Liv Ullmann blei heidra: – Noregs desidert største film­stjerne

4 days ago 15



– Eg er enormt æra. Eg har hatt ein lang karriere og blir overraska igjen og igjen: «Kan dette skje meg?», seier Liv Ullmann til NRK.

Skodespelarstjerna var tydeleg rørt da ho torsdag fekk eit studio kalla opp etter seg i Filmparken på Jar.

I år feirar parken 90 år med norsk filmproduksjon.

Ullmann har sjølv spelt i ei rekke filmar som har blitt laga her – og nå står namnet hennar på veggen:

– Vi vil heidre Noregs desidert største filmstjerne gjennom tidene.

Det sa dagleg leiar Håkon Haugen da han entra scena framfor ein fullsett sal tidlegare på dagen.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit var blant gjestane som møtte opp for å feire Filmparken – og Ullmann.

Frå «Fleksnes» til «Makta»

Filmparken på Jar er ein bastion i norsk filmproduksjon. Næringsparken blei bygd på 1930-talet for at filmbransjen skulle kunne produsere lydfilm i Noreg.

Det første spadetaket på Jaren på 30-tallet.

I 1935 blei den første filmen laga her: «Du har lova mig ei kone!» av Tancred Ibsen.

Dei siste 90 åra har tallause norske filmar, TV-seriar og reklamar blitt spelt inn i Filmparken på Jar.

«Reisen til julestjernen», «Fleksnes» og NRK-seriane «Makta» og «Heimebane» er blant produksjonane som har brukt studioa.

I desse dagar blir «Markens Grøde» spelt inn – ein film basert på Knut Hamsuns roman med same namn.

Studio Liv Ullmann

På 70-talet blei Studio B bygd i Filmparken. Det er dette studioet som nå heiter Studio Liv Ullmann.

Ingmar Bergmans «Haustsonaten» frå 1978 var den første filmen som blei spelt inn her.

Ullmann spelte sjølv mot den svenske stjerna Ingrid Bergman i filmen:

Liv Ullmann og Ingrid Bergmann i Høstsonaten (1978)

Den norske stjerna rosar medspelaren:

– Eg elska Ingrid Bergman enormt. Etter innspeling sat vi i garderoben og snakka. Eg har så skjønne minne frå «Haustsonaten», seier Ullmann til NRK.

Liv Ullmann foran en svart vegg.

Liv Ullmann i studioet oppkalla etter henne.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

På midten av 90-talet blei publikumssuksessen «Kristin Lavransdatter», som Ullmann sjølv regisserte, også spelt inn i Studio B.

Regissør Liv Ullmann mellom skuespillerne Bjørn Skagestad og Elisabeth Matheson under innspilling av Kristin Lavransdatter i 1994.

Liv Ullmann på settet av Kristin Lavransdatter, saman med skodespelarar Bjørn Skagestad og Elisabeth Matheson

Foto: Jon Eeg / NTB

Filmikonet har mange gode minne frå livet på sett i Filmparken.

– Det er den første heimen min, frå eg var 17 år og ung frukt, seier Ullmann.

– Ho stod i bresjen

Derfor har ho også kjempa for Filmparken på Jar.

– Norsk film er utruleg viktig og staten må hugse på at kunst er spesielt viktig i desse dagar, at vi lærer kven vi er og kvifor vi er, seier Ullmann.

Næringsparken har tidlegare slite økonomisk og vore trua av nedlegging.

– Ho stod veldig i bresjen da det var snakk om at vi skulle legge ned for nokre år sidan, seier styreleiar Tove Bjørnov.

En lyshåret kvinne i kjole.

Foto: Privat

Staten er den største eigaren av Filmparken, men også Petter Stordalen og Kjell Inge Røkke er nå på eigarsida.

– Det er veldig hyggeleg å kunne heidre Liv Ullmann som har betydd så mykje for Filmparken. Det er ei stor glede å gi henne denne æresutmerkinga, seier Bjørnov.

Publisert 04.09.2025, kl. 18.58 Oppdatert 04.09.2025, kl. 19.18

Read Entire Article