Bitcoin-brekk i nord: – Profesjonelt

2 hours ago 1



To leigebilar og eit hol i gjerdet var alt som skulle til i det spesielle millionbrekket.

 Gorm Kallestad / NTB
MO I RANA: Nordland Data held til i Mo i Rana i Nordland fylke. No er fleire menn dømd for å brote seg inn og stjelt 14 bitcoinmaskiner frå eitt av industriområda på staden. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 26.11.2024 22:40

Det ganske så uvanlege innbrotet skjedde ei april-natt i 2022.

Då tok fleire personar seg inn på området til Nordland Data (tidlegare Bitfury Norway) og forsynte seg med minst 14 bitcoin-maskiner.

Slike maskiner blir brukt til utvinning, eller «mining», av den verdifulle kryptovalutaen. 

Totalverdien for dei kraftige datamaskinane skal vera på mellom 900.000 kroner og ein million kroner.

«Profesjonelt»

Det slår Helgeland tingrett fast i ein fersk dom. 

To trønderar og ein nordlending er no dømd for grovt tjuveri av maskinene i Mo i Rana. 

Ein fjerde tiltalt mann er frifunnen, medan den femte mannen aldri møtte opp til rettssaka. Han må truleg i retten seinare.

Tingretten meiner brekket var «profesjonelt planlagd og gjennomførd». Ein 24 år gamal trønder blir omtalt som den som hadde ideen til tjuveriet.

Sjølv om han i retten erkjente grundig kunnskap om kryptovaluta, nekta han for å stå bak innbrotet.

Køyrde heilt frå Trondheim

Han seier han var i Mo i Rana for å treffe eit søskenbarn. Det har tingretten ingen tru på.

Dei meiner tvert imot at 24-åringen og to andre køyrde to leigebilar frå Trondheim til Mo i Rana nettopp for å gjennomføre brekket.

– At han skulle køyre opp og ned frå Trondheim for å møte eitt søskenbarn utan ein konkret avtale, samstundes som andre i same reisefølge gjennomfører eit planlagt tjuveri utan hans kjennskap, står fram som lite truverdig, kommenterer tingretten.

Den eine leigebilen vart brukt i sjølve innbrotet. Ein 31 år gamal mann fortel at han og to andre dei møtte på ein campingplass sør for Mo i Rana, tok seg inn gjennom eit oppklippa hol i sikringsgjerdet.

I ein ulåst konteinar forsynte dei seg med dei verdifulle bitcoin-gravarane og fylte leigebilen opp med dei.

Samstundes skal den 24 år gamle «hovudmannen» ha halde vakt i den andre bilen på ein høgde i nærleiken. 

Sendte fire maskiner til USA

Den nemnde 31-åringen erkjente straffskuld i retten. 

Både hans forklaring, mobildata, informasjon frå leigebil-byrå og overvakingskamera er lagt til grunn i domfellinga av mennene.

I tillegg meiner retten det er bevist at 24-åringen sendte fire datamaskiner til ein person i USA dagen etter innbrotet i Mo i Rana. Minst to av dei skal stamme frå tjuveriet.

Dei andre maskinene skal ha blitt plassert på eit lager i Trondheim, som 24-åringen disponerte og hadde tilgangen til. Ikkje alle maskinene er funne att.

– Etter at han kom tilbake til Trondheim, sørga han for at tjuvgodset dels vart sendt ut av landet, og dels oppbevart i eit lagerlokale han hadde tilgang til. At tjuveriet skulle ha skjedd utan hans kunnskap og deltaking kan utelukkast, skriv dommarane.

Straffeutmålinga er slik:

31 år gamal mann: 120 dagar fengsel, der 90 dagar er på vilkår med ei prøvetid på to år. Mannen sin mentale tilstand var eit tema i retten og er ei av grunnane til at straffa både er kortare, og på vilkår, samanlikna med dei to andre. 

24 år gamal mann: 10 månadar fengsel. Tidlegare dømd for oppbevaring av 17 kilo hasj. Retten meiner han var sentral i planlegginga av bitcoin-brekket. Han nekta straffskuld.

27 år gamal mann: 8 månadar fengsel. Hans DNA vart funne på ei av maskinene. Skal ha møtt dei tilreisande på ein campingplass før gjennomføringa av tjuveriet. Nekta straffskuld.

24 år gamal mann: Frifunnen. Ikkje tilstrekkeleg bevis for domfelling, meiner retten. Nekta straffskuld.

25 år gamal mann: Skal ha vore med 31-åringen og 24-åringen frå Trondheim til Mo i Rana, og tilbake. Skal ha halde vakt saman med 24-åringen medan innbrotet skjedde. Møtte ikkje i tingretten.

Dommen er samrøystes, men altså ikkje rettskraftig.

Dette er kryptomining - kort forklart

Kryptovaluta som Bitcoin og Ethereum er en form for penger som kan brukes til å handle på internett.

Istedenfor å bruke en bank til å gjennomføre transaksjonene, bruker man datakraft fra vanlige folk rundt om i verden til å gjennomføre og godkjenne transaksjonene.

De som kobler seg på blokkjede-nettverket og stiller datakraft til disposisjon slik at handlene kan gjennomføres, kalles ofte «minere».

Hvis en «miner» bidrar med sin datakraft til å løse de enormt komplekse oppgavene som transaksjonene krever, kan vedkommende tjene en slant kryptovaluta.

Godkjenningen av disse internett-transaksjonene er enormt strømkrevende, fordi datautstyret brukes på maksimal kapasitet for å løse komplekse operasjoner.

Kilde: Store norske leksikon

Read Entire Article