Kva med lovnadene om ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom?

5 hours ago 5



ELDREOMSORG: I 2024 hadde norske kommunar eit samla underskot på 2,6 milliardar kroner, størstedelen av dette til helse- og omsorgstenester.

Eldreomsorga står for ca fjerdeparten av kommunane sine nettoutgifter. Foto: Kristian Jacobsen
  • Torleiv Robberstad

    Torleiv Robberstad

    Pensjonert helse- og sosialsjef i Sandnes

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Velferdssamfunnet vårt er eit av dei beste i verda, og det er kommunen som ber store deler av det på ryggen sin. Tre fjerdedelar av kommunane sine nettoutgifter går til omsorgstenester, grunnskular eller barnehagar. Det aller meste av dette er lønnsutgifter til folk i faste stillingar, finansierte av skatt og statlege overføringar til kommunane.

Desse velferdstenestene gjer at me kan ha så stor del av folket i lønna arbeid. Dei er del av ein samfunnskontrakt, som me skal kunne lite på.

Eldreomsorga står for ca fjerdeparten av kommunane sine nettoutgifter, og går stort sett til oss over 80 år. I Sandnes fekk 40 prosent av denne aldersgruppa omsorgstenester i 2017, men bare 30 prosent i 2024, - nest lågast av dei 11 største kommunane. Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser den same tendensen for heile kommunesektoren: lista for å få hjelp ligg stadig høgare, for 80-åringane er ikkje blitt så mykje sprekare dei siste åtte åra!

I vår har Aftenbladet synleggjort mange tilfelle der eldre ikkje får god nok hjelp, og personalet fortel at dei må springe stadig fortare. Det er viktig å ha Statsforvaltaren til å akte på kommunal praktisering av lovfesta minstekrav, også når det blir for stort sprik mellom pasientrettar og lokal tenesteyting.

Politisk blir det varsla magrare økonomiske tider. Forsvaret må byggast opp att, og det er snakk om mange milliardar i subsidiar til «det grøne skiftet». Valgflesk om 50 milliardar mindre i skatt ligg i løypa, i lag med ønskje om å få utgreidd retten til assistert sjølvdrap. Alt dette krev prioriteringar, - som er å sortere i Må ha, Bør ha og Kjekt å ha.

Kva kan så Sandnes vente seg om åtte år? SSB spår at då blir her 6 prosent færre under seks år enn i dag, og 12 prosent færre i grunnskulealder. Men det blir 50 prosent fleire over 80 år (mot 45 prosent i Stavanger). Dette krev omfordeling av ressursar, med solidaritet som basis.

Kva med lovnadene i Verdigheitsforskrifta frå 2010, om ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom?

Publisert:

Publisert: 14. juli 2025 09:38

Read Entire Article