Den israelske statsministeren Bejanmin Netanyahu talar i FN i dag.
Etter at han kom opp på talarstolen røysa mange i salen seg og forlét generalforsamlinga.
Netanyahu hadde fleire visuelle element med seg i talen.
Foto: ANGELA WEISS / AFP / NTBPå brystet hadde Netanyahu ein button med ein QR-kode. Han oppmoda sjåarar og dei i salen til å skanne koden for å lese Israel sitt perspektiv på terrorangrepet 7. oktober for to år sidan.
NRK har ikkje fått verifisert innhaldet i lenka.
Deler av talen dedikerte han til dei attverande israelske gislane i Gaza.
Før talen skal den israelske statsministeren ha instruert det israelske militæret om å kringkaste talen over heile Gaza, i det han kalla operasjon «Skriket». Det skreiv den israelske allmennkringkastaren KAN.
Under talen sa han hadde plassert høgtalar over heile Gaza med ein bodskap til gislane der.
Deler av talen var på hebraisk til gislane. Så sa han den på engelsk.
Vidare lista han namnet på alle dei 20 attverande israelske gislane.
Mange stolar stod tomme medan Netanyahu tala til FNs generalforsamling, men utanriksminister Barth Eide blei sitjande på første rad.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTBTalen er ein del av høgnivåveka i FN. Gjennom heile veka har leiarar frå verda over tala og diskutert globale spørsmål. Utanriksminister Espen Barth Eide blei observert sitjande under Netanyahus tale.
Klare bokskap
Talen handla mykje om å ikkje gløyme 7. oktober og å sette fri gislane.
Netanyahu sa at sjølv om Hamas er svekka, utgjer dei framleis ein trussel og lovar å gjenta åtaket 7. oktober.
– Takka vere viljen til folket vårt, motet til soldatane våre og dei dristige avgjerdene vi tok, kom Israel tilbake frå sin mørkaste dag og leverte eitt av dei mest oppsiktsvekkande militære come-back i historia, sa han.
– Men vi er ikkje ferdige enno.
Hamas har på si side fleire gonger sagt at dei har prøvd å få til ein avtale for å stanse krigen i Gaza.
Fleire i protest
Stadig fleire land har retta skarp kritikk mot krigen i Gaza. Fordømming og krav om våpenkvile har prega årets FN-generalforsamling.
Netanyahu hevda at dette berre er tomme markeringar.
– De veit inst inne at Israel kjempar dykkar kamp, sa han.
– Så eg vil fortelje dykk ein løyndom: Bak lukka dører er det mange leiarar som offentleg fordømmer oss, men som i det stille takkar oss.
– Dei seier til meg kor høgt dei verdset Israel sine framifrå etterretningstenester, som gong på gong har hindra terroråtak i hovudstadene deira, og redda tallause liv.
Etter talen fekk han ståande applaus frå Guinea og Israel sine representantar i generalforsamlinga.
Allereie før avreise frå Israel blei Netanyahu møtt med protestar. På Ben Gurion-flyplassen kravde fleire hundre demonstrantar med israelske flagg og gule banner ein avtale for å få frigitt gislane og få ein stopp på Gaza-krigen, ifølge Times of Israel.
Benjamin Netanyahu skal også dei neste dagane besøke president Trump i Det kvite hus, ifølge Politico, eit møte som ikkje er bekrefta frå offisielt hald.
Publisert 26.09.2025, kl. 15.15 Oppdatert 26.09.2025, kl. 15.52