Kjempesmell etter innføring av Helseplattforma

3 weeks ago 7



Det har kosta dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal dyrt å innføre Helseplattforma i april. Alle dei tilsette har vore på kurs og det har blitt leigd inn ekstra vikarar for å sikre forsvarleg drift. I tillegg har ein tapt pengar fordi ein har behandla langt færre pasientar enn venta.

No viser utrekningar at innføringa har ein prislapp på nærare 350 milionar kroner.

Hard kritikk

Helseplattforma er eit felles journalsystem for helsetenesta i Midt-Noreg, men innføringa har fått hard kritikk. Innføringa skapte store problem for St Olavs hospital i 2023.

Då styret i Helse Midt-Norge i desember i fjor vedtok at Helseplattforma skulle innførast ved dei fire sjukehusa i Møre og Romdal, var det stikk i strid med det direktøren i Helse Møre og Romsdal ville.

Olav Lødemel og resten av styret i Helse Møre og Romsdal meinte først det ville vere for risikabelt for pasientar og tilsette å ta i bruk det nye journalsystemet i april 2024. Etter fleire runder bestemte leiinga og styret seg likevel for å innføre Helseplattforma. Det skjedde trass sterke protestar frå legane i Møre og Romsdal.

Før sommaren varsla administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, kraftige omstillingar til hausten. Han uttalte at innføringa av Helseplattforma har vore svært krevande for dei tilsette.

Helseplattformen Innført Helse Møre og Romsdal

Helseplattforma vart innført i april. Her sit sjukehusleiinga i kommandosentralen som overvaka innføringa.

Foto: Remi Sagen / NRK

Underskot

Helse Møre og Romsdal hadde eit meirforbuk i august på 39,4 millionar kroner i forhold til resultatkrava. Det går fram av ein rapport til styremøtet onsdag i neste veke.

Meirforbruket er i stor grad knytt til innføringa av Helseplattforma, skriv administrasjonen i rapporten. Berre på overtid er det brukt 73 millionar kroner meir enn på same tid i fjor.

Samla er det estimert at dei økonomiske konsekvensane av innføringa av Helseplattforma er i underkant av 350 millionar.

NRK har vore i kontakt med Helse Møre og Romsdal. Administrerande direktør Olav Lødemel har ikkje høve til å kommentere saka.

Bekymra tillitsvalde

Helseføretaket styrer mot eit meirforbuk på ein halv milliard kroner i 2024.

For at prognosen ikkje skal forverrast ytterlegare må ein lukkast med omstilling slik at Helse Møre og Romsdal held budsjettet resten av året, skriv administrasjonen.

I juli blei det kjent at norske helseforetak brukte 1,3 milliardar kroner på konsulentar i 2023. Nesten ein halv milliard har gått til Helseplattforma.

Tillitsvalde har uttrykt bekymring for pasienttryggleiken på grunn av innføringa av journalsystemet.

Føretakstillitsvald Igor Jokic har stadig prøvd å få svar frå styret på kor mykje innføringa av Helseplattforma ville koste, men meiner han aldri har fått konkrete tal. Han er ikkje overraska over dei enorme kostnadene.

– Dette har vi åtvara om i lang tid. Vi har forsøkt å formidle dette, men det har vore formidla for døve ører, seier Jokic. Han meiner det er pasientane i Møre og Romsdal som kjem til å tape på dette når det kjem kuttforslag.

Igor Jokic, foretakstillitsvalgt for overlegene i Helse Møre og Romsdal

Igor Jokic er føretakstillitsvald i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Overstyrt av Helse Midt

Allereie no er det kjent at tilbodet for pasientar som treng brystkirurgi står i fare fordi legar har slutta etter innføringa av journalsystemet.

– Det som er veldig oppsiktsvekkende er at Helse Midt overstyrte alt av råd og ønsker fra Helse Møre og Romsdal, inkludert eit styrevedtak. Og no, i ettertid, seier dei frå seg alt ansvar og krever at vi skal komme i gang så fort som mulig med innsparingstiltak, seier Jokic.

I styredokumenta til Helse Midt-Noreg kjem det fram at dei forventar at Møre og Romsdal løyser dei økonomiske vanskane sjølve.

Publisert 13.09.2024, kl. 12.32

Read Entire Article