Full krangel om «spøkelsesjernbane»

2 hours ago 3



Persontrafikken på den tradisjonsrike Valdresbanen vart avslutta i 1988.

Nå ligg lange strekningar att som ein «spøkelsesjernbane».

Den er overgrodd med ugras, gamle tunnelar og skjenegang som går i oppløysing.

Ordførarane i dei fem kommunane langs traseen kjem med hard kritikk mot Bane Nor.

Dei slit med å bli kvitt banen.

Gjengrodd spor på Valdresbanen

Valdresbanen var ein sidebane til Gjøvikbanen, og gjekk mellom Eina på Toten til Fagernes i Valdres, ei strekke på om lag 10 mil.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Hadde dette vore ein privat aktør, så hadde styresmaktene stilt krav om opprydding ganske fort, seier ordførar Ola Tore Dokken (Sp) i Nordre Land kommune.

– Her har staten sjølv drive med aktivitet, og legg ned og forsvinn på denne måten. Det synest eg er kritikkverdig.

Vil fjerne skjenegangen

I juni i år presenterte dei fem kommunane eit forprosjekt. Her var det stor iver for å bryte opp skjenegangen og lage ein regional sykkelsti eller turveg.

Men nå er det svært dårleg stemning.

Det er ikkje klart kven som skal betale for kva, og Bane Nor og kommunane har kvar sin versjon av kvifor samarbeidet ikkje går på skjener.

Samstundes ligg jernbanen der og rustar.

Valdresbanen ved Etna stasjon

Like ved Etna stasjon er skjenegangen i oppløysing.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Jernbanesaka som spora av

Forprosjektet kom med knusande kritikk mot Bane Nor si rolle. Prosjektet meiner at etaten motarbeider forsøka på ein fornuftig etterbruk.

I rapporten står det at etaten nektar å betale for fjerning av kreosothaldige sviller, som må leverast ved godkjent avfallsmottak.

Eit tog køyrer på Valdresbanen ved Bjørgo i Nord-Aurdal i 1962.

NRK Innlandet sit derimot på ei e-post-utveksling frå 2021, der Bane Nor lovar det motsette.

«Når/viss den dagen kjem der dette blir aktuelt, vil sviller og stolpar med kreosot blir handterte som spesialavfall og leverte til godkjente mottak. Bane Nor vil dekke dei utgiftene som er knytt til dette arbeidet» skreiv kommunikasjonsrådgivar Simen Slette Sunde 12. mars 2021 til NRK.

Direktør for jernbaneeigedom i Bane Nor, Morten Stray Floberghagen, seier at han vedstår seg innhaldet i denne e-posten også i dag.

Morten Stray Floberghagen

Morten Stray Floberghagen, direktør for jernbaneeigedom i Bane Nor.

Foto: Bane Nor

Korleis kan det henge saman?

Viss vi skal fjerne sviller og skjener nå, utan at vi veit om det blir turveg, så risikerer vi å gjere eit dyrt og unødvendig naturinngrep. I alle fall er det unødvendig fordyrande viss kommunen i staden vel (eller kan velje) å gruse oppå svillene i staden, seier han.

– Fem samde kommunestyrevedtak

Ordføraren i Nordre Land stiller seg heilt uforståande til denne kommentaren.

– Det ligg fem samde kommunestyrevedtak om saka. Alle er heilt krystallklare på at dei ønsker ein turveg til både sykling og fotturar, seier Dokken.

Ordfører i Nordre Land, Ola Tore Dokken (Sp) ved Dokka stasjon

Ordførar i Nordre Land, Ola Tore Dokken (Sp) ved Dokka stasjon.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Det er dei fem kommunane Nordre og Søndre Land, Nord- og Sør-Aurdal og Etnedal som er råka av saka.

Dei fire andre ordførarane er i hovudsak einige med Dokken.

Dei meiner alle at dette er statleg infrastruktur der staten må dekke kostnadene til demontering.

Valdresbanen ved Etna stasjon

Delar av Valdresbanen er nå heilt overgrodd.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Kommunane posisjonerer seg

Floberghagen avviser at det er Bane Nor som er bremsekloss.

– Vi vedstår oss vårt ansvar. Men vi vil ikkje auke vårt ansvar, viss det er det kommunane ønsker seg. Vi kan ikkje ta oss ansvar for å bygge opp ein turveg som vi elles ikkje måtte gjort.

– Her må det ha skjedd noko med kommunikasjonen med kommunane?

– Ja, det kan vere. Men eg tenker kommunane her posisjonerer seg også politisk, og det er dei veldig gode til. Så eg tenker det berre er eit teikn på godt engasjement.

Fryktar «lik i skapet»

Dei fem ordførarane er redde for kva ansvar dei kan få viss dei overtar eigarskapen til banen.

Dei meiner at det kan dukke opp «lik i skapet» om fleire tiår, der dei må betale for forureining som er dukka opp.

Langs den ti mil lange banen, ligg fleire tusen kreosothaldige sviller og anna skrot.

Valdresbanen ved Etna stasjon

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Miljødirektoratet har ikkje noko klart svar på kor skadeleg det er med avrenning frå desse no, over hundre år etter at svillene vart lagde der.

Generelt er det slik at mykje av kreosot-innhaldet i gamle sviller kan ein anta at allereie har lekka ut, seier seniorrådgivar Gunnhild Preus-Olsen.

Papirmølle i staten

Dei fem kommunane meiner dei har blitt offer for «sprikande statleg organisering av arbeidet med nedlagde jernbanar».

Kommunane er «små aktørar overfor ein stor organisasjon som Bane Nor», står det i forprosjektet.

Ola Tore Dokken seier at dei har «gitt opp» Bane Nor, og vil nå løfte saka opp på eit politisk nivå.

Ordfører i Nordre Land, Ola Tore Dokken (Sp) ved Dokka stasjon

Ordførar i Nordre Land, Ola Tore Dokken, kjempar for å bli kvitt Valdresbanen. Han har gitt opp Bane Nor, og vil ha samferdselsdepartementet på banen.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Floberghagen meiner derimot at dialogen kan fortsette.

– Forureiningslova har eit grunnleggande prinsipp om at «forureinar betaler», og det gjeld også oss.

– Vi ønsker framleis god dialog med kommunane for å finne den gode vegen vidare, seier han.

Publisert 09.10.2024, kl. 16.55

Read Entire Article