 

– Dei greier å gjera ting på ein litt annan måte enn det staten får til. Det handlar om å levera raskare, og få meir ut av kvar krone. Det er noko ein stat ikkje gjer, men som denne typen organisasjonar kan gjera.

Venstre har vore eit av dei partia som har vore tydelegast når det gjeld støtte til Ukraina

Dei meinte tidleg i krigen at Noreg måtte senda våpen, og har vore pådrivar for å senda større summar til det krigsherja landet. 

 Lars Christian Økland / TV 2
EIN FOT I BAKKEN: Proteser av ymse slag er noko av det det går mest av ved frontlinja. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Melby meiner engasjementet rundt krigen er større enn nokon gong. 

– No ser me kva som står på spel. Når USA har trekt tilbake støtta si, så ser me at Europa må trå til meir.

HMM Helsehjelp Ukraina

  • Ei stifting som jobbar med å skaffa medisinsk og livreddande utstyr til Ukraina utan mellomledd.
  • Har samla inn og send ned utstyr til fleire hundre millionar kroner sidan fullskalainvasjonen i 2022.
  • Sender bilkolonner ned kvar veke.
  • Involvererer ikkje våpen eller våpenrelatert hjelp
  • Kjelde: HMM Helsehjelp

Tidenes største leveranse

HMM Helsehjelp Ukraina køyrer jamleg ned bilar med utstyr. I løpet av nær framtid skal dei køyra ned den største leveransen sidan krigen starta. 

Rundt 30 personar skal køyra ned ei kolonne med verdiar på rundt 40 millionar kroner. 

Desse skal til Krakow, der dei møter ukrainsk sanitetspersonell og fraktar det til frontlinja. 

 Lars Christian Økland / TV 2
REISEKLAR: Tor Fredrik Müller står framfor eit par av bilane som skal køyrast ned til Ukraina. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

– Desse leveransane er utruleg viktige. Ein ting er moralen, at dei veit at me hjelper dei, men òg at dette er fysiske behov som dei har, seier Tor Fredrik Müller, som er styreleiar i HMM Helsehjelp Ukraina. 

Dei robuste bilane dei sender ned, er som forbruksmateriell å rekna.

 Müller fortel om bilane ofte blir skote på, og fekk førre veke bilete av den eine bilen med kulehol i Røde Kors-merket. 

– Mistar me ein bil, sender me ned to til.

Read Entire Article