Kraftige reaksjonar etter at student blei kasta ut av landet: – Stivna byrå­kratisk dusteri

3 weeks ago 12



Førre veke skreiv NRK om 22 år gamle Juliana Mattson frå USA som blei henta av politiet på eit småbruk i Innlandet og sendt ut frå landet.

Årsaka til utvisinga var at Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner at Mattson hadde tatt seg arbeid på garden.

Dette sjølv om Mattson var på garden fordi ho deltok i eit kulturutvekslingsprogram i regi av organisasjonen Worldwide Opportunities on Organic Farms (WWOOF).

Dette reagerer stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre sterkt på.

– Dette er håplaust. Vi kan ikkje ha det slik at Noreg kastar ut folk som deltar i eit seriøst internasjonal utvekslingsordning for å lære om jordbruk, seier Bjørlo til NRK.

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Venstre

Alfred Bjørlo (V) håpar at regjeringa tar grep slik at ikkje liknande hendingar gjentar seg.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Spørsmål til justisministeren

– Meiner statsråden at deltaking på denne type utvekslingsprogram i Noreg, som einaste land i Europa, skal sidestillast med arbeidsinnvandring slik at folk risikerer å bli arresterte og utvist frå Schengen?

Dette skriv Bjørlo i eit brev til justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) datert den 9. september.

Spørsmålet frå stortingsrepresentanten er no til behandling i Justisdepartementet.

Alfred Bjørlo tviler sterkt på at lovverket faktisk set ein stoppar for aktiviteten WWOOF tilbyr.

– Det første vi vil spørje regjeringa om er om dette kjem av ei sperre i lovverket, eller om dette handlar om korleis lova blir handheva av UDI. Dersom denne hendinga kjem av feiltolking av lovverket frå UDI si side, forventar eg at regjeringa tar dette opp med UDI, seier han.

For opphaldet var ikkje meint som arbeid, verken frå Mattson, eller frå vertane på det økologiske hobbybruket i Eidskog si side. Der på garden har dei tatt i mot wwoofarar i over ti år.

økogard

Åklangenga er eit økologisk hobbybruk som dyrkar grønsaker og held sau til eige bruk. Rundt eit titals ungdommar vitjar garden kvart år for å lære om økologisk jordbruk.

Foto: Arne Sørenes / NRK
økogard

Toni Poleo er førsteamanuensis innan økologi, landbruksfag og bioteknologi ved Høgskolen i Innlandet. På garden viser han og kona fram sirkulært landbruk i praksis til ungdommar frå heile verda.

Foto: Arne Sørenes / NRK
økogard

Gammalnorsk spælsau stammer frå den gammalnorske sauen som er opphavet til dagens spælsauraser. På Åklangenga er sauen viktig for gardsdrifta.

Foto: Arne Sørenes / NRK
økogard

André Lemee frå Normandie er også på Åklangenga gjennom WWOOF. Men sidan han kjem frå EU-landet Frankrike kan han vere på garden så lenge han vil.

økogard

Julia Hurter er oppvaksen i USA, men har også norsk statsborgarskap. Ho var to veker på Åklangenga i mai gjennom WWOOF, og er no tilbake på eige initiativ.

Planen var at Mattson skulle vere på garden i to veker.

– Det eg gjorde var berre å hjelpe litt til mot kost og losji, sa Mattson til NRK like etter utkastinga i august.

– Det var del av ei praktisk opplæring i berekraftig landbruk. Det var ikkje arbeid, eg var der for å lære, sa ho da.

For ifølge WWOOFS retningslinjer skal det ikkje finnast noka form for lønnsutbetaling i samband med slike opphald.

Likevel blir opphaldet på garden altså definert som eit arbeidsforhold av UDI.

I vedtaket om utkasting viser UDI blant anna til paragraf 55 i utlendingsloven der det heiter at ein utlending som skal arbeide i Noreg må ha opphaldsløyve som gir rett til å ta arbeid.

Dersom lovverket tilseier at denne praksisen er ulovleg meiner Bjørlo at det bør bli gjort endringar i lovverket.

– Det må gå an å finne ein grenseoppgang slik at vi gjer unntak for denne typen verksemd, utan å tillate ulovleg arbeidsinnvandring, seier stortingsrepresentanten.

Kva synest du om utkastinga av Juliana Mattson?

– Urimelege konsekvensar

Heller ikkje stortingsrepresentant for Mijøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, er særleg imponert over måten UDI praktiserer lovverket på i denne saka.

– Kor i alle dagar er folkevitet i UDI? Dette er stivna byråkratisk dusteri med heilt urimelege konsekvensar, skriv han til NRK.

Rasmus Hansson stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson i MDG.

Rasmus Hansson (MDG) meiner at utkastinga er eit resultat av utdatert byråkrati.

Foto: Annika Byrde / NTB

Hansson er tydeleg på kvifor han meiner dette.

– Det Juliana Mattson skulle gjere i Noreg er jo hundre prosent positivt. Ho er jo berre ein fin bidragsytar til norsk landbruk som verken plager staten eller folket i Noreg. Det er temmeleg håplaust at UDI da bøtter ut offentlege ressursar på å jage henne ut av landet, meiner MDG-politikaren.

NRK har vore i kontakt Justisdepartementet for å kunne intervjue justisminister Emilie Enger Mehl om denne saka. Ministeren svarer via kommunikasjonsavdelinga si at ho ikkje kan svare før ho har svart på Alfred Bjørlo sitt spørsmål i Stortinget.

ny juliana i usa

TILBAKE I USA: Juliana Mattson er no heime hos mora og katten hennar i Rhode Island i USA. Ho er framleis skuffa over det som skjedde i Noreg. Mattson fortel at ho truleg kjem til å reise ut på nytt med WWOOF ein annan gong. Men ikkje til Noreg.

Foto: NRK

Publisert 12.09.2024, kl. 14.13

Read Entire Article