Mannen er identifisert og er registrert busett på adressa.
Operasjonsleiar Helge Blindheim i politiet seier til NRK at dei kjenner til identiteten til den skadde kvinna. Ho bur ikkje i huset.
– Det er no kontroll på brannen, og ingen fare for spreiing, seier brannmester i Sandviken, Erik Angerman.
Fann personane etter finsøk
Politiet fekk melding om brannen klokka 00.39.
– Innringar meldte om røyk frå ein bygning. Like etter kom det fleire telefonar, seier fungerande vaktkommandør Lars Petter Lorvik.
Ikkje så lenge etter at naudetatane kom til staden, tok røykdykkarar seg inn i huset og gjorde søk. Ei innvendig trapp var brent ned, så dei måtte ta seg inn i andre etasje gjennom eit vindauge.
Politiet fekk melding om brannen klokka 00.39.
Foto: Bergen Foto og MediaDei fann ikkje nokon den første gongen dei gjorde søk.
Klokka 03.44 meldte politiet at dei fann to personar hardt skadde etter eit finsøk.
Personane var inne i ein uinnreidd kjellar og var hardt skadde.
Mannen blei erklært død på staden etter helse- og lungeredning. Kvinna er hardt skadd og er frakta til Haukeland sjukehus.
Vitne hamra på dører i ti minutt
Saltebilsjåfør Glenn Ivar Sunde var blant dei første som oppdaga brannen.
– Det kom mykje røyk. Kollegaen min ringde det inn, medan eg byrja å hamra på dører for å sjekka om det var folk i huset. Eg stod slik i rundt ti minutt. Eg kjende at dører var varme. Det var ekkelt.
Glenn Ivar Sunde var ein av dei første som oppdaga brannen.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKDet er store skadar på bygningen. Brannvesenet kontrollerer skadestaden og driv på med kjøling.
– Etter kvart vil politiet koma inn med kriminalteknikarar og gjera eit åstedsarbeid, men det er for tidleg no. No er det brannvesenet som er der og har eit vakthald, og passar på at ikkje brannen skal bussa opp igjen, seier operasjonsleiar Helge Blindheim i politiet.
Publisert 07.02.2025, kl. 03.55 Oppdatert 07.02.2025, kl. 07.13