MDG-byks sikrar Støre «tuttifrutti»-fleirtal

4 days ago 18



– Det er ei veldig gledeleg måling for oss. Det gir mykje energi dei siste dagane av valkampen.

Det seier Arild Hermstad, partileiar for Miljøpartiet dei grøne (MDG).

Partiet får 7,2 prosent oppslutning på ei fersk måling gjort av Norstat for NRK, Vårt Land og Dagbladet.

Det er det beste resultatet deira på ei NRK-måling – nokosinne.

Viss dette hadde vore valresultatet, hadde partiet sørga for fleirtal til raudgrøn side.

Flertall på Stortinget Kunne Støres regjering ha fortsatt?

Fordeling av politikere til venstre- og høyresiden

Venstresiden

Portrettbilde av Jonas Gahr Støre

Antall politikere: 91

Ned 9 politikere sammenlignet med valget 2021

Høyresiden

Portrettbilde av Erna Solberg

Antall politikere: 78

Opp 10 politikere sammenlignet med valget 2021

Viser politikere på Stortinget i septembermålingen, sammenlignet med dagens storting. Støres regjering har hatt støtte fra 100 politikere fra Ap, Sp, SV, R og MDG siden 21-valget. En regjering må ha flertallet (85) av Stortinget bak seg. Målingen gir partiene flertall med MDG på vippen. MDG sier de støtter Støre som statsminister også i dette valget.

MDG hoppar opp frå 4,7 prosent i NRK si august-måling.

Målinga er gjennomført blant 2000 veljarar denne veka. Dei siste veljarane vart spurde torsdag føremiddag.

Støre vil ikkje spekulera

Hermstad er likevel klar på at han ikkje føler seg trygg før sjølve valresultatet er klart.

Gitt at det går, kva krav vil du stilla til Støre med eit slikt mandat frå veljarane?

Me vil kjempa for ein ekte klimapolitikk der me gjer det billigare og enklare å leva miljøvenleg, der me startar omstillinga frå olje over til fornybart. Me må òg gjera mykje meir for Palestina og motverka fattigdom i Noreg, svarar MDG-leiaren.

Arbeidarpartiet får 26,4 prosent på målinga, noko statsminister Jonas Gahr Støre er nøgd med.

Jonas Gahr Støre i dress holder en rose, ved siden av blond kvinne som smiler og holder en rosebukett

Ap-leiar Jonas Gahr Støre var i full valkampmodus torsdag, då han var med på husbesøk i Kristiansand.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Miljøpartiet dei grøne kan bli størst blant støttepartia dine. Korleis vil du handtera det?

– Det spekulerer eg ikkje i, for det går opp og ned på målingane. Men dei partia som meiner at me ikkje skal ha ei Frp-leia regjering, dei vil finna ut av det. Og det er ei Arbeidarparti-regjering som kan ta det ansvaret, svarar Støre.

Meningsmåling september 2025 Hvordan ville Norge stemt?

Vis i tillegg

Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

26,4 %

−1,8

20,4 %

−0,1

14,3 %

−0,4

7,2 %

+2,5

6,9 %

+0,6

6,2 %

+0,9

6,0 %

−1,1

4,3 %

+0,5

4,2 %

−0,6

Partimåling fra Norstat for september 2025 med 2 000 spurte. Viser endring fra meningsmåling i august.

– Avhengige av Sp sidan 70-talet

Miljøpartiet er også større enn Senterpartiet.

Korleis vert det å samarbeida med eit sterkt MDG?

– MDG har samarbeida meir med Høgre og Venstre no i vår i EU-saka. Og om Arbeidarpartiet skal få gjennomslag for statsbudsjetta sine, har dei sidan 70-talet vore avhengige av oss i Sp, svarar Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum står utenfor

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vil ikkje spekulera i kvifor Miljøpartiet har vakse så mykje i den siste meiningsmålinga.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Han står fast på at partiet ikkje vil gå med på auka avgifter eller norsk EU-medlemskap.

Kva seier du til dei som meiner det vert kaos med det som vert kalla «tuttifrutti-fleirtal» på raudgrøn side?

– At Senterpartiet er dei som avgjer kven som får fleirtal. På denne målinga sit me på vippen. Me kjem ikkje til å godta auka avgifter, svarar Vedum.

Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere

Antall politikere per partiPartiAntall politikereEndringVenstresiden: 91Høyresiden: 78
113
9-4
502
10-18
118
74
7-1
25-11
3918

Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling september 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.

Lågaste på 16 år

Sjølv om høgresida kunne jubla då resultata frå skulevalet kom, er det nok ikkje noko jubel no.

Krisa held nemleg fram for Høgre, som får 14,3 prosent. Det er det lågaste på ei NRK-måling på 16 år.

– Dette er ei meiningsmåling som er for dårleg for oss, seier partileiar Erna Solberg til NRK.

Erna Solberg med et stort smil, i forgrunnen to bakhoder

Erna Solberg smilte då ho møtte NRK torsdag, men det var nok trass i den siste meiningsmålinga – ikkje på grunn av.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ho synest det er gledeleg at både KrF og Venstre er over sperregrensa på målinga – men er klar på at det ikkje er nok.

– Høgre må høgare opp no for at me skal få til det regjeringsskiftet eg trur mange ønsker seg, seier ho.

Sylvi Listhaug i rød dress med Frp-logo i bakgrunnen

Sylvi Listhaug kan vera nøgd med oppslutninga til Frp, men det er verre for dei potensielle samarbeidspartia deira.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Frp-leiar Sylvi Listhaug peikar på det same.

– Frp har jo gode tal, men me treng eit skifte for landet. Difor er det så viktig at alle partia på ikkje-sosialistisk side bidrar til å skaffa eit fleirtal, seier ho til NRK.

Men plasseringa over sperregrensa er ikkje trygg for korkje Venstre eller KrF, ifølge Norstat. Feilmarginen gjer nemleg at den reelle oppslutninga godt kan vera under sperregrensa på 4 prosent.

Publisert 05.09.2025, kl. 06.00

Read Entire Article