Knut Solvig
Studentleiar i Stavanger
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Kommunedirektøren i Stavanger kommune har nyleg lagt fram handlings- og økonomiplanen for 2026–2029 (HØP). Ho viser få teikn til eit ønske om å ta vare på studentane som ein viktig aktør i kommunen.
Ordet «student» står heile seks gonger i løpet av dei 231 sidene planen består av. Det synest eg er hårreisande. Studentutvalet er eit politisk utval som blei sett ned i 2023 og som blei svært godt motteke. No blir det foreslått å leggje ned studentutvalet frå 2027. Slik skaper ein ikkje meir medverknad frå studentane i byen.
Utvalet har skapt gode debattar og opna for dialog på tvers! Studentar blir ofte ikkje høyrde i dei viktige prosessane som skjer både på lokalt og nasjonalt nivå. No viser kommunedirektøren at det stemmer no òg. Eg er ikkje redd for å seie mi meining i denne saka, men eg er uroa over at studentar frå andre utdanningsinstitusjonar i byen vår, som ikkje arbeider fulltid med studentpolitikk, faktisk ikkje blir høyrde om studentutvalet blir lagt ned.
Det er ein viktig arena for meg som studentleiar ved den største institusjonen i Stavanger. Eg må vite kva som rører seg ved dei andre utdanningsinstitusjonane for å handle til det beste for studentane i heile Stavanger. Korleis skal Stavanger bli ein levande studentby om me ikkje har eit politisk utval der ønskja og håpa våre kan bli høyrde?
Eg, på vegner av studentane i Stavanger, forventar at politikarane i Stavanger kommune går saman og stoppar denne nedlegginga. Ikkje legg ned studentutvalet – om noko skal kuttast, kan ein heller sjå på utgiftene knytte til møteverksemda. Det viktigaste er å ha ein møteplass for studentane i Stavanger som ein del av den politiske kvardagen. Me treng meir dialog mellom utdanningsinstitusjonane i Stavanger – ikkje mindre.
Publisert:
Publisert: 1. november 2025 13:43

4 hours ago
2
















English (US) ·