Overgrepssakene i Ullensvang
13 veker var ikkje nok til å bli ferdige i lagmannsretten.
I eit nabolag i Ullensvang kommune skal tre barn ha blitt grovt valdtekne av foreldre og bror.
Det meiner påtalemakta, som denne hausten fører saka mot dei fire tiltalte i ein maraton av ei ankeforhandling i Gulating lagmannsrett.
Dei tiltalte er eit foreldrepar og ein storebror, som i tingretten vart dømde for gjentekne valdtekter av dei to yngste barna i familien.
I tillegg vart ein nabomann dømd for valdtekter av det yngste barnet i den familien, samt sin eigen son.
Alle fire anka dommane.
Massiv og komplisert
I utgangspunktet var det sett av heile 13 veker til gjennomføringa av saka i haust, frå september til desember. Dimensjonane er nemleg ganske store:
Over 50 timar med tilrettelagde avhøyr av dei tre fornærma barna er spelt av. Berre det tok tre veker.
I tillegg er fleire opptak av samtalar to av barna hadde med barnevernstilsette lagt fram.
Rundt 100 vitne er kalla inn.
Ein rettsoppnemnd vitnepsykolog, som berre var vitne for forsvaret i retten, har lagt fram ein sakkunnig rapport. Der slår ho fast at samtalane barna hadde med fosterforeldre og familieterapeut var eigna til å påverke dei.
Slaktar barnevernet: – Bisarre forklaringar
Og så er sjølve saka i seg sjølv komplisert; det er ikkje bevist at det tiltalte foreldreparet og nabomannen har samarbeida eller visst om kvarandre sine overgrep.
Difor er det i bunn og grunn to ulike overgrepssaker som blir behandla i ein og same forhandling.
Bad om forlenging
TV 2 har følgt store deler av ankeforhandlinga. Tidleg blei det klart at ting tok lenger tid enn planlagd.
Sjølv om lagdommar Carl Petter Martinsen fleire gonger har bedt aktørane halde seg til tidsskjema, har det blitt vanskeleg for alle partar.
Medaktor Inger-Lise Høyland viser til at retten også kravde eit nytt tilrettelagt avhøyr av ein av dei fornærma.
– Bevisføringa har tatt lenger tid enn forventa. Så vi bad om ei ekstra veke og fekk tilslutning av dei andre aktørane i saka, seier Høyland.
Lagmannsretten etterkom dette og har forlenga saka med ei veke i desember.
– Barna vil aldri treffe foreldra igjen
– Naudsynt
Advokat Jan Henrik Høinæs forsvarar trebarnsfaren som vart dømd til heile 21 års forvaring i tingretten.
Både han og dei andre forsvararane meiner det er heilt naudsynt med ei forlenging.
– Det står fram som påkravd for å få den tilstrekkeleg opplyst. Vi er difor positive til at retten har sikra ei ekstra veke, sjølv om saka er krevjande for vår klient, seier han.
– Ho ser fram til at ankebehandlinga skal bli ferdig, men er likevel positiv til ei forlenging. Det blir sett på som naudsynt for å få ei forsvarleg behandling av saka, seier advokat Astrid Aksnes, forsvarar for mora i 40-åra.
– Det viktigaste er at retten får eit forsvarleg grunnlag for si avgjerd, kommenterer storebroren sin forsvarar, Aleksander Sele.
– Han er mest oppteken av at saka er best mogleg opplyst for retten, seier nabomannen sin forsvarar, Kai Inge Gavle.
Kan ha blitt påverka
Dei tiltalte hevdar i hovudsak at barna har blitt påverka til å snakke usant om overgrep og valdtekter.
– Legg du skulda over på barna dine?
I tingretten meinte dommarane derimot at det var bevist at foreldreparet «etablerte eit regime der overgrep vart kvardagen» for dei to minste barna, som i dag er 13 og 17 år.
«Ti år av livet kasta bort på sex og overgrep», står det i ei av notatbøkene til dottera.
Vidare meinte tingretten at nabomannen opptredde som om han var forelska i henne og utnytta at ho var i ein sårbar situasjon.
Hjå nabomannen fekk jenta «den merksemda ho ikkje fekk heime, for der var broren hennar «favoritten», slo dommarane fast.
Dei fann ikkje samanliknbare overgrepssaker i nyare tid i Norge då dei skulle utmåle straffene.