– Legg du skulda over på barna dine?

1 month ago 20



«Dumt», «teit» og «heilt blåst i hovudet».

Slik omtala faren i 50-åra dei mistenkelege søkeorda han brukte på diverse pornografiske nettsider i 2019, 2020 og 2021.

Medaktor Inger-Lise Høyland ramsa opp for retten.

– «Incest + teen», «lolita», «age + 14», «pedophiles». Kva var du ute etter?

– Det er jo mindreårige eg søker etter då, svara mannen.

Ei av dei verste sakene

Det er likevel langt frå det mest alvorlege trebarnsfaren må svare for i saka som denne hausten går for Gulating lagmannsrett i Bergen

I vinter vart han dømd til 21 års forvaring for grove valdtekter mot sine to yngste barn. Også ektefellen hans og deira eldste son skal ha delteke i dei omfattande overgrepa over fleire år.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
DOMMEN: Dette er dei tiltalte og dommen dei fekk i Hordaland tingrett i vinter. Foto: Grafikk: Helge Birk Knudsen / TV 2

Hordaland tingrett fann ikkje samanliknbare overgrepssaker i nyare tid i Norge då dei skulle utmåle straffene.

– Hadde eg budd heime eitt halvt år til, hadde eg ikkje overlevd. Det hadde ikkje gått, sa den no 17 år gamle sonen i eit heilt ferskt tilrettelagd avhøyr i førre veke.

– Dei snakkar ikkje sant

Barna har skildra valdtekter medan dei var aleine med ein av foreldra og overgrep der heile familien involvert. 

«Ti år av livet kasta bort på sex og overgrep», står det i notatboka til det yngste barnet som i dag er 13 år.

– Det er heilt ufatteleg. Eg har aldri gjort overgrep mot barna mine. Dei snakkar ikkje sant, svarar mannen i lagmannsretten.

Barna må ha blitt påverka, eller har fått falske minner gjennom samtaler med barnevernet, meiner både han og dei medtiltalte.

Det inkluderer ein nabo av familien, som har anka dommen han fekk for valdtekter av foreldreparet si dotter og sin eigen son.

Saken oppsummert

Ankeforhandlingane etter overgrepssaka i Ullensvang pågår i Gulating lagmannsrett denne hausten.

Eitt foreldrepar og deira eldste son vart i tingretten dømde for valdtekter av dei to yngste barna i familien. Tingretten meinte foreldra etablerte eit regime der overgrep var kvardagen.

Nabomannen til familien vart også dømd for valdtekter av nabojenta og sin eigen son. Retten meinte han opptredde som om han var forelska i jenta og utnytta hennar sårbarheit.

Alle nektar straffskuld. Lagmannsretten har oppnemnd ein vitnepsykolog som sakkunnig, som skal vurdere samtalane barna har hatt med barnevernstilsette.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.

Nye overgrepssøk etter soning

I 2018 vart trebarnsfaren dømd til 1,5 års fengsel for å ha lasta ned tusenvis av overgrepsbilete og videoar av barn.

På nettet var han «Blondpus», chatta med andre om overgrep mot barn og delte overgrepsmateriale. Det er skildra som både «ekstremt» og «svært grovt». 

– Eg søkte og trykka på lenker. Klikka meg inn. Det var alt mogleg, frå små barn til store barn. Eg gjorde kva som helst for å få bilete.

Mannen forklarte at han gjorde det for å rømme frå sitt verkelege liv der gjeldsproblema hadde hopa seg opp. 

Men poenget til påtalemakta er at mannen berre tre dagar etter ferdigsoning av denne dommen heldt fram med å søke etter overgrepsmateriale.

Og så flytta han inn igjen i huset til kvinna og dei to yngste barna.

Stilt kraftig til veggs

Lagdommar Carl Petter Martinsen braut inn då aktor Høyland grilla «Blondpus» for dei nye overgrepssøka.

I retten poengterte mannen at også barna brukte telefonen hans. I ei ordveksling vart lagdommaren stadig meir bestemt.

– Du lar det henge i lufta at det kan vere andre enn deg som har søkt på dette, sjølv om det er funne på din telefon. Legg du skulda over på barna dine?, kravde Martinsen svar på.

– Nei, nei. Det er nok eg som har gjort dette.

 Robert Reinlund / TV 2
MARATONSAK: Rettsaka skal gå for Gulating lagmannsrett heilt fram til desember. No har dei tiltalte starta på forklaringane sine. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Den andre lagdommaren ville så ha ei forklaring på kvifor mannen har søkt på «incest».

– Eg har ingen spesiell forklaring på det. Eg har hatt mange dumme søk, var svaret.

– Riv, ruskande gale

Utspørjinga av trebarnsfaren denne veka har vore svært omfattande. 

Han har måtta svara for fleire funn av sæden hans i senga til dottera og kvifor sonen måtte stå opp nesten tre timar før skulestart og dusje.

I avhøyr seier sonen at han fleire gonger vart valdteken i dusjen.

Forsvarar: – Nokon i familien kan vera skuldig

Tingrettsdommen omtalar det som ein «del av morgenrutinen» til faren. Etter å ha brukt natta på å sjå overgrepsmateriale har han «avsluttet med å voldta sin sønn i dusjen», konkluderer dei.

– Det er riv, ruskande gale. Eg har berre spylt han om han brukte for lang tid i dusjen, slik at eg ikkje kom for seint på jobb.

Onanerte i dottera si seng med hennar sokk

Trebarnsfaren vedgjekk at han fleire gonger har onanert i senga til dottera. Det skjedde dei gongane dottera kom inn i senga til foreldra om ho hadde mareritt, hevda han.

– Då var det dårleg plass i vår seng, så eg la meg i den tomme senga på hennar rom. 

Der innrømmer han å ha onanert inn i anten sin eigen sokk, eller sokkane til dottera, for å unngå søl. Trass dette, og søkehistorikken hans på nettet, nektar han for at han tenner seksuelt på barn.

Sokkane kasta han anten til vask eller i søppelbøtta. Han ville ikkje at sambuaren skulle finne ut av det.

– Difor, om det var heilt tomt i søppelbøtta, kunne eg kaste sokkane på toppen av kjøkkenskapa, der ingen fekk tak i det.

Storebroren meiner faren er pedofil

Ingen mistanke om naboen

Han er også blitt konfrontert med den «enorme» kontakten dottera hadde med nabomannen, som er dømd for å ha valdteke ho.

– Eg har eit stort håp om at det ikkje er sant.

Igjen tok lagdommar Martinsen ordet under utspørjinga til medaktor Høyland. 

Retten har nemleg fått vist fleire bilete som naboen har tatt av dottera då ho var på overnattingsbesøk hjå den jamgamle sonen. På eitt av bileta kan det sjå ut som jenta ikkje har truse på.

Lagdommaren vil vite kva faren synest om bileta.

– Eg reagerer jo. Det er unormalt å ha eit anna barn på besøk hos seg og så la ho sove naken. Eg meiner ho kan ha blitt utsett for overgrep, svarte han.

I tingretten sa nabomannen at han hadde som rutine å sende bilete av at jenta hadde sovna på overnattingsbesøk. Dei sende han til jenta si mor. 

Også nabomannen nektar straffskuld. Han peikar tilbake på den medtiltalte familien og seier at jenta kan ha spegla overgrep ho har opplevd heime over på han.

Read Entire Article