Karianne var i overgangsalder: – Trudde eg hadde Alzheimer

1 month ago 27



I 40-åra begynte Karianne Bertine Bråthen å gløyme meir.

Diffuse symptom kom, og ho fekk hetetokter her og der.

– I fjor vår så tenkte eg: Herregud, er eg begynt å få Alzheimer?

Bråthen er tidlegare ordførar for Øksnes i Nordland, og sat på dette tidspunktet hos Stortinget for Arbeidarpartiet.

Ein engasjert politikar med barn, mann og 12 timar pendling i veka.

Ho var eigentleg godt førebudd til kva som kunne skje ved overgangsalderen. Men då det inntrefte, kjente ho ikkje igjen symptoma likevel.

Karianne Bertine Bråthen, til sak om overgangsalder

Karianne har funne ut kva som fungerer for ho. No vil ho hjelpe andre kvinner med å forstå overgangsalderen betre.

Foto: Privat

Blødde gjennom i sjefsstolen

Spesielt éin episode har brunne seg fast i hukommelsen: Bråthen var ordførar og leia eit formannskapsmøte.

– Så kjente eg at: Oi, no held eg på å blø ut alt. Eg torde jo nesten ikkje å reise meg frå stolen, og måtte berre gjennomføre.

For det kan vere eit symptom for fleire kvinner, at ein får store blødningar når ein kjem i overgangsalderen.

Om det var i dag, ville ho ha spurt om ein pause. Men fokuset hennar var på om ho torde å reise seg i det heile tatt.

– Det var veldig ubehageleg.

Etter kvart begynte ho å bruke humor i situasjonane for ikkje å bli vippa av pinnen.

Før ein havbruksdebatt i Lofoten i juni i fjor, kjente Bråthen at ho var sliten. Men denne debatten måtte ho på uansett.

Karianne Bertine Bråthen, til sak om overgangsalder

Karianne Bråthen i dialog med Jan Christian Vestre (Ap), noverande helseminister.

Foto: Privat

– Då måtte eg seie til mannlege meddebattantar at eg må ha denne boka her, for eg er begynt å gløyme slik. «Så de får ikkje lov til å ta meg på det i debatten, at eg ikkje hugsar ord!»

No er ho oppteken av korleis kvinner kan takle stresset rundt overgangsalderen betre. Difor har ho utvikla kurs for å lære kvinner meir om seg sjølv og held føredrag.

«Menopauselegen»: – Langt meir enn heitetokter

Merethe Kumle kan stadfeste at det er mange kvinner som treng hjelp med overgangsalderen. Ho er utdanna lege og epidemiolog.

Det gjeld både hennar private klinikk, og dei som held på med det same i Oslo.

– Dei aller, aller fleste kan få det veldig mykje betre, seier Kumle.

Ho starta firmaet «Menopauselegen» kor ho hjelper og informerer kvinner i overgangsalder, men også yngre kvinner som kjem med hormonutfordringar.

Merethe Kumle

– Men du kan seie at det er ikkje verre med det, enn at ein prøvar. Og har ein ikkje noko effekt, så sluttar ein, seier Kumle.

Foto: Privat

– Eg har pasientar som er godt over 70 år og har endå hetetokter så ofte at dei kvir seg til å gå i sosiale lag fordi dei sveittar så fælt.

Andre har gått frå å vere aktive, sosiale og omgjengelege til å bli redd for alt, og kjenner ikkje seg sjølv igjen.

Sjukemeldingstala er høge for kvinner med muskel- og skjelettplager, ofte i samanheng med overgangsalderen, seier Kumle.

I overgansalderen sluttar eggstokkane å produsere østrogen og progesteron og etterkvart også testosteron.

Kvinnene som kjem til Kumle, får rettleiing i bruk av hormonar som østrogen og progesteron. I tillegg snakkar dei mykje om livsstil.

– Det er godt dokumentert at ein kombinasjon av HRT, kosthald og fysisk aktivitet hjelper på plagene, seier ho og legg til:

– Vektoppgang er eit problem i overgangsalder og for mange gjer hormonbehandlingane at dei klarar å gjere endringar i livsstil som bidrar til betre helse.

Og det er med god grunn at mange blir forvirra over eigen kropp. For i overgangsalderen kan ein oppleve over 30 ulike, ofte diffuse, symptom.

Eit mantra hos menopauselegen er derfor: Overgangsalderen er ikkje berre heitetokter.

Kumle fortel at det har skjedd mykje i fagfeltet dei siste åra.

– Eg trur det kjem til å skje veldig mykje. Og eg er veldig optimist.

Oversåg fleire positive funn

Bruken av hormonbehandling har vore omdiskutert.

Mykje på grunn av resultata som blei publisert i Women's Health Initiative i 2002, som tilsa at hormonbehandlinga var farleg, og gav auka risiko for brystkreft og blodpropp.

Salet stupte til botn og sidan har det vore ein generell skepsis til bruken.

Men i ettertid har det kome meir forsking, og kritiske innvendingar på studien som blei gjort.

Women's Health Initiative har også endra sine standpunkt og funne nokre feil.

Helena Enger er spesialist i kvinnehelse og fødselssjukdomar og jobbar hos Volvat. Ho har god kjennskap til WHI-studien og reanalyseringa av funna.

For allereie i 20002, når dei gjekk ut med informasjon om at kvinner som går på hormonterapi får blodpropp og brystkreft, så kunne sei ha sett at dette ikkje gjaldt for dei yngste kvinnene.

– Altså kvinnene som var under 60 år eller som hadde begynt med hormonterapi innan ti år frå eigen overgangsalder, seier Enger.

Helena Enger

Helena Enger har skrive den kjente boka "Hetetokter og kalde fakta" og er ein av landets fremste ekspertar på overgangsalder og kvinnesjukdomar.

Foto: Privat

– Så det som dei skremde oss med i 2002 var jo då funn på oppstart av hormonterapi hos kvinner mellom 60 og 79 år. Det er ei gruppe pasientar kor ein aldri ville ha starta hormonterapi i dag, fordi ein har skjønt i ettertid at det finst eit «window of opportunity».

Ein oversåg dei positive verknadene som terapien hadde på dei yngre kvinnene, ifølge ho.

Ifølge funna, så kan behandlinga førebygge fleire ting dersom ein startar på riktig tid. Blant anna:

  • Åreforkalking, hjarte/kar-sjukdom, beinskjørheit
  • Kreft i tjukktarmen, diabetes, demens og leddplager

– Det er særs stor einigheit om dette internasjonalt blant gynekologar, seier Enger.

Vil bruke det til ein fordel

Karianne B. Bråten er no brennande opptatt av å hjelpe andre kvinner med å forstå overgangsalderen betre. For det går an, også utan hormonbehandling.

– Vi tenker ikkje over at syklusen påverkar vala vi tar og korleis vi ser oss sjølv og andre på, altså det påverkar oss i kvardagen.

Karianne Bertine Bråthen, til sak om overgangsalder

Karianne Bertine Bråthen held mange føredrag om overgangsalderen.

Foto: Privat

Ho kallar det ein stille kamp for kvar kvinne.

– Du ber på det i det stille, kjem til legen med diffuse symptom, og trur at det er deg det er noko gale med.

Det «presset» vil ho få løfta av skuldrene til kvar enkelt kvinne.

– Vi blir færre folk til å utføre dei arbeidsgåvene vi treng. Då treng vi at kvinner står lenger i jobb og ikkje blir sjukemeldt og utbrent. Det skjer stort sett etter fylte 45.

Difor vil ho ha eit auka fokus og fleire tiltak for kvinner i overgangsalder.

Ønsker meir tilrettelegging

Av moglege tiltak foreslår Bråthen å utvikle pilotar som testar ut samarbeid med bedriftshelsetenester og organisasjonar.

– For det som skjer er jo at kvinner går til legen og så blir dei sjukemelde eller utbrente.

Til dømes vil samtalar med kvinner og leiinga i bedriftene hjelpe for å i større grad kunne legge til rette.

Bråthen samanliknar det med fokuset som mange bedrifter har på å legge til rette for mangfald.

– Dette er jo eigentleg ein del av det. Nokre har store problem i overgangsalder, og at det ikkje nødvendigvis er ein sjukdom, men at vi må begynne å snakke om det og kurse kvarandre.

Gynekolog Helena Enger meiner at arbeidsgivar også kan bidra til å lette byrda.

For eksempel ved å legge til rette med fleksibel arbeidstid, heimekontor og moglegheita til å trekke seg tilbake frå eit ope kontorlandskap.

– Arbeidsgivar kan også informere om overgangsalder på selskapet sine sider, og informere om kva som finnast av moglegheiter dersom ein har plagar, slik at det blir eit positivt fokus rundt dette. Samtidig så er det ikkje alle som blir plaga, så ein skal ikkje stigmatisere.

Publisert 27.08.2024, kl. 14.10

Read Entire Article